— Vi kjem gjerne med innspel til nye måtar å greie ut heile forskningsfinansieringa på, seier høgskuledirektør Ann Elisabeth Wedø. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Nøgd med at Isaksen legg ned finansieringsutval

Høgskuledirektør Ann Elisabeth Wedø, har tidlegare kritisert både samansettinga og mandatet til utvalet som skulle sjå på finansieringa av utdanning og forsking. Ho er ikkje overraska over at utvalet blir lagt ned.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen har gjort framlegg om å legge ned det såkalla Duckert-utvalet som skulle sjå på finansiering av høgare utdanning og forsking. Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen oppretta utvalet i august i år.

Wedø kritisk til utvalet

Ann Elisabeth Wedø har tidlegare kritisert både mandat og samansetting av utvalet. Ho meiner at basisfinansieringa i dagens ordning er ein «blackbox» - ingen veit sikkert kva slags kriterier som ligg til grunn for tildeling av midler. Det er resultata frå 2000 som framleis gjeld for utrekningane, og det gjer at dei institusjonane som leverte godt for 12 år sidan framleis blir belønna, mens dei som har levert gode resultat dei siste 11 åra, framleis blir straffa.

Kvalitet og relevans

Wedø skreiv i ein blogg allereie 8.oktober at den nye regjeringa burde endre mandatet til utvalet, samansetting og tidsplan, eller sette ned eit nytt utval.

I bloggen heiter det m.a: « HiOA vil derfor for det første ha en finansieringsmodell som er transparent og forutsigbar, som vektlegger kvalitet, relevans og oppnådde resultater og som gjør det mulig å konkurrere på like vilkår. For det andre vil vi ha en ny struktur for finansieringen, hvor vi får mest mulig ny kunnskap ut av hver krone. Da må regjeringen se på den totale finansieringen for sektoren, ikke bare mellom universitet og høgskoler. Med disse to helt nødvendige endringene vil vi kunne få utdanning og forskning som samfunnet trenger: La pengene følge samfunnets behov!» 

Tysdag denne veka var statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet på besøk hos leiinga ved HiOA. Der blei m.a. mandatet for  finansieringsmodellutvalet tatt opp. 

Ikkje overraska

— Vi er ikkje overraska over at kunnskapsministeren gjer dette. Mandatet og samansettinga av utvalet slik det var tenkt, ville ikkje løyse utfordringane vi står framfor. Eg er glad for at statsråden no ønsker å sjå med nye auge på korleis vi kan greie ut ein ny finansieringsmodell for universitet og høgskular. Vi er gjerne med i ein dialog om dette, seier Wedø til Khrono, og legg til at det viktigaste for HiOA er ein modell som er transparent og føreseieleg, som legg vekt på kvalitet, relevans og oppnådde resultat som gjer det muleg å konkurrere på like vilkår. 

Epost om nedlegging

Professor Steinar Vagstad frå Universitetet i Bergen (UiB) skulle sitja i utvalet som skulle sjå på finansiering av universitets- og høgskulesektoren. Torsdag kom plutseleg meldinga om at kunnskapsministeren legg ned utvalet.

– Eg fekk ein e-post i går der det står at utvalet vert lagt ned. Meir enn det veit eg ikkje, seier Steinar Vagstad til På Høyden, avisa til Universitetet i Bergen.

Han er professor i økonomi, og var UiB sin representant i det såkalla Duckert-utvalet som vart leia av UiO-professor Fanny Duckert. Ho seier til Aftenposten at oppløysinga kom veldig plutseleg.

– Eg støttar Duckert. Dette kom overraskande, seier Vagstad til På Høyden.

I statsråd i slutten av månaden

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (biletet over) seier i ei pressemelding at han ønskjer å vurdera nærare korleis ein gjennomgang av finansieringa av forskingssektoren tydelegare kan verta sett i samanheng med ambisjonane regjeringa har sett i regjeringsplattforma. I statsråd i slutten av månaden vil han difor ta initiativ til å legga ned det såkalla Duckert-utvalet.

— Me meiner at det er behov for ein gjennomgang av korleis finansieringa av utdanning og forsking kan bidra til auka kvalitet, relevans og profilering. Me vil koma attende til korleis dette kan verta følgt opp, seier kunnskapsministeren.

Skulle levera rapport neste år

— Det er ikkje unaturleg at ein ser på finansieringa, men ein kan jo tenkja seg ei anna arbeidsform enn eit slikt utval, seier Vagstad.

— Hadde de kome i gang?

— Me hadde oppstartmøte, og var i gang med å jobba. Men me hadde ikkje gjort noko konkret, seier Vagstad.

Utvalet skulle etter planen levera ein rapport innan utgangen av 2014.

Duckert seier til Aftenposten at ho tidlegare hadde fått signal om at utvalet sitt mandat skulle verta justert. Det meiner ho er forståeleg, sidan det var den førre regjeringa som oppretta det.

Breitt og uklårt mandat

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet seier til Aftenposten at det er to hovudgrunnar til at utvalet truleg vert lagt ned:

– Mandatet er for breitt og uklårt. For det andre meiner me at finansieringa av høgare utdanning må verta sett i samanheng med resten av arbeidet me gjer innan utdanning.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS