samordna opptak

Valde studiestad der dei kan klatra og stå på ski

Det er krevjande for dei mindre utdanningsinstitusjonane å nå opp i kampen om studentane. Difor er dei opptekne av å tilby ein heil pakke.

Amalie Sæther Endresen og Brede Olsen vart lokka av moglegheitene til friluftsliv i Sogndal. På Høgskulen på Vestlandet sin campus kan ein klatra både ute og inne. Maria Wenger Delbekk trivst med ski på beina, det får ho kombinert med geologistudier i bygda.
Publisert Oppdatert

Sogndal (Khrono): — I søknadsvideoen var det berre sykling, ski og klatring. Og så bittelitt skule.

Brede Olsen ler.

Han er snart ferdig med femårig grunnskulelærarutdanning i Sogndal, ei bygd han rett og slett aldri hadde høyrt om før han såg denne videoen. Men videoen lokka Olsen, som gjerne klatrar både inne og ute, heile vegen frå Sandefjord.

15. april er søknadsfristen hos Samordna opptak. Det er dagen då komande studentar må ha bestemt seg for kva dei har aller mest lyst til. Og studiestadane, dei må ha klart å vinna kampen om dei unge.

Nokre universitet og høgskular har prestisjestudium som medisin og rettsvitskap, der det alltid er mange søkjarar. Men korleis jobbar dei mindre institusjonane, og dei med fleire campusar, for å få potensielle søkjarar til å velja akkurat dei?

Totalopplevinga

Utgangspunktet er ikkje berre positivt. Hausten 2023 var det 16 av 25 universitet og høgskular som ikkje klarte å fylla studieplassane sine. Der møtte i snitt mindre enn éin student til kvar studieplass. I tillegg var det 25 studietilbod som vart trekte etter søknadsfristen, rett og slett fordi det var for få søkjarar.

— Dette er eit spørsmål om ei utfordring som me litt mindre institusjonar står i heile tida: Det å konkurrera med større og no fusjonerte einingar med større budsjett og store kommunikasjonsavdelingar.

Det skriv Tore Petter Engen i ein e-post til Khrono. Han er informasjonssjef ved Høgskolen i Østfold, og heilt ærleg på at høgskulen, som har om lag 7.500 studentar, ikkje har store budsjett å bruka på rekruttering. Det er studentane som er dei beste ambassadørane, seier han.

— I alle situasjonar der me møter potensielle studentar, brukar me ekte studentambassadørar, som kjem frå ulike fagmiljø ved høgskulen. Det er ekte studentar som tek over kontoane våre på sosiale medium og fortel med innleving om korleis ein heilt normal studiedag ser ut. Me må fokusera på vår styrke, på nærleiken vår til studentane.

Høgskulen i Volda er endå mindre, og har om lag 4.600 studentar.

— Det er ikkje berre éin ting som sel, men totalopplevinga, skriv kommunikasjonsdirektør Mona Norddal i ein e-post til Khrono.

Ho seier at høgskulen jobbar med rekrutteringstiltak heile året, både fysiske og digitale arrangement, aktivitetar og annonsar.

— Både fag, stad og studentmiljø er viktig. For mange er dette første stopp heimanfrå, så det er viktig å ha fokus på alt.

Kom for å bruka naturen

Amalie Sæther Endresen kjem frå Kristiansund, men i Sogndal har ho fått ein kjærast frå Volda, og flyttar dit når ho til sommaren er ferdig utdanna grunnskulelærar.

— Då eg søkte meg til, Sogndal handla det om friluftsliv. Her er det gode moglegheiter til å gå på ski og å driva med klatring. Eg søkte rett nok NTNU òg, men det var berre for å ha ein plan B, seier ho.

Når ein studerer på ein liten stad, vert ein godt kjent, seier ho.

— Men det er nesten ingen lokale her. Dei vil vekk, seier Maria Winger Delbekk og smiler.

Ho kjem frå flate Fredrikstad og er snart ferdig med ein bachelor i geologi i Sogndal. Her har ho vore på feltarbeid på isbre og i tillegg fått dyrka interessa for ski.

— Eg hadde aldri høyrt om staden Sogndal før eg søkte her. No har eg vorte kjend med mange som kjem frå små plassar rundt omkring i Noreg, eg har lært namnet på mange dalar, ler ho.

— På ein liten studiestad kjem ein nær kvarandre. Dei fleste kjem hit åleine, utan å kjenna nokon, slik eg òg gjorde.

På ei lita høgde, men med gangavstand til sentrum, ligg HVL sin Sogndal-campus. I Sogndal kan ein gå til det meste. Både Brede Olsen, Amalie Sæther Endresen og Maria Wenger Delbekk kom åleine til bygda, men har vorte godt kjent med mange.

Nord-kjensla

Rekrutteringsarbeidet til Høgskulen på Vestlandet skjer gjennom heile året, både fysisk og digitalt, skriv Stine Stangeland Bach i ein e-post til Khrono. Ho er fagansvarleg for studentrekruttering og marknadsføring.

— Høgskulen på Vestlandet er til stades i dei fleste sosiale medium-kanalar, og me har òg ein eigen studentredaksjon som lagar engasjerande innhald for den unge målgruppa, seier Bach.

Ho fortel at høgskulen først og fremst vert marknadsført som ein heilskapleg utdanningsinstitusjon, med fem ulike campusar. På HVL sine nettsider er det  kampanjesider for dei ulike studiestadane, og dei har i tillegg studentambassadørar på kvar campus som reiser på skulebesøk og held campusomvisning for potensielle søkjarar.

Også Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har fleire campusar. Nokre av dei, som Kongsberg, er åleine i landet om studietilbod. Andre, som Notodden, tilbyr mellom anna barnehage- og grunnskulelærarutdanning.

— Campusane og dei byane dei ligg i, har ulike fordelar. Det er noko me trekkjer fram i marknadsføringa vår, skriv Bjørn Erik Skjelbred, leiar for seksjon for studentrekruttering og profilering ved USN, til Khrono.

Han seier at det er viktig for universitetet å vera fysisk til stades på møteplassar i regionen, og at dei difor brukar ein del ressursar på å stilla på både utdanningsmesser og på å besøka vidaregåande skular og folkehøgskular.

— Då har me fokus på å fortelja om campusane våre og på det utdanningstilbodet me har der. Me fortel at campusane våre er litt mindre, at det er nærleik til førelesarane og at det er eit tett og godt studiemiljø.

Ved Nord universitet prøver dei å framheva ei Nord-kjensle, som skal gjera at dei unge vert nyfikne nok til å vurdera eit studium ved det langstrekte universitetet. Det er difor først om fremst merkevara Nord universitet som vert marknadsført, skriv kommunikasjonsdirektør Andreas Førde i ein e-post til Khrono.

— Me prøver å knyta nokre gode assosiasjonar og verdiar til merkenamnet vårt. For oss er det viktig å gi potensielle studentar eit inntrykk av korleis det er å vera student hos oss, uavhengig av kva dei skal studera og kor dei skal studera, seier Førde.

Han seier at universitetet i tillegg har annonsar som peikar direkte til dei ulike studiestadane. 

— Her handlar det først og fremst om å gjera målgruppa merksam på at me har studietilbod på dei ulike plassane, seier han.

Har søkt jobb i saftbygda

Brede Olsen er ikkje ferdig med Sogndal. Han har søkt jobb i bygda og vert verande minst eit år til. Sjølv om fagtilbodet er mindre her enn på dei større lærarutdanningane, er både han og Amalie Sæther Endresen nøgde med at det var her dei hamna. No skriv dei masteroppgåve i kroppsøving saman.

— Me fekk òg moglegheit til å velja naturfag. Det fekk ikkje kullet før oss, seier Endresen.

— Korleis tenkjer de at ein liten campus bør «selja seg» sjølve?

— Ein må selja det som ein pakke, og visa kva ein er best på. Og eg vil absolutt tilrå andre å studera her, seier Olsen.

Fredrikstad-jenta Delbekk ser òg føre seg at ho kjem tilbake til Vestlandet. No saknar ho byliv, seier ho, og vil ta eit friår før ho bestemmer seg for kva ho så skal gjera.

— Men det er på Vestlandet dei beste geologjobbane er.

Endringslogg: På mystisk vis hadde 15.april vorte til 15. august i denne saka. Det er sjølvsagt 15. april som er søknadsfristen. Retta 9. april kl 10.32

Powered by Labrador CMS