Ingeniørutdanninga slit med å få studentar til å reise ut. Foto: HiOA

Få studentar vil til Europa

Stadig færre studentar tek deler av utdanninga si i utlandet. Siste skuleår sende Høgskulen i Oslo og Akershus færre studentar på Erasmus-opphald enn på mange år.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er ein trend i heile Noreg at det blir færre studentar som tek ein del av graden sin i utlandet. Samstundes er det fleire som tek heile graden, til dømes ein bachelorgrad, i utlandet. Over halvparten av dei som tek ein del av graden i utlandet er tidleg i 20-åra, og to av tre er kvinner. Det går fram av nye tal frå Statens Lånekasse for skuleåret 2013/2014.

«Septemberdagene» ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) handla om «internasjonalisering og de mulighetene som finnes både på campus og på utveksling». Om høgskulen skal nå målet om at 20 prosent av studentane tar delar av graden sin i utlandet, vil det vere naudsynt med mange slike arrangement. For heile landet er det eit stabilt tal at rundt 13 prosent av dei som får støtte frå Lånekassen til høgare utdanning, reiser utanlands.

Fleire ut enn inn

Det er mange fleire studentar som kjem frå Europa til Noreg, enn som reiser frå Noreg til Europa. For heile landet kjem det nesten tre studentar inn for kvar som reiser ut.

Det vil seie, i 2012/2013 var det 1.706 utreisande og 4.302 tilreisande studentar på Erasmus-ordninga, ifølgje SIU.

For Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) var det berre 65 studentar som reiste ut på Erasmus-avtalar, samstundes som skulen tok imot 204 studentar. Det er det lågaste talet på mange år.

Ingeniørutdanninga slit

Ingeniørutdanninga på HiOA er blant faga som slit med å få studentane sine til å velje studiar i utlandet. Blant studentane på ingeniør og tekniske fag (TEK) vel fem prosent av studentane å reise ut (84 studentar dei siste tre åra, av rundt 1500 studentar totalt).

I 2013 var det berre to studentar frå dei tekniske faga som nytta Erasmus-avtalane, samstundes som det kom 45 studentar reisande frå Europa. 21 TEK-studentar dro på utveksling utanfor Europa, til Australia, USA, Canada og Sør-Afrika.

Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) er ikkje aleine, også Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI) konstaterer at «2013-tallene viser at LUI-studenter i liten grad benytter Erasmus-avtaler og reiser til Europa».

Meir freista av eksotiske land

— Det er ikkje vanleg i familien min å reise så mykje til utlandet. Derfor vil eg gjere det no, seier Adrian Moen (bildet under).

Han studerer første året på dataingeniør ved HiOA. Og når han først skal reise, er ikkje Europa så spanande, då vil han lengre vekk, til Australia, USA eller New Zealand.

Han har ikkje fått så mykje informasjon om kvar han kan reise, men han reknar med at det kjem meir etter kvart som fristen for å søke nærmar seg.

— Det er nok ikkje så mange ingeniørstudentar som reiser ut. Mange vil det ikkje fordi dei veit at dei vil få jobb etter studiane uansett, og da er dei mest opptekne av kvar dei får den beste studiekvaliteten, seier Brit Balgaard, som er internasjonal koordinator for Adrian Moen og dei andre ingeniørstudentane som vil reise ut.

Adrian Moen tenker òg på studiekvalitet, og er uroa over om universiteta i utlandet kan by på eit fagleg nivå som verken er for lågt eller høgt.

Språk er avgjerande

— Eg kan noko tysk frå skulen, men ikkje nok til å studera, trur eg. Engelsk skal gå greitt, for det brukar vi allereie mykje i datafaga, seier Moen.

— Ingeniørutdanninga og dei andre tekniske faga er teoritunge og krevjande, då er det ikkje så mange som ønsker å bruke tid på å lære eit framandspråk i i tillegg til engelsk, stadfestar Balgaard, og legg til:

— Det er ikkje så mange av dei universiteta som HiOA samarbeider med i Europa som tilbyr emne på engelsk, og det kan vere meir krevjande for studentane å sette seg inn i kven som tilbyr kva emne på kva nivå på det aktuelle tidspunktet.

— Det vil krevje mykje jobb og mykje meir fokus  fra vår side å få fleire studentar til å reise i Europa, seier Balgaard.

Balgaard er overraska over at ikkje fleire vel Europa, på Erasmus-programma får dei eit ekstra stipend, medan dei kan måtte betale ekstra skulepengar når dei vel studiar utanfor EU.

Eit av tiltaka ho nemner er tettare samarbeid med færre institusjonar, slik at dei kan gje meir og betre informasjon om fagtilboda.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS