Fem unge UiB-forskarar har fått rekrutteringsstipend frå Bergens forskningsstiftelse. (F.v. Med klokka) Steffen Leth Jørgensen, Andreas Born, Charalampos Tzoulis, Lilya Budaghyan og Yvette Peters. Fotomontasje: På Høyden

Desse får 100 mill. til forskingsprosjekt

Parkinson sjukdom, europeisk politikk og informasjonsteori er mellom det årets BFS-vinnarar forskar på. No får dei 20 millionar kvar til prosjekta sine.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg synest det er fantastisk, både for meg personleg, og for forskingagruppa mi. Det betyr utruleg mykje for oss. Dette er pengar som gjer det mogleg å utvikla forskargruppa, og tilsetta fleire folk, seier hjerneforskar ved klinisk institutt 1, Charalampos Tzoulis, til På Høyden.

Han er ein av dei fem UiB-forskarar som har fått rekrutteringsstipend på om lag 10 millionar kroner frå Bergens forskningsstiftelse (BFS).

Dei deler årleg ut stipend til unge lovande forskarar ved universitetet, og stipendet utløyser same støtte frå UiB.

Dermed får kvar forskar om lag 20 millionar kroner til sitt prosjekt.  

Les også: Trond Mohn gir mest i gaver

Desse fem nådde heilt opp

Etter ein lang søknadsprosess sidan nominasjonane vart gjort i vår, er no resultatet klart, og det var desse fem som nådde heilt opp:

  • Andreas Born, Institutt for geovitskap. Forskar på klima- og isbrekonstruksjon. Ved hjelp av midlane skal han utvikla ein ny type isdekke-modell som nyttar seg av rekonstruksjonar av isdekket på Grønland, samstundes som modellen tek omsyn til fysikken i korleis isen flyttar seg.  
  • Charalampost Tzoulis, Klinisk institutt 1. Han er gruppeleiar for Translation in Neurodegeneration and Aging, som forskar på menneskeleg aldring, særleg Parkinson sjukdom.  
  • Lilya Budaghyar, Institutt for informatikk. Ho forskar på tverrfaglege problemstillingar innan matematikk og informasjonsteori, knytt til Boleanske funksjonar. 
  • Steffen Leth Jørgensen, Senter for geovitskap. Han har tidlegare delteke i ei forskargruppe som har oppdaga ein ny mikroorganisme i Norskehavet. Han skal bruka pengane til å etablera ei mindre gruppe forskarar og ein teknikar på deltid. 
  • Yvette Peters, Institutt for samanliknande politikk. Ho skal forska på representasjon og politisk ulikskap i Europa, og vil bygga eit team, som skal samla inn data frå forskingslaben DIGSSCORE ved UiB.

Vil løysa parkinson-gåta

Overlege i nevrologi og hjerneforskar Charalampos Tzoulis forskar på Parkinson sjukdom, som er ein av verdas hyppigaste hjernelidingar. Over 6000 nordmenn lever med sjukdommen i dag.

Nyleg publiserte han saman med kollegaer ein studie som kan gje svar på kvifor nokon får sjukdomen, og andre ikkje. Dei har oppdaga ein vesentleg biologisk mekaniske som bevarer hjernen og beskytter den frå aldringsrelaterte skadar. Denne mekanismen ser ut til å svikta hjå personar med Parkinson sjukdom.

— Då blir hjernen eksponert for aldringa sine skadelege effektar, seier Tzoulis.

No ønsker dei å forska målretta for å finna ei behandling. 

— Det er vitskapeleg innovasjon, me vil fokusera på korleis genene og miljøet påverkar kvarande, noko me kallar for epigenetikk. Kva mat me et, og om me røyker, kan påverka korleis genere våre blir uttrykt. Me kjem til å ta hjernevev frå Parkinson-pasientar, og tilsvarande vev frå hjernefriske, og så vil me sjå på forskjellar mellom dei, og på påverknad frå gener og miljø, seier Tzoulis.

— Skal gje alt

Han seier at tidlegare forsking gjerne berre har fokusert på ein ting om gongen, men at dei no prøver å tenka på fleire fronter samstundes, for å finna ei behandling. 

— Dette er ein dødeleg sjukdom, som me per i dag ikkje har behandling for. Alt me gjer, er for å finna ein kur. I 2017 er det 200 år sidan Parkinson sjukdom blei kjent, og i løpet av 200 år har me ikkje vore i stand til å behandla den. Det er ikkje enkelt, men me kjem til å gje alt. Viss me ikkje prøver kjem me i alle fall ikkje til å lukkast, seier Tzoulis.

Utdelinga av stipenda skjer fredag 2. desember i Universitetsaulaen. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS