utanlandske studentar

Krass kritikk frå Sivil­ombodet: — Dette er ei «god dag mann økseskaft»-sak

Studenten fekk ikkje oppretta norsk bankkonto, og blei difor nekta opphald i Noreg. Handsaminga får krass kritikk: — Saka gjer inntrykk, seier sivilombod Hanne Harlem.

Utlendingsnemnda er unødvendig firkanta i denne saka, meiner sivilombod Hanne Harlem.
Publisert Oppdatert

Ein kvinneleg student frå USA hadde fått studieplass i Noreg. Ho hadde, slik det er krav om, pengar nok til å sikra seg økonomisk medan ho skulle vera i landet. Men fordi ho ikkje hadde ein norsk bankkonto i eige namn å overføra pengane til, og heller ikkje ein depositumskonto frå utdanningsinstitusjonen tilgjengeleg, fekk ho avslag på søknaden om opphald. 

Fakta

Utanlandsk student i Noreg

  • Dersom du kjem frå eit land utanfor EU/EØS og ønskjer å studera i Noreg må du søkja om en opphaldsløyve for studium. Dette vert òg kalla løyve til å studera
  • For å kunne studera ved eit universitet eller ein høgskule må du ha fått opptak der, og du må ta utdanninga på fulltid
  • Du må ha nok pengar  å leve for i perioden du skal studera i Norge. Dette vil seia minst 

    13.079 kroner i måneden, eller 151 .690 kroner i året for heile skuleåret. 

  • Pengane kan koma frå studielån, stipend, eigne pengar på konto i ein norsk bank eller på studiestaden sin depositumskonto, eller ein kombinasjon av dette. Dersom du skal betala skulepengar, må du i tillegg ha pengar til å betala dette eller dokumentera i søknaden at skulepengene er betalt for studieåret 
  • Du m¨å òg ha ein stad å bu
  • Kjelde: UDI

Først sa Utlendingsdirektoratet (UDI) nei, deretter Utlendingsnemnda (UNE).

No har saka vorte handsama hos Sivilombodet. I ein tydeleg uttale seier dei at UNE ikkje hadde grunnlag, verken i lov eller forskrift, til å krevja at pengane vart overførte til ein bankkonto i søkjar sitt eige namn. I tillegg har ikkje studenten fått god nok rettleiing.

— Denne saka gjer inntrykk på meg, seier sivilombod Hanne Harlem til Khrono.

— Det handlar om nokon som kjem utanfrå og ser inn, og så blir ein heilt sjakk matt.

— Meiner Sivilombodet at UNE er unødvendig firkanta i denne saka?

— Ja, det meiner me definitivt.

Føreslo å bruka klientkonto

— Ein utruleg frustrerande prosess, seier advokat Lars Erikssen.

Han vart kontakta av studenten etter at Utlendingsdirektoratet (UDI) hadde avslått søknad om opphald. Erikssen kom med forslag om at studenten kunne overføra pengar til klientkontoen hans. Ein får nemleg ikkje lov til å oppretta bankkonto i Noreg før ein har flytta hit.

— Ein slik klientkonto er noko av det sikraste som finst. Eg føreslo dette både munnleg og skriftleg for både UNE og UDI, men det vart aldri skikkeleg drøfta. Til slutt fekk eg beskjed om at dersom pengane hadde vore på konto, så kunne ein ha vurdert dette, seier Erikssen.

Men fordi pengane ikkje hadde vore på konto då avslag på opphald vart gitt, vart vedtaket oppretthalde. Erikssen sende så saka til Sivilombodet, og er nøgd med handsaminga der.

— Kjem studenten til å søkja på nytt, for å kunne koma til Noreg neste studieår?

— Nei, for henne er det heilt uaktuelt, seier Erikssen.

Finn ingen heimel

Sivilombodet seier i uttalen sin at saka stiller to hovudspørsmål: 

Har utlendingsforvaltninga rettsleg grunnlag for å krevja at utlendingar som søkjer opphaldsløyve som student, og som skal ha pengar til opphald sjølve, må overføra desse pengane til ein konto i eige namn eller til ein depositumskonto som den aktuelle utdanningsinstitusjonen har gjort tilgjengeleg?

Det andre spørsmålet er om UNE har fylt plikta til rettleiing.

— Me meiner at det ikkje finst heimel for desse retningslinjene. Slik vert det altså ein dobbeltfeil i denne saka, seier sivilombod Harlem.

— Ein skal kunne visa at ein har eigne midlar — det er greitt nok. Men så handlar det om måten ein vert møtt på. Dette vert ei god dag mann økseskaft-sak. Forvaltninga har ei rettleiingsplikt, seier ho.

To fekk ikkje opphald

I uttalen frå Sivilombodet er det vist til svar frå Utlendingsnemnda. Der kjem det fram at det tidvis vert godteke at den som søkjer opphald i Noreg på desse vilkåra har pengane på bankkonto i heimlandet, men det gjeld berre dersom det er vanskeleg å overføra midlar til Noreg. Dette vil gjelda studentar frå Russland og Iran. UNE viser elles til at det er depositumskonto hos utdanningsinstitusjonen som er den vanlege måten å løysa dette på.

Ifølgje advokat Eriksen hadde den aktuelle studiestaden hatt nokre uheldige saker med bruk av slik konto, og ville difor ikkje bistå den amerikanske studenten med dette.

Einingsleiar Terje Østraat i UNE skriv i ein e-post til Khrono at studenten la fram dokumentasjon på at ho hadde eigne midlar.

— I ei slik sak er det krav om at beløpet vert overført til ein norsk bank, slik UDI har høve til etter utlendingsforskrifta. Utover dette finst det i utgangspunktet ingen andre moglegheiter til å oppfylla dette kravet, seier han.

Østraat seier at som hovudregel vert kravet oppfylt ved at pengane vert overførte til ein depositumskonto hos utdanningsinstitusjonen, men at i denne saka ønska ikkje institusjonen å medverka til dette då studenten søkte.

— Først etter at UNE hadde avgjort søknaden bestemte utdanningsinstitusjonen seg for å bistå studenten med å oppretta ein slik konto, seier Østraat.

— Kvifor var ikkje løysinga om å ha pengane på advokat Eriksen sin klientkonto noko ein kunne seia ja til?

— Sidan studenten ikkje viste dokumentasjon på at midlane hadde vorte overførte til ein norsk bank, meinte UNE at kravet ikkje var følgt. På det tidspunktet der vedtaket vart fatta var heller ikkje studentane sine pengar overførte til advokat Eriksen sin klientkonto. Dette var en føresetnad for at UNE skulle ta stilling til om ei slik løysing var nok til å oppfylla kravet.

I 2023 var det berre to saker der ein student ikkje fekk opphald fordi pengar ikkje var overført til konto i Noreg og der det ikkje var tilgjengeleg depositumskonto, og praksis viser at det er sjeldan at dette er grunnen for at ein student ikkje får opphald, seier Østraat.

— Me meiner difor at uttalen frå Sivilombodet vil få avgrensa viktigheit for handsaming av slike søknader. Men ved behov vil UNE vurdera moglegheitene for alternative løysingar.

Vert beden om å legga til grunn seinare

Den amerikanske studenten søkte om opphald i juni 2023. Avslaget kom i september, og saka var ferdighandsama hos Sivilombodet i mars. I uttalen heiter det at sidan studieåret for lengst er i gang, har det ikkje noko føre seg å be UNE om å handsama saka på nytt.

«UNE bes imidlertid om å merke seg ombudets uttalelse, og legge den til grunn ved behandling av fremtidige saker om oppholdstillatelse som student», skriv Sivilombodet.

— Harlem, får saka nokre konsekvensar?

— Dersom me ikkje høyrer noko, så legg me til grunn at UNE har teke til seg det me har sagt. Men det hender at me etter nokre månader sender eit brev for å følgja opp saker. Eg ser ikkje vekk frå at me gjer det i denne saka.

UNE kommenterer uttalen frå Sivilombodet slik:

— Me tek det til orientering, og framover vil me vurdera korleis me kan oppfylla plikt om rettleiing på best mogleg måte, skriv Østraat.

Powered by Labrador CMS