Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
— Då eg var fersk student og ny i byen var det veldig kjekt at nokon kunne gå saman med meg over Puddefjordsbrua nattestid, seier Ingrid Handeland.
Ho er faddervaktleiar i Sammen, og organiserer alle dei som skal gå faddervakt i Bergen sentrum neste veke. For sjuande gong har utdanningsinstitusjonane og studentsamskipnaden si eiga natteramnordning den aller første studieveka. Både rektorar, andre tilsette, politikarar og studentar har allereie meldt seg, men det er plass til fleire frivillige. Målet er å vera 25 personar ute kvar natt. Påmeldingsskjemaet finn du her.
Det som byrja som ei ordning ved Det juridiske fakultetet ved UiB, gjeld no heile studentbergen. Det er studentsamskipnaden som organiserer. Trondheim og Agder har òg faddervaktordningar, og i år har Oslo ei slik ordning for første gong.P
— Me har kasta oss rundt. Ein rapport frå legevakten i Oslo viser at august er den månaden der flest unge kjem til legevakten i Oslo i samband med rus. Difor vil me gå faddervakt helga i fadderveka, seier Gard Frøvoll.
Han er leiar i velferdstinget i Oslo og Akershus.
I Bergen er faddervaktene ute kvar natt frå måndag til lørdag, frå klokka 22 til 3.
— Me har base på Torgallmenningen. Her har me vatn, bollar og bananer å dela ut. I tillegg går me rundt i sentrum, der me veit at studentar ferdast, seier Handeland.
Les også: Desse faddervekeaktivitetane får støtte
Nytt av året er at faddervaktene har ein eigen varslingstelefon. Den har Handeland, som skal gå faddervakt alle dei seg nettene, med seg.
Ingrid Handeland
— Mest sannsynleg skjer det ingenting alvorleg. Men me ønskjer å tilby at ein kan ringja ein vaksen, edru person dersom ein opplever noko ubehageleg, eller dersom det er noko ein er usikker på. Så kan eg hjelpa dei som ringjer vidare, seier Handeland.
For nokre år tilbake var det fleire alvorlege hendingar i fadderveka. Dei siste åra har alle som skal vera fadrar gått på kurs – og talet på uønska hendingar har gått ned. Faddervaktleiaren skryt av fadderleiarane.
— Dei er proffe, og har laga ulike program, slik at me unngår at alle dei nye studentane er i sentrum samstundes. Det skal dei ha honnør for, seier Handeland.
Faddervaktene hjelper dei ferske studentane med å finna rett buss, eller ein drosje. Nokre følgjer ein heim, og elles kan ein svara på spørsmål.
— Målet vårt er at alle skal ha eit godt og trygt møte med det me meiner er verdas beste studentby. Ingen skal gå åleine og ingen skal oppleva press, seier Handeland.