USA

Studentar og professorar arresterte over heile USA. Nærmar seg 900

Demonstrasjonane mot Israel spreier seg raskt til stadig fleire universitet.

Demonstrantar ved University of Southern California under ein pro-palestinsk demonstrasjon onsdag 24. april.

Laurdag vart 275 personar arresterte etter demonstrasjonar ved ulike universitet i USA, melder Associated Press. 

Med det er talet oppe i nesten 900 arrestasjonar i heile landet, sidan 18. april då 100 studentar vart arresterte under protestaksjonar ved Columbia-universitetet i New York.

Mange er blitt mellombels utviste frå institusjonane dei studerer ved, som følgje av at dei har deltatt i demonstrasjonar.

Også tilsette og professorar er blitt arresterte, ifølgje fleire nyhendekjelder. Ved New York University, vart ei gruppe professorar arresterte då dei slo ring om demonstrerande studentar. 

Ved Indiana University i Bloomington skal fleire professorar ha vore mellom dei arresterte torsdag førre veke, då ei gruppe på 34 personar demonstrerte på Campus.

Teltleir ved Yale

Det har vore uro og harde frontar ved amerikanske universitet heilt sidan Hamas-angrepet mot Israel 7. oktober i fjor, då om lag 1200 menneske vart drepne og 250 gislar tatt.

Etter demonstrasjonane på Columbia i april har protestane spreidd seg raskt til andre universitet i 18 ulike statar, viser ei oversikt i Chronicle of Higher Edcuation. 

Også ved fleire av dei kjende eliteuniversiteta, aukar protestane i omfang.

Ved Yale åtvarar leiinga no, ifølgje CNN, om at studentar kan risikere å bli arresterte eller suspenderte frå universitetet. Ei gruppe studentar har den siste tida sett opp teltleir på campus.

Største sidan 1960-talet

Studentdemonstrasjonane i USA er dei mest omfattande sidan 1960-talet.

I 1968 vart 700 studentar, som protesterte mot Vietnam-krigen, arresterte ved Columbia, etter at dei hadde okkupert fleire bygningar på universitetet.

På 1970- og 80-talet var fleire campusar prega av demonstrasjonar mot apartheid-regimet i Sør-Afrika. I mai 1977 vart 294 studentar arresterte under ein fredeleg demonstrasjon ved Stanford-universitetet.

Også den gongen kravde studentar og tilsette at universiteta skulle stanse investeringar og kutte økonomiske band og støtte, den gong til universitet i Sør-Afrika.



Powered by Labrador CMS