Bottom-up frå eit studentperspektivet

Eg meiner det er viktig å diskutere både korleis vi brukar engelsk i undervisinga, og kven av studentane som dreg nytte av bruken av engelsk, skriv stpendiatTrude Bukve i dette svarinnlegget til prodekan Svein Stølens innlegg om internasjonalisering.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Prodekan for forsking ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, spør i innlegget sitt i Khrono 1. september kvar skoen trykker i internasjonaliserings­arbeidet ved universitetet. Etter å ha forska på dette, utifrå eit språkleg perspektiv, så har eg nokre tankar om kvar skoen trykker – i alle fall for studentane sin del. Eg meiner det er viktig å diskutere både korleis vi brukar engelsk i undervisinga, og kven av studentane som dreg nytte av bruken av engelsk.

Dei siste to åra har eg jobba med eit nordisk prosjekt som omhandlar studentane sine haldningar til bruken av fyrstespråk og engelsk i utdanninga. I Norge deltok om lag 540 studentar. Dei representerte eit lite mangfald av ulike fagfelt ein kan finne på eit universitet: studentar frå juss, filosofi og naturvitskap.

Resultata syner at dei fleste studentar, uavhengig fagfelt, kjønn, alder, tidlegare fagbakgrunn og morsmål er positive til bruken av engelsk i undervisning, men likevel er dei ikkje udelt positive.

Stølen skriv at «alle masteremner undervises standard på engelsk (dersom en student ønsker det), og selv under bachelor-graden møter engelsk de aller fleste av våre kandidater allerede fra femte semester». Det eg finn i mi undersøking tyder på at det er viktig kva for engelsk forelesaren nyttar. Ein student kommenterte følgjande:

Forelesernes (som oftest har norsk som morsmål) muntlige engelskferdigheter er til tider så som så; dette går dessverre ut over utbytte av forelesningene.

Det er viktig å diskutere korleis vi brukar engelsk i undervisinga.

Trude Bukve

Ein anna student kommenterte at ”Jeg har hatt noen fag der forelesningene har vært på engelsk, men foreleser ikke har snakket bra engelsk. Jeg sluttet å gå på forelesningene siden jeg ikke fikk utbytte av det (…).

Uttale i seg sjølv er ikkje alltid det viktigaste, men at forelesingane kan verke mindre frie og at ein burde førebu seg betre når ein skulle ha forelesingar på engelsk blei også vektlagd.

Studentar kommenterte også at dei lærte godt ved å lese på engelsk, men at i forelesingssituasjonen var det ein stressfaktor å skulle spørje om noko på engelsk. Difor spurte ein ikkje om det ein lurte på i den forelesinga.

Eit fleirtal av studentane er trygge på sine eigne engelskferdigheiter, sjølv om ein kan sjå ein tendens til at ein er meir trygg på engelsken i situasjonar der ein sjølv ikkje må produsere engelsk. Med andre ord, studentar tykkjer at dei er betre i å høyre på og lese engelsk, enn å skulle snakke og skrive engelsk.

Sjølv om Norge ligg relativt høgt på EF English Proficiency Index (4. plass i 2015, bak Sverige, Nederland og Danmark) så syner dette til kvardagsspråket, ikkje den fagspråkelge bruken, som i seg sjølv kan vere abstrakt og til tider vanskeleg å få grep om.

Eit anna punkt som Svein Stølen tek opp i innlegget sitt, er utveksling, og gjerne målet om at fleire studentar skal reise på utveskling – ifølge han sjølv, helst til engelskspråklege land.

I undersøkinga som eg gjennomførte synte det seg å vere ein sterk samanheng mellom kor trygge studentane var på sine eigne engelskferdigheiter, altså kor høg grad av meistringstru dei hadde, og om dei planla å reise på utveksling. Det er blant dei som har høg meistringstru vi finn dei som har planar om å reise på utveksling.

Dette kan tyde på at dei som føler dei ikkje meistrar engelsk godt nok som fagspråk vegrar seg for å reise ut. Dersom dette er representativt for studentane, betyr det at studentar som absolutt vil ha stort utbytte, både fagleg og språkleg, av eit utanlandsoppald, sjølvselekterer seg ut fordi dei ikkje føler seg kompetente nok til å reise.

Det er altså ikkje mangel på ønske om internasjonalisering blant studentane, heller ikkje det å bruke engelsk. Eg meiner likevel det er viktig å sjå på måten språket blir brukt på. Stølen listar opp mange tal frå internasjonaliseringa av undervising og forsking.

Neste steg må vere å sjå nærare på bruken av engelsk bak desse tala, og korleis den kan fungere som døropnar for ny faginnsikt og studiemobilitet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS