Synnøve Myhre Foto: Dag Hellesund

Gjev meir makt til administrativt tilsette

Universitetsstyret ved Universitet i Bergen har vedteke å endra vektinga av stemmene ved rektor- og universitetsstyrevalet i 2017. Styret meiner fordelinga slik den er i dag er udemokratisk.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg er svært fornøgd med endringa. Men dei teknisk/administrativt tilsette sine stemmer burde vektast endå meir enn dette, seier styremedlem og administrasjonssjef for institutt for biologi, Synnøve Myhre, til På Høyden.

På universitetstyremøtet torsdag vedtok styret å endra vektinga av stemmer, og aukar vektinga av stemmene til dei teknisk/adminstrativt tilsette frå 16 til 24 prosent. Vekting til dei vitskapelege tilsette sine stemmer går ned frå 59 til 51 prosent. 

Vektinga av ulike grupper skriv seg frå den gamle styreforma ved universiteta, då det øvste organet var eit råd av kun professorar. Den gamle ordninga er delvis vidareført ved at stemmene til dei vitskapleg tilsettte alltid skal telje mellom 51 og 71 prosent ved rektorval. Andre tilsette og studentar får dermed langt mindre å seie i rektorvalet.  

Universitetsadministrasjonen hadde innstilt på same vekting som ved førre val, men Synnøve Myhre, fremma eit nytt forslag på møtet kor vektinga vart endra innanfor dei rammene Universitets- og høgskuleloven tillet. 

Bør endra loven

Men dei teknisk/ administrativt tilsette sine stemmer burde vektast endå meir enn dette.

Synnøve Myhre

Myhre meiner loven bør endrast, slik at fordelinga kan bli meir rettferdig. 

— Eg håper leiinga tar med seg signala dei har fått frå styret her i dag. Denne ordninga er utgått på dato. UiB har vore dårlegast i klassen i mange år. Eg trur ein lett hadde fått med seg dei andre universiteta på å få ei endring i loven. 

Vektinga må vedtakast i universitetsstyret i forkant av kvart val. Myhre håper også ein kan få den nye vektinga permanent inn i valreglementet ved UiB.

Stort fleirtal

Det var eit overvegande fleirtal som ønska den nye vektinga av stemmene. Berre rektor Dag Rune Olsen  og representanten for stipendiatar og postdoktorar, Line Marie Sørsdal, stemte for ei omarbeidd utgåve av administrasjonen sitt forslag Opprinneleg gjekk forslaget ut på å ha den same vektinga som for fire år sia, men dette blei endra til at vektinga skulle sendast tilbake for ein høyringsrunde. 

— Det var fint at dette blei tatt opp i universitetsstyret i dag, seier Kjersti Fløttum, som representerer dei vitskapleg tilsette i universitetsstyret.

Professorkollega Peter M. Haugan er einig, men er usikker på om universitets- og høgskulelova bør endrast på dette punktet.

— Eg har ikkje registrert nokon stor debatt om dette i fagmiljøa, seier Haugan. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS