ERC

Aldri før har så mange forskarar i Noreg fått dette prestisje­stipendet

Det europeiske forskingsrådet ERC har fordelt sine mest ettertrakta stipend for i år. 230 millionar går til åtte forskarar i Noreg.

Jill Walker Rettberg
Lite har gått feil i UiB-professor Jill Walker Rettbergs forskarkarriere dei siste åra. No har ho fått nesten 30 millionar friske kroner frå EU til å forske på narrativ i kunstig intelligens.
Publisert Oppdatert

Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og NTNU er gjengangarar på listene over dei som kaprar forskingsmidlar frå EU til Noreg. Dei har sine forskarar på lista også denne gongen. 

Fakta

Desse har fått ERC-stipendet

  • Hans Kristian Eriksen, UiO: Massively parallel joint end-to-end Bayesian analysis of past, present, and future CMB experiments 
  • Jane Reid, NTNU: Spatio-Seasonal Eco-Evolutionary Dynamics 
  • Kent-Andre Mardal, Simula: Brain fluids - Transport 
  •  Andreas Moxnes, UiO.: The Division of Labor in Production Networks 
  • Jill Walker Rettberg, UiB: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence 
  • Vegard Skirbekk, UiO: Health, Cognition, Family, and Employment among Men 
  • Merja Riitta Stenroos, UiS: Linguistic traces: low-frequency forms as evidence of language and population history 
  •  Ingrid Bouwer Utne, NTNU: Breaching the boundaries of safety and intelligence in autonomous systems with risk-based rationality 

Universitetet i Stavanger (UiS) kan derimot feire si første ERC tildeling nokon gong. Det kan også forskings- og innovasjonsselskapet Simula. 

Konkurransen er knallhard om den gjævaste finansieringspotten frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) og forskingsprogrammet Horisont Europa, dei såkalla advanced grants.

Tildelingsrunden i år markerer ein rekord:

Noreg har gjort det skarpt i fleire tildelingsrundar før. Aldri før har så mange stipend gått til forskarar på norske institusjonar i kategorien ERC Advanced Grant. Noreg har i år kapra 8 av dei 255 stipenda. Dei siste ti åra har fangsten vore langt magrare, ingen eller opptil fire tildelingar. 

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel jublar.

— Dette er strålande nyheiter. Eg vil gratulere dei åtte forskarane som no får midlar frå det europeiske forskningsrådet. Norske forskarar har aldri før gjort det betre i konkurransen om Advanced Grant-midlene frå ERC. Dette er eliteserien i forskingssamanheng, så dette kan vi verkeleg vere stolte av, seier han.

Får sitt tredje 

Fire av mottakarane kan no rekne seg som ein del av ein ekstra eksklusiv elite av europeiske forskarar, ettersom dei også har fått ERC-stipend tidlegare:

  • Professor i kosmologi ved UiO, Hans Kristian Kamfjord Eriksen, kan notere seg for sitt tredje ERC-stipend. 
  • Økonomiprofessor Andreas Moxnes, også han frå UiO, har tidlegare fått oppstartsstipend (starting grant). 
  • Forskingsleiar ved Folkehelseinstituttet (og deltidsprofessor ved Columbia University, Vegard Skirbekk, har tidlegare fått oppstartsstipend (starting grant).
  • I Bergen feirar Jill Walker Rettberg, professor og leiar for Senter for digitale forteljingar også sitt andre ERC-stipend. Ho avslutta nyleg perioden for eit ERC Consolidator Grant frå 2017. 
Hans Kristian Kamfjord Eriksen, professor i kosmologi UiO
Hans Kristian Kamfjord Eriksen, professor i kosmologi UiO

Om lag 230 millionar kroner til bruk over 5 år, knappe 20 millionar euro, hamnar i norske forskarlommer som følgje av tildelinga. Kvar av dei får om lag 2,5 millionar euro, nær 30 millionar kroner.

Samla er potten på 650 millionar euro, som svarer til vel 7,5 milliardar kroner med dagens kurs. 3,1 prosent av dette går til norske forskingsprosjekt.

ERC Advanced Grant er reservert for etablerte forskarar som tildelingskomiteane meiner leverer prosjektsøknader i europeisk toppklasse. 

Lagarbeid

— ERC-stipenda er kort sagt den mest attraktive forskingsfinansieringa som finst, og den gjer at du kan gjennomføre store prosjekt, seier Hans Kristian Kamfjord Eriksen, mottakar av sitt tredje ERC-stipend. 

Han står saman med kollega og professor Ingunn Wehus (som også har ERC-stipend) i spissen for ei forskargruppe som varierer mellom 10 og 20 personar. Eriksen seier ERC gjer det mogleg å tiltrekke seg svært gode folk, og ikkje minst, kunne halde på dei over tid.

Fakta

ERC og EUs forskingsprogram

  • ERC er del av EUs forskingsprogram Horisont Europa. ERC skal fremje forsking med høg kvalitet ved å finansiere dei beste forskarane og dei beste ideane i Europa. 
  • ERC-finansiering blir rekna som ei av dei mest prestisjefylte
  • ERC forvaltar fire ulike stipendordningar (grants): Starting Grants, Consolidator Grants, Advanced Grants og Synergy Grants.
  • Budsjettet i perioden 2021—27 er på over 16 milliardar euro.
  • Kjelde: ERC, Forskingsrådet

— Det gjer at arbeidet kan bli mykje meir langsiktig enn det som hadde vore mogleg utan denne finansieringa. ERC har i det heile tatt vore heilt nødvendig for å bygge opp den verdsleiande posisjonen vi har i dag, seier Eriksen.

Forskinga hans er langsiktig, den også: observasjonar av det veldig tidlege universet.

Merja Riita Stenroos, professor UiS
Merja Riita Stenroos er kvinna bak Universitetet i Stavangers aller første tildeling av EUs prestisjestipend ERC Aadvanced Grant.

Ifølgje prorektor for forsking ved UiS, Merete Vadla Madland, er deira første ERC-stipend ein milepæl som er viktig for sjølvtilliten til heile universitetet.

— Det er ei stor bragd. Først og fremst er det ei fjør i hatten for forskaren, men også for instituttet og fakultetet — og det stadfestar vår posisjon som eit forskingstungt universitet, seier ho. 

Det er professor i språkvitskap, Merja Riitta Stenroos som hentar det første ERC-stipendet heim til Stavanger.

Prorektoren seier det er eit lagarbeid dei no haustar fruktene av. I fleire år har dei hatt tiltak og tilbod, som skriveseminar og støtteprogram for å arbeide med ERC-prosjekt og søknader.

— Slik sett blei vi ikkje overraska. Vi har jobba målretta i mange år. No har vi fått vårt første, og vi skal jobbe vidare for fleire. 

Tipset: — Lær sjangeren

Jill Walker Rettberg hadde berre så vidt avslutta sitt føregåande ERC-prosjekt, før ho gjekk i gang med å søke på neste — og trefte planken. Ho og kollegaene skal utforske dei djupe forteljarstrukturane i KI-genererte forteljingar.

Du skal tenke stort, med risiko

Jill Walker Rettberg, professor med ERC-stipend

— Då KI plutseleg blei så stort med ChatGPT mot slutten av 2022, dukka store forskingsspørsmål opp, som kravde raske svar. Det er enormt viktig å få fram dei humanistiske aspekta. Det er primært informatikarar og statistikarar som driv fram den teknologiske utviklinga, men dei har eigentleg lite kompetanse på forteljingar og menneskeleg kommunikasjon.

— Kva er det beste tipset til dei som drøymer om å nå opp i ERC?

— Prøv å søke, skriv for å lære sjangeren. Grunnen til at eg klarte å handle så raskt, var treninga eg hadde frå tidlegare. Sjølv om ein ikkje får inn prosjektet, er det ei veldig nyttig, ganske frigjerande øving, som krev at du tenker stort.

Tyskland på topp

Tradisjonelt har Noreg gjort det best innanfor humaniora og samfunnsvitskap. I år er tre av tildelingane i kategorien naturvitskap og teknologi. 

I tildelingsstatistikken er det tradisjonelt fleire menn enn kvinner. I år er halvparten av dei åtte som får advanced grant-stipendet kvinner. 

Tyskland toppar lista med 50 tildelingar. Dernest følgjer Frankrike med 37 jog Nederland med 23. 1 829 prosjektsøknader blei vurdert. Ifølgje ERC vil pengane generere nær 2500 jobbar dei neste åra. 

* Retting 15.4.2024 kl. 09.57

I artikkelen stod det først at tre av forskarane som i år har mottatt ERC-stipend også tidlegare har fått det. Dette er ikkje rett. Fire av dei har tidlegare fått. Forskingsleiar ved Folkehelseinstituttet (og deltidsprofessor ved Columbia University), Vegard Skirbekk, kom beklagelegvis ikkje med i den første oversikta. 

Powered by Labrador CMS