Havforskingsinstituttet er ein del av instituttsektoren og driv med mykje oppdragsforsking, men dei skal få forske og levere resultat heilt uavhengig av politiske ambisjonar, meiner Marianne Aasen (Ap). Foto: Cicilie S. Andersen

Vil ha Erna på banen i Per Sandberg-konflikt

Forskarforbundet vil ikkje la politiske oppmodingar true forskarane sin integritet. Det er Marianne Aasen (Ap) einig i. No vil ho ha statsministeren på banen.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Bjarte Bogstad, lokallagsleiar i Forskarforbundet ved Havforskingsinstituttet (HI) er klar på at hans kollegaer ikkje kan påleggast å levere modellar som viser at det er forsvarleg å nå gitte politiske mål. Han vil ta fiskeriminsteren sitt innspel vidare hos Forskarforbundet. Foto: Dag Hellesund og IMR.no)

Sjømatnæringa er uroa for at forskingsrapportar frå Havforskingsinstituttet (HI) kan skade næringa.

Fagforeningsleiar Bjarte Bogstad vil ikkje la politiske oppmodingar true forskarane sin integritet.

— Vi synes det er håplaust å pålegge oss å vere næringsvennlege. Vi skal ikkje ha den typen mandat, seier Bjarte Bogstad, lokallagsleiar for Forskarforbundet ved Havforskingsinstituttet (HI) til På Høyden.

Vi skal ikkje vere kritiske til næringa for ein kvar pris. Men vi går ikkje rundt og lograr med halen for ei næring.

Bjarte Bogstad

Han fortel at utsegna frå fiskeriminister Per Sandberg om å vere eit «næringsvennlig institutt», har blitt diskutert blant dei tilsette i dag.

Sandberg vil finne ut om forskinga skadar næringa 

Det var Bergens Tidende (BT) (lenke berre for abonnentar) som først omtalte saka. Avisa skriv at fiskeriminister Per Sandberg torsdag ettermiddag hadde møte med leiinga ved Havforskingsinstituttet og Norske Sjømatsbedrifters Landsforening (NSL).

I eit intervju med BT seier Per Sandberg at «Jeg har tillit til alle forskningsinstitusjonene våre. Men samtidig er jeg minister for næringen, og min oppgave er å legge til grunn for at næringen har det best mulige grunnlaget å vokse fra. Tar jeg ikke på alvor den bekymringen som kommer fra næringen, gjør jeg ikke jobben min».

BT skriv at bakgrunnen for møtet var ei uromelding som ministeren har fått frå sjømatforeninga. Foreninga har kritisert ein forskingsrapport gjort av instituttet som handlar om forsking på villaks i Guddalselva og Etneelva i Hordaland. Sjømatforeninga har den siste tida offentleg kritisert forskinga.

No vil Per Sandberg finne ut om denne eller andre rapportar frå Havforskingsinstituttet gjer at politikken som vert utforma er negativ for næringa.

Aasen og Lysbakken reagerer

Fredag har saka fått politiske etterspel. Stortingsreprestant Marianne Aasen (Ap) har sendt spørsmål til statsminister Erna Solberg, og SV-leiar Audun Lysbakken (SV) har sendt skriftlege spørsmål til fiskeriminister Per Sandberg samt til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

— Statsministeren som leiar regjeringa sitt utval for forsking og utvikling må gjere det tydeleg at forskinga skal være fri og uavhengig, og at dette også gjeld for fiskeriminister Per Sandberg, seier Aasen til Khrono.

— Må få jobbe fritt og uavhengig av politisk ledelse

Ho trekker fram at det er eit konkret institutt som blir «offer» i denne saka.

— Havforskingsinstituttet er ein del av instituttsektoren og driv med mykje oppdragsforsking, men dei skal få forske og levere resultat heilt uavhengig av politiske ambisjonar, meiner Aasen.

Ho var sjølv i debatt med Sandberg på same tema i Stortinget for 14 dagar sidan, og er ganske oppgitt over fiskeriministeren sine haldningar.

— Vi har mange forskningsinstitutt som jobbar innafor politisk brennbare temaområde, seier Aasen og trekker fram  Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Transportøkonomisk institutt (TØI) som to andre eksempel.

— Felles for dei alle er at dei må få jobbe fritt og heilt uavhengig av den politiske leiinga i den sektoren dei høyrer heime i.

Til BT seier Lysbakken på sin side at «Dette smaker av en skandaløs holdning til forskning. Jeg hadde ikke vært overrasket hvis det kom fra en russisk fiskeriminister, men det er ikke til å tro at en norsk statsråd sier dette.»

Lysbakken har sendt skriftlege spørsmål til fiskeriminister Per Sandberg samt til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.  Sandberg blir spurt om han verkeleg krev ei haldningsendring blant forskarane. Kunnskapsministeren blir spurt om dette er regjeringa sin politikk på feltet.

«RolleforFståing»

Bjarte Bogstad er klar på at Havforskingsinstiuttet ikkje kan påleggast å levere modellar som viser at det er forsvarleg å nå politiske mål.

— Vi skal ikkje vere kritiske til næringa for ein kvar pris. Men vi går ikkje rundt og lograr med halen for ei næring, seier Bjarte Bogstad.

Han meiner dette handlar om rolleforståing.

— Vi er eit rådgjevande, statleg institutt, eigd av Nærings- og fiskeridepartementet. Kva vi skal forske på er i betydeleg grad politisk bestemt. Men vi skal ha integritet på den forskinga vi produserer.  Den skal vere etterprøvbar, seier Bjarte Bogstad.

Han legg til:

— Råd basert på vår forsking har ofte effektar på meir enn éi næring. Kva næring skulle vi i så fall vere mest positive til?

— Høyres fjernt ut

— Kan forskarar instruerast til å ha ei positiv grunnhaldning til ei gitt næring?

— Her på universitetet høyres det nokså fjernt ut for meg, seier Frank Nilsen.

Han er professor ved Institutt for biologi, og er leiar for Lakselussenteret, som er eit Senter for forskingsbasert innovasjon.

Lakselussenteret har ikkje fått ei oppmoding frå fiskeriminister Per Sandberg om å vere «næringsvennlig».

— Lakselussenteret har eit styre som godkjenner planane våre. Ingen andre. Det er ganske klart nedfelt i både konsortieavtalen vår og kontrakten med Forskingsrådet. Her står det klart kven det er som bestemmer, seier Frank Nilsen.

Må tole upopulære forskingsresultat

— Eg trur at mykje forsking som blir gjort er til nytte for næringa både på lakselus og fiskehelse. Det betyr ikkje at alt vil vere like populært.  I samspelet mellom miljø og oppdrett kan det dukke opp resultat som er problematiske for næringa. Det betyr ikkje at vi som forskarar har noko imot næringa, seier Frank Nilsen.

Han legg til at resultat som ser ut til å vere negative på kort sikt, på lang sikt kan vise seg å vere positive for næringa.

Lakselussenteret har fleire industripartnarar. Dei har  ikkje vetorett på kva resultat Frank Nilsen og kollegaene skal publisere, opplyser han.

Dette er også regulert i konsortieavtalen alle partnarane har signert.

— Dei er klare over at det kan dukke opp resultat som ikkje er like populære hos alle. Det er nettopp difor det er viktig at forskinga er uavhengig, seier Frank Nilsen.

UiO-rektor ber fiskeriminister om forklaring

Ole Petter Ottersen har fredag blogga om saka. Han ber fiskeriministeren om ei forklaring på korleis utsegna harmonerer med dei etiske retningslinjene for statstenesten.

Her står det at «For ansatte ved universiteter, høyskoler og forskningsinstitusjoner regnes det som en del av deres arbeidsoppgaver å bidra til samfunnsdebatten, komme med sakkyndige uttalelser osv. Selv om ansatte også ved disse institusjonene har en lojalitetsplikt, er det en del av deres arbeidsoppgaver å bidra til kritisk debatt. De ansatte har dessuten, i kraft av sin stilling, forsknings- og formidlingsplikt, og har dermed rett og plikt til å gjøre forskningsresultatene kjent, også dersom de strider mot vedtatt politikk.»

Vidare skriv UiO-rektoren at «Det er et ufravikelig krav at forskning må være uavhengig i den forstand at konklusjonene ikke skal påvirkes eller sensureres av oppdragsgivere eller myndigheter. Tilliten til forskningen er uløselig knyttet til dens uavhengighet. Viktige politiske beslutninger fattes på grunnlag av forskning og da er det avgjørende at det ikke kan sås tvil om konklusjonene. Det dreier seg faktisk om et viktig prinsipp for et fungerende demokrati.»

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (@konservativ) har fått spørsmål om saka på Twitter. Han skriv:

«Forskning må være faglig uavhengig for å ha verdi. Så enkelt.»

Ikkje første gongen

Det er andre gongen på kort tid at fiskeriministeren si haldning til forsking og universitet og høgskolar er til debatt i Stortinget.

For berre 14 dagar sidan stilte Aps Marianne Aasen følgjande spørsmål: 

«Fiskeriminister Per Sandberg har i Aftenposten uttalt at han vil ta et oppgjør med «mørke motkrefter» som svekker norsk fiskerinæring. På direkte spørsmål om hvem det er, svarer han at det er både «politikere, professorer, institusjoner, de finnes på universitetene våre og i akademia». Dette er et alvorlig angrep på den akademiske frihet som i Norge er nedfelt i lov. Er disse holdningene til universiteter og forskere i tråd med regjeringens kunnskaps- og forskningspolitikk?»

Les også: Svaret Aasen fikk fra Sandberg og deres replikkutveksling.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS