aktivisme

— Bekymra for kven som blir rekruttert som forskarar

Fargelause forskarar er kanskje ein større fare enn fagfolk som vil lime seg fast for klima.

Frå venstre: Stine Agnete Sand, Reidun Kjelling Nybø, Stine Agnete Sand, Linda Haaland, Arne O. Holm
Forskarar og aktivisme var tema for Lytring. Frå venstre: Stine Agnete Sand, Reidun Kjelling Nybø, Kjersti Thorbjørnsrud, Linda Haaland og debattleiar Arne O. Holm, redaktør i High North News.
Publisert Oppdatert

Bodø (Khrono): Det er ein mogleg konklusjon på debatten som Lytring arrangerte i Stormen bibliotek i Bodø måndag.

Er det greitt å vere både forskar og aktivist? Kvar går i så fall grensene? Kan aktivistiske forskarar føre til at samfunnsdebatten i Noreg blir meir polarisert? Det var blant spørsmåla dei fire deltakarane i Lytring-panelet, alle kvinner, skulle ta stilling til.

Sjå opptak av debatten 

Forskaren i panelet som har intervjua og forska på forskarar, kunne melde at ho ikkje har funne ein einaste som berre forskar for eit politisk mål.

Fakta

Lytring

  • Debattarenaen Lytring er eigd av Nord universitet og Nordlandsforsking.
  • Lytring skal kople forskingsformidling med samfunnsdebatt og er retta mot folk flest. 
  • Lytring arrangerer debattar i Bodø, Levanger, Mo i Rana og Lofoten.

— Eg har ikkje møtt nokon som seier dei stemmer FrP eller Raudt eller SV, og som derfor framhevar sitt partisyn, sa Kjersti Thorbjørnsrud frå Institutt for samfunnsforskning.

Sjølv med ein rebell i panelet, var det relativt mild bris på scenen i Stormen.

Unntaket var eit innblikk frå forskinga knytt til det samiske, og innanfor urfolksforskinga, der frontane kan vere harde.

— Nokon skil hardare enn andre mellom vitskap og og det ein forskar på, og kva ein kan meine politisk. Andre har ikkje like klare skilje, sa Stine Agnete Sand frå UiT Noregs arktiske universitet.

— Seie det som det er

Aksjonismen i panelet var representert ved Linda Haaland, geolog ved NTNU – og aktiv i Science Rebellion, ei gruppe forskarar som tar i bruk sivil ulydnad for å skape handling i klimakampen.

— Når ein driv aktivisme, handlar det ofte om å drive aktivisme som er så nært ei sanning du kan kome, sa Haaland, med klar referanse til klimaforskinga.

Lytring er blitt ein viktig arena for Nord universitet og Nordlandsforskning.

Science Rebellion har mellom anna delt ut ein pris til aksjonisten som prøvde å lime seg fast i Munchs måleri «Skrik».

— Det er viktig å seie det som det er. Måten vi formidlar forsking på til fagfellar er ein måte som ikkje når fram til den generelle befolkninga. Vi har eit ansvar for å ta kunnskapen ut til folket, sa Haaland.

Dette var ikkje eit synspunkt Reidun Kjelling Nybø, leiar i Redaktørforeningen, hadde innvendingar til. I hennar eiga erfaring med forskarar var det ikkje aktivisme som hadde festa seg – heller ein tendens til å ri eigne kjepphestar.

— Eg opplever, eller mistenker, at dei mange gonger i diskusjonar at ein har bestemt seg for ei retning. Dei vektlegg ikkje det mest spennande funnet, fordi det ikkje stadfestar deira eiga verdisyn. Eg er bekymra for kven som blir rekruttert som forskarar. Der er ikkje eit veldig stort mangfald, meinte Nybø.

Ho meinte elles at media langt på veg har tatt eit oppgjer med falsk usemje, som har vore særleg aktuelt i formidlinga av klimaforsking: At journalistar har insistert på ei motstemme, også der forskingskonklusjonane er eintydige.

Samisk og sensitivt

Medieforskaren Stine Agnete Sand frå UiT arbeider i eit akademisk terreng der det er lett å trakke feil. Innanfor for forskinga på samiske emne og urfolksforsking er den aktivistiske dimensjon til tider sterk – men for enkelte kan rammene verke tronge.

— Det er eit uttrykk som heiter at ein samisk familie består av mor far og ein sosialantropolog. Det handlar om at forskinga heile tida har vore definert av folk utanfrå, og at samane i veldig liten grad har vore med å forme forskinga sjølv, sa ho.

Derfor, meinte ho, er det naturleg at det i dag blir fokusert på at samar sjølv skal ta plass i forskinga på sitt eige.

Men:

Problemet er at urfolksmetodologi har ein tendens til å ekskludere, når rommet for kven som kan forske ikkje har plass til dei som sjølv ikkje har urfolksbakgrunn.

— Det er mykje usikkerheit, kva er eigentleg lov? Dersom utgangspunktet skal vere at forskinga skal vere av og for urfolk, kan det bli vanskeleg å stille kritiske spørsmål.

Sand sa at det finst mange forskarar som ikkje ser seg som samiske, men som verkeleg har eit engasjement for det samiske – og som legg band på seg fordi dei er redde for å bli sett på ein som ikkje bryr seg, eller bli utdefinert.

— Dette er vanskeleg for mange, sa Sand og peikte på at UiT har nedfelt den samiske satsinga i strategien.

— Men mange er usikre. Det trengst ei form for opplæring og kurs, så vi kan komme vidare.

Fri og mindre fri

Kva forskarar skal kunne uttale seg om, heng nært saman med grensegangane mellom vitskap og aktivisme. Kjersti Thorbjørnsruds forsking viser at folk flest og forskarane ikkje har heilt same syn på saka.

Då eit representativt utval i befolkninga vart spurt, meinte 40 prosent at forskarar må vere heilt frie til å seie og uttale seg slik som dei vil. 40 prosent meiner det motsette – ikkje greitt. Forskarane svarer nokså eintydig at dei må vere fri til å seie det dei vil, om det det dei vil.

— Der ligg det ei spenning. Men der er eit stort fleirtal i befolkninga for at forskarar skal vere frie til å uttale seg om faglege spørsmål, fortalde Thorbjørnsrud.

Powered by Labrador CMS