organisering
HK-dir tek over ansvaret for spørjeundersøkingane om studiekvalitet
Frå 1. januar 2025 skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) overta ansvaret for dei nasjonale spørjeundersøkingane om studiekvalitet.
Det skriv Regjeringa i ei pressemelding tysdag.
Spørjeundersøkingane det blir sikta til gjeld nærare bestemt studiebarometera og undervisarundersøkingane.
Arbeidet med studiekvalitet skal styrkast og samlast i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Koordineringsansvar
Fram til no har ansvaret for desse undersøkingane lagt hos Nokut.
No får HK-dir eit overordna koordineringsansvar for statistikk, analyse og informasjonsarbeid om studiekvalitet i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning frå 2025, står det i pressemeldinga.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) seier at endringa er eitt av fleire grep regjeringa tek for å auke studiekvaliteten.
— No samlar vi oppgåver som naturleg høyrer saman, og vi frigjer viktige ressursar i Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga), uttalar Hoel i pressemeldinga.
Khrono har fleire gongar skrive om at det har vore ein propp hos Nokut. I vinter vart det kjent at regjeringa føreslær at fagskulane vert sjølvakkrediterande. Elles har det vore kø mellom anna fordi utdanningsinstitusjonar har søkt om å oppretta nye profesjonsutdanningar og fordi det har vorte levert inn søknader om endring av status frå høgskule til universitet.
Meir reindyrka
Det blir elles nemnd at Nokut skal bli meir reindyrka som eit fagleg uavhengig organ med akkrediterings-, tilsyns- og evalueringsoppgåver.
Oppgåva med evalueringar av studiekvalitet blir verande i Nokut. Det er ei lovheimla oppgåve som føreset fagleg fristilling. Flytting av ansvar og arbeidsoppgåver frå NOKUT til HK-dir inneber ikkje endringar i nivåa på driftsbudsjetta for dei to verksemdene.
I statsbudsjettet for 2024 overførte regjeringa 200 millionar kroner til universiteta og høgskulane for å styrke det desentraliserte og fleksible studietilbodet. Pengane blei flytta frå program og tilskotsordningar som HK-dir forvalta. Dermed blir det frigjort kapasitet i HK-dir knytt til avvikling av tilskotsordningar, melder Regjeringa.
Nyeste artikler
Disse utfordrer direktør Benjaminsen
NTNU, rydd opp! Kjenn deres samfunnsoppdrag!
Sterk kritikk av sikkerheten ved felt- og laboratoriearbeid
Misforstått om plagiat
Undersøkte etisk handel ved fire universiteter. Dette fant de ut
Økende arbeidsledighet blant nyutdannede jurister
Mest lest
Professor ber dekan om å gå av: — Null tillit
Gruppa skal jobbe for mangfold og likestilling. 14 av 16 er kvinner
Avlyser fire mastere på grunn av økonomisk svikt
Frykter at Norge sitter igjen med bare tysk, fransk og spansk om ti år
Høgskulestyret sa opp direktøren i lukka møte
Litt tyngre å få jobb med master