høgskulen i volda

2,2 millionar på styret sitt bord nok ein gong

Høgskulestyret i Volda skal nok ein gong drøfta samarbeidet mellom høgskulen og den lokale kulturnæringshagen. Dokumentasjonen er framleis fragmentert og vanskeleg å trenga inn i, meiner styremedlem. 

Styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord er kritisk til ein del av dokumentasjonen som ligg ved styrepapira.

Høgskulen i Volda har overført 2,2 millionar kroner til ein kommunal næringshage for mellom anna å bruka pengar på kurs i pusteteknikk og sertifisering av skogsbadeguidar.

I mai drøfta styret ved Høgskulen i Volda samarbeidet mellom høgskulen og Sunnmøre kulturnæringshage. Fleire i styret, mellom andre noverande og tidlegare rektor, er svært kritiske til avtalen, og millionane som forsvann ut av høgskulen.

Dei er i tvil om avtalen er godt nok fagleg forankra, og korleis dei eventuelt kan få pengane tilbake. No skal styret drøfta saka endå ein gong.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim har fleire gongar bede direktøren om at alle dokument i saka skulle samlast i høgskulen sitt dokument- og arkivsystem. I oktober i 2023 etterlyste han igjen svar:

— Eg er framleis sterkt i tvil om både lovlegheit knytt til diverse regelverk i staten og eg treng å få ei tydeleg orientering om korleis de tenker dette er innanfor på alle punkt, skreiv han i ein e-post som Khrono har fått innsyn i.

I mai 2024 fekk sakshandsaminga til høgskuledirektøren kritikk i styret, og styret bad om at det til møtet 20. juni ville ha på bordet «avtalar, transaksjonar, timelister og grunnlag for desse, organisering av roller og ansvar (prosjektleiing, prosjektansvar osb.), skildring av kva som er levert og skildring av kva som er oppnådd av auka FoU-aktivitet».

Møtet startar klokka 10 i dag torsdag, og du kan sjå det direkte her:

Meiner dokument vart produsert i år

Styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord var blant dei som var kritiske i førre styremøte.

— Det burde vore skrive ein avtale først, som skulle vore lagt fram for styret, sidan pengar skulle førast ut av høgskulen. Her er det ikkje snakk om boa-inntekter, men ein har derimot klart å få boa-utgifter — stikk motsett av det som er intensjonen, sa han.

Til junimøtet er det lagt ved heile seks vedlegg til saka. 

Tafjord seier til Khrono i dag at han framleis manglar den fulle oversikta over sakskomplekset i saka. Men han synest det er bra at styret ser ut til å ha fått mesteparten av dokumentasjonen som vart etterspurd i førre styremøte. 

Likevel framstår dokumentasjonen fragmentert og vanskeleg å trenga inn i, meiner han, og han stiller spørsmål ved kvifor ein først no får dokumenta. Styremedlem Randi Bergem har fleire gongar etterlyst sak, og i starten av januar bad ho konkret om svar på kva dokumentasjon som finst frå aktivitetar som er ein del av avtalen mellom dei to partane. 

I mars var det ei munnleg orientering om saka, og i maimøtet kom saka utan vedlegg. Tafjord hevdar at mange av dokumenta ikkje vart lagt inn i dokument- og arkivsystemet før i år.

— Dette skjedde etter at styret etterlyse dokumentasjon på avtalar og pengeoverføringar og stilte spørsmål om overføringane var eit brot på femprosent-regelen, anbodsreglementet og retningslinene for bidrags- og oppdragsinntekter ved Høgskulen i Volda, seier Tafjord.

Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå tidlegare dekan ved Avdeling for kulturfag, Unni Hagen. Noverande dekan, Jon Are Steen, skriv i ein e-post til Khrono at saka vert handtert av styret og forhåpentlegvis godt opplyst i dagens møte.

Vil venta til styrehandsaming

Tafjord meiner at dokumentasjonen styret har fått, ikkje seier noko om er kven som er ansvarleg eller korleis prosessen har vore forankra i fagmiljøet ved avdelinga.

Då saka var oppe i mai, stod det i sakspapira at rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ikkje var samd i framstillinga og at han skulle legga fram sitt syn i møtet. I møtet sa han følgjande:

— Eg ønskjer å signalisera at eg ikkje er nøgd med den utgreiinga som er gjort. Eg har stilt mange spørsmål i denne saka, men eg opplever at det er vanskeleg å få gode svar og eg opplever at svara endrar seg. Svara eg får er korte, og går stort sett på at direktør har kontroll. Det gjer det svært vanskeleg, eller umogleg, å ha tilsynsansvar, slik rektor skal ha.

No vil ikkje rektor Tonheim seia kva han synest om saksframstillinga. Han vil avventa styremøtet, seier han til Khrono.

— Om ein les styrepapira, står det at det er opp til kvar enkelt avdeling å disponera pengane. Kva ansvar har du som rektor for å sjå til at det skjer på lovleg vis?

— Om overføringa er lovleg eller ikkje er eit av spørsmåla me må få svar på.

— Men som rektor har du vel eit ansvar her?

— Ja, og det er eit viktig ansvar. Eg ser alvorleg på denne saka. Me må landa kva som har skjedd, slik at me ikkje kjem i same situasjon igjen.

Khrono har tidlegare prøvd å koma i kontakt med Martin Foldal, dagleg leiar i Sunnmøre kulturnæringshage. Foldal har sagt til Møre-Nytt at kulturnæringshagen ikkje har hatt nokon økonomisk fordel av avtalen med høgskulen.

— I prosjekt som er finansiert av to partar er det ikkje uvanleg at den eine parten overfører sin andel til den som har prosjektleiinga, slik at eksterne kostnadar kan betalast frå ein og same prosjektkonto, sa Foldal.

— Tonheim, kva tenkjer du om det Foldal seier?

— Eg må halda meg til høgskulen sine system, og så får kulturnæringshagen sjå på sine system.

Studieportefølje og miljøfyrtårn

Dette er det siste ordinære styremøtet dette halvåret. Her er sakslista:

  • 52/24 — Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 53/24 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 22.04.2024 — 07.05.2024.
  • 54/24 — Orientering frå rektor
  • 55/24 — Informasjon om status Norsk Innovasjonssenter
  • 56/24 — Etatsstyringsmøtet 2024
  • 57/24 — Rekneskapsrapportering 1. tertial 2024
  • 58/24 — Langtidsbudsjett HVO 2025—2029
  • 59/24 — Strategisk vurdering av studieporteføljen og plan for studieåret 2025—2026
  • 60/24 — Revisjon av budsjettmodellen til HVO
  • 61/24 — Revisjon av forretningsorden for høgskulestyret
  • 62/24 — Årsrapport 2023 frå Studentombodet
  • 63/24 — Miljøfyrtårn — orientering om arbeidet på området klima, miljø og arbeidsmiljø
  • 64/24 — ARK 2024
  • 65/24 — SKNH — Dokumentasjon mm
  • 66/24 — Informasjon om UH-sak
  • 67/24 — FoU-prisen 2024
  • 68/24 — Styreevaluering
  • 69/24 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
  • 70/24 — Ymse
  • 71/24 — Avklaringar partssamarbeid



Powered by Labrador CMS