Studentleiar seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen burde vore meir profilert. Forskarforbundet meiner han er flink nok og at folk må skjerpe seg.

1 av 4 veit kven som er kunnskapsminister

Ein av fire veit kva kunnskapsministeren heiter. — Altfor få, meiner studentleiar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I ei undersøking utført av Sentio på oppdrag frå Norsk studentorganisasjon (NSO) og Khrono kjem det fram at ein av fire kan svare rett på at det er Torbjørn Røe Isaksen som er kunnskapsminister.

— Altfor få veit kven som er kunnskapsminister. Vi skulle ønske han var meir profilert, for det hadde betydd at kunnskapsfeltet òg var viktigare, seier Anders Kvernmo Langset, leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO).

Les meir :

Stor fallhøgde

— Høgre blir ikkje eit kunnskapsparti berre ved å gå til val på det, dei må vise det i praksis. Dei bør ha som mål at kunnskapsministeren er ein av deira mest kjende politikarar, sier Langset (biletet over) og legg til:

— Då han blei minister, hadde vi store forventningar til at han skulle setje dagsorden, blant anna fordi han var ein profilert politikar frå før. Hadde det vore ein meir ukjend ein, så hadde vi ikkje venta at han skulle være så godt kjend heller, seier Langset frå NSO.

Folk bør vite kven som er ministeren deira og Torbjørn er jo vår minister.

Anders Kvernmo Langset

Eg har vore på både Brille og Lindmo, men har flere gonger sagt nei til studentradio. Det angrar eg bittert på no (spøkefullt sagt).

Torbjørn Røe Isaksen

SV-veljarar (41 prosent) og Venstrefolk (44 prosent) er dei som svarar mest rett på spørsmålet om dei veit kven som er kunnskapsminsister i Norge. Blant sine eigne veljarar er Torbjørn Røe Isaksen mindre kjend: Berre 28 prosent av dei spurte Høgre-veljarane svarar rett. 

Kjenner seg ikkje anonym

Ministeren sjølv kjenner seg ikkje som ein anonym politikar.

— Det er alltid eit mål for ein politikar å være godt kjend, og forhåpentlegvis for noko bra. Når det er sagt føler eg meg ikkje som ein veldig anonym politikar, men eg kan heilt sikkert bli enda betre til å profilere politikken til regjeringa, skriv Isaksen i ein epost til Khrono som kommentar til undersøkinga.

— Handlar om låg politisk kunnskap

Petter Aaslestad (biletet under) som er leiar i Forskarforbundet meiner at det låge talet på riktige svar handlar vel så mykje om låg politisk kunnskap blant folk.

— Han gir inntrykk av å vere ein open person som ikkje avstår frå kontakt og dialog, seier Aaslestad.

Minst kjend blant dei unge

Berre ein av seks unge veit kven som er kunnskapsminister, syner målinga. Langset meiner at det er for få, for det er dei Isaksen er minister for. Til gjengjeld klarte nær halvparten av dei med meir enn tre år høgare utdanning svare riktig.

— Eg har vore på både Brille og Lindmo, men har fleire gongar sagt nei til studentradio. Det angrar eg bittert på no (spøkefullt sagt), skriv Isaksen til Khrono.

Isaksen meiner at det er viktigare at studentane veit om dei endringane Høgre og FrP har fått gjennom for studentane, og der trekkjer han fram auka studiestøtte og fleire studentboligar som dei viktigaste sakene. 

— Men eg skal prøve å bli med på enda fleire bilete om slike saker, legg Isaksen til.

Færre enn Halvorsen

26 prosent er eit relativt lågt tal. I ei tilsvarande undersøking frå 2012 kunne 30 prosent plassere Kristin Halvorsen som minister for høgare utdanning. Det er fortsatt få samanlikna med til dømes valundersøkinga frå 2009. Der kunne 71 prosent plassere Liv Signe Navarsete som samferdsleminister.

— Men ho var òg partileiar og hadde ein fordel der. Samtidig er det nok andre statsråder som er enda mindre kjende. Ein skal ta alle slike enkeltmålingar med ein liten klype salt, seier valforskar Bent Aardal ved UiO. 

Sjekk video under om kva studentar og tilsette ved Høgskolen i Oslo og Akershus veit om Isaksen:

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS