Eg kan sikkert verke tilforlateleg, men eg kan sette foten ned når eg meiner det trengst, seier nytilsett rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Ny rektor i vest vil ikkje lage nokon ny Kardemommeby

Berit Rokne skal vere rektor for den nye Høgskulen på Vestlandet. Ho har inga tru på ein akadmisk institusjon utan takhøgd for refleksjon, usemje og kritikk.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei tre høgskulane på Vestlandet blei først samla til fusjon etter langvarig dragkamp og diskusjon. 

– Det er studentane vi er til for. Dei fortener å få eit godt tilbod. Mange av studentane ved Høgskulen på Vestlandet skal arbeide som ingeniørar, helsearbeidarar, lærarar. Å bu dei på eit yrkesliv er det viktigaste vi gjer, seier Berit Rokne til På Høyden

Frå 1. januar vert Berit Rokne øvste leiar for profesjonsutdanningane på Vestlandet. Då trer ho inn i stillinga som den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet. Ho ser fram til arbeidet. 

– Høgare utdanning – med alt det inneberer – er noko eg alltid har arbeidd med, seier ho. 

Kjenner system og struktur

Det er ikkje sikkert alle alltid vil oppfatte meg som grei. 

Berit Rokne

Ei lang fartstid ved Universitetet i Bergen og Høgskulen i Bergen har gjort at ho følar ho kjenner systema og strukturen frå innsida.  

– Eg kan mykje om kor viktig det er med samarbeid på tvers og synlegheit både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Og eg kjenner mange av menneska som jobbar i sektoren. Når det kjem til den nye Høgskulen på Vestlandet kjenner eg Høgskulen i Bergen best – eg har meir å lære om dei to andre høgskulane, seier Berit Rokne.

Det er mindre enn eit år sidan leiarar og styrerepresentantar frå dei tre høgskulane på Vestlandet var samla på hotell på Kokstad. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sine tidlegare oppmodingar om å finne partnerar å fusjonere med, med det siktemål å skape meir robuste fagmiljø på Vestlandet, hadde fått ei blanda mottaking på Vestlandet.

Fusjon med motstand

Ved  Høgskulen Stord/Haugesund var leiinga positiv til fusjon. I Bergen var ein lunken. Hos fleire grupperingar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var fusjonsforslaget like velkoment som snø i juni. Samtidig var det klart at ein eventuell vestlandsfusjon ville bli styrka dersom fagmiljøa i Sogn og Fjordane var velvillige. 

Under seminaret på Kokstad blei leiarane einige om å nærme seg kvarandre, først med forsiktige sonderingar, deretter i raskare takt gjennom forpliktande vedtak. Ein fusjonsplattform og tre positive styrevedtak seinare, er den nye Høgskulen på Vestlandet snart ein realitet. 1. januar 2017 vil den nye institusjonen tre fram.

Vil ha takhøgd

— Korleis vil du samle dei tre ulike høgskulane til å bli ein sams institusjon, med tilsette som marsjerer i same retning?

— Eg vil ha takhøgd for både refleksjon og kritikk. Men ein må vere løysingsorientert, og vi må finne løysingar innanfor handlingsrommet vi har. Det er målet mitt. Samtidig har det vore  gjort eit godt forarbeid med plattforma. Eg opplever at det er mykje positivitet, motivasjon og entusiasme ute i organisasjonen – dette er ei bølgje vi vil ri på.

Ved dei tre nærregionane Stord/Haugesund, Bergen, Førde/Sogndal, skal det verte tilsett ein prorektor. Berit Rokne skal leie ein spreidd organisasjon, som til saman vil ha 16 000 studentar og 1800 tilsette.

Kjenner ikkje regionane godt

— Du er bergensar, og har for det meste arbeidd i Bergen. Kor godt kjenner du Sunnhordaland, Haugaland, eller Sogn og Fjordane, på fusjonsspråket omtala som nærregionane?

— Eg kjenner ikkje regionane så godt. Men eg kjenner mange som jobbar der. Når ein har jobba i mange år innanfor universitets- og høgskulesystemet, blir du kjent med folk. Mange eg har vore rettleiar for, sit i dag i ulike stillingar ved høgskulane, seier Berit Rokne.

— Korleis vil du bli betre kjent med dei respektive høgskulane?

—  Eg må vere der, treffe studentar, snakke med dei tilsette.

Første doktorgrad i sjukepleievitskap

Gjennom karriera har ho heldt fast på medlemsskapet sitt i Sjukepleiarforbundet. Ho er evig takksam for sjansen Sjukepleiarforbundet ga henne. 

– Eg blei utdanna sjukepleiar i 1977, og arbeidde som sjukepleiar i Stavanger. Deretter var eg lærar på Sjukepleiarhøgskulen og studerte ved blant anna Universitetet i Bergen. Så såg eg at Sjukepleiarforbundet lyste ut doktorgradsstipend. Eg søkte, og fekk eitt av tre stipend.  Eg hadde bakgrunnen eg trengte for å søkje, og dei ga meg moglegheita eg trengte, seier Berit Rokne.

Ho blei den første i landet som tok doktorgrad i sjukepleievitskap.

Koplar av med krim

Kvardagane til Berit Rokne startar i Os, i heimen ho har bygd saman med ektemannen. Tidlegare budde ho i ei lita leilegheit i sentrum, no pendlar ho frå huset ved Bjørnefjorden til arbeidet i byen.

— Eg har ingen tidkrevjande hobby, det er meir ein logistikk for å få kvardagen til å gå opp med jobbing, og sosiale aktivitetar med venninneklubbar, familie og barnebarn. Når eg skal kople av, les eg krim eller spelar Wordfeud på telefonen. På sommaren tek eg gjerne turar i snekka vår, eller arbeider i hagen. Eg er også glad i å gå tur. Men eg har lange arbeidsdagar, og er sjeldan heime før seks-sju.

Lang erfaring frå UiB-rektorat

Berit Rokne hadde i åtte år kontoradresse Muséplass 1 i Bergen. Først som viserektor i Sigmund Grønmo sitt første rektorat. Deretter som prorektor for same Grønmo.

— Denne perioden lærte meg mykje om høgare utdanning som strategi, system og verksemd. Om korleis universitetsdrift, utdanningspolitikk og forskarsamfunn verkar. Eg sluttar aldri å la meg fascinere over kor mykje kunnskap som finst i ein utdanningsinstitusjon, kor dyktige og dedikerte folk er, seier ho og legg til: 

— Og så lærte eg mykje om å kva det betyr å vere i ei leiarrolle. Eg møter folk med openheit og tillit. Som oftast går det bra. Men folk er forskjellige. Eg fekk erfaringar, som eg trur gjorde meg klokare i omgang med andre menneske.

Erfaringa frå UiB gjorde at ho ville søkje den utlyste stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet.

Sigmund Grønmo gratulerar

— Det er all grunn til å gratulere Høgskulen på Vestlandet med valet av rektor, seier tidlegare rektor Sigmund Grønmo til På Høyden. 
Han omtaler Berit Rokne som ein lyttande og samlande leiar. 

— Ho lyttar og høyrer på alle berørte partar før ho tek ei avgjerd. Ho klarer å finne løysingar i vanskelege og konfliktfylte saker. Ho verkar samlande, og ho skaper begeistring og oppslutning om avgjerder og handlingar. Ho tenker strategisk og legg vekt på både grunnleggande akademiske verdiar og langsiktige institusjonelle mål. 

— Korleis trur du ho kjem til å prege utviklinga av Høgskulen på Vestlandet?

— Ho kjem til å knytte dei ulike miljøa saman til ein sams institusjon og sikre at det beste ved dei ulike kampusane blir ført vidare og forsterka. Ho kjem til å profilere høgskulen som ein kvalitetsbevisst akademisk institusjon med stor samfunnsmessig betydning for heile Vestlandet. Med sine solide erfaringar frå universitetsleiinga har ho dei beste forutsetningar for å følge opp universitetsambisjonen til høgskulen, meiner den tidlgare rektoren. 

Delegering og detaljstyring

Sjølv meiner Berit Rokne at ho er lett å samarbeide med. Ho likar kontroll, men treng ikkje ha kontroll over detaljane. 

— Eg har ikkje vanskar med å delegere.

Ho har inga tru på frykt som verkemiddel for å utøve makt.

— Ein får ikkje gjort noko bra når ein er utrygg, eller ikkje får aksept for det gode ein gjer, seier Berit Rokne.

— Kva gjer deg opprørt?

—  Eg likar ikkje urettferd. Verken i nære relasjonar eller i større samanhengar.

Universitet er målet

— Kva forventningar har du til Kunnskapsdepartementet, no som de har blitt ein slik robust entitet?

– Eg vil tru at departementet no meiner det er positivt og interessant at vi frivillig har valt å slå oss saman. Det må vere i tråd med det dei ønsker. Dette er eit godt utgangspunkt for å få til eit samarbeid og dialog med Kunnskapsdepartementet.

Å ruste Høgskulen på Vestlandet til å bli universitet, gjennom etablering av doktorgradsprogram, breie utanningstilbod og sterke forskargrupper er det uttalte målet for den nye høgskulen. Dette er også eit mål Berit Rokne deler. 

– Universitetsambisjonen ligg i plattforma. Ambisjonen er sterk, og den vil eg vere med og føre vidare. Men eg torer ikkje tidfeste når det vil vere realistisk at vi er klare til å sende inn søknaden.

Vil vere ein tydeleg leiar

Berit Rokne ønsker å vere ein rektor som samlar, og som studentar og tilsette opplever er nærværande og tilgjengeleg.

— Ingen skal vere redde for å ta kontakt med meg, seier ho. 

Samtidig ønsker ho ikkje at Høgskulen på Vestlandet skal bli ein evig harmonisk institusjon der semje, kompromiss og affinitet alltid rår. 

— Eg kan sikkert verke tilforlateleg, men eg kan sette foten ned når eg meiner det trengst. Det er ikkje sikkert alle alltid vil oppfatte meg som grei. Vi skal ikkje lage ein Kardemommeby, men vi skal ha det ordentleg og greitt. Dette er også noko eg stilar mot i min omgang med andre: Eg skal ikkje tale med to tunger, og eg vil at folk skal vite kvar dei har meg. Samtidig må det vere lov å skifte meining, ut frå innspel og erfaringar ein får, seier ho.

Og legg til: 

– Dette er kanskje noko som har blitt viktigare for meg med tida. Eg har blitt klokare og meir aksepterande etter kvart som eg har blitt eldre.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS