Følg styremøtet for Høgskulen på Vestlandet direkte

Torsdag 22. desember er dag 2 av styremøtet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Fagleg plattform, profil og strategi er mellom sakene som skal behandlast.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Onsdag og torsdag denne uka er det interimstyremøtet for Høgskulen på vestlandet (HVL), og det siste før dei tre høgskulane blir slått saman til ein frå 01. januar, skriv På Høyden.

Møtet, som går over to dagar, finn stad på Campus Møllendalsveien ved Høgskolen i Bergen, og startar klokka 10.00.

Les også: Leiarkabal og fakultetinndeling neste på HVL 

Tilsetting av mellombelse prorektorar er eit av punkta på dagsorden. Rasmus Stokke (HiSF), Bjørg Kristin Selvik (HiB) og Liv Reidun Grimstvedt (HSH) er innstilt som prorektorar, noko styret mest truleg vil vedta på møtet i dag. 

Tre eller fire fakultet

Det er fleire høyringssaker som har vore ute, som styret no skal gje innspel på. 

Ei av sakene som skal opp er ei drøftingssak om leiing og fagleg organisering. Talet og namn på fakultet er ein del av dette, og skal endeleg vedtakast på neste styremøte i januar. 

Prosjektgruppa har fire førebelse forslag til fakultetinndeling, basert på kunnskapsområde eller profesjon.

Les meir: Her er prorektorane for den nye høgskulen

Profesjonsområdemodellen:

Alt. A:
Fakultet for ingeniør, teknologi- og samfunnsfag                        
Fakultet for helse og velferdsfag
Fakultet for lærarutdanning, idrett og kulturfag

Alt. B:
Fakultet for ingeniør, teknologi- og naturfag
Fakultet for læring og undervisningsfag
Fakultet for samfunnsfag
Fakultet for helse og velferdsfag

Kunnskapsområdemodellen: 

Alt. A:
Fakultet for teknologi og bærekraft
Fakultet for helse og velferd
Fakultet for læring og utdanning
Fakultet for samfunn og mangfald

Alt. B:
Fakultet for teknologi, samfunn og bærekraft
Fakultet for helse og velferd
Fakultet for danning og livslang læring

Her er ei oversikt over alle sakene skal behandlast onsdag og fredag: 

Sakspapira finn du her.

  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Orienteringssaker
  • Prosjekt fagleg plattform og profil
  • Prosjekt leiing og fagleg organisering
  • Forprosjekt digitalisering
  • Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
  • Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
  • Etablering av forskingsetisk utval
  • Organisering av læringsmiljøutval
  • Mellombels delegasjonsreglement
  • Mellombels organisering – prorektorfunksjonar 
  • Endeleg budsjett 2017
  • Forskrift for grada philosophiae doctor ved Høgskulen på Vestlandet, mandat og samansetnad av ph.d.-utval
  • Oppnemning av ph.d.-utval for ph.d.-studium i Computer Science: Software Engineering, Sensor Networks and Engineering Comp. Mellombels krise- og beredskapsplan
  • Oppnemning av medlemar til klagenemnda
  • Organisasjonsutviklingsprogrammet 2017
  • Studieportefølje for ny grunnskulelærarutdanning
  • Rekruttering av leiarar, nivå 1 og 2
  • Tilsettingsorgan
  • Tilsetting av studieprogramleiar GLU og studieleiarar (u. off. jf. offl. §25.1)
  • Fastsetjing av kopi- og læremiddelavgift
  • Eventuelt 
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS