Dagens universitet hadde aldri funne plass til ein type som Frank Aarebrot, meiner Bernt Hagtvet. I dag held han den aller første Aarebrotforelesningen til minne om den populære UiB-professoren. Foto: Silje Katrine Robinson
Dagens universitet hadde aldri funne plass til ein type som Frank Aarebrot, meiner Bernt Hagtvet. I dag held han den aller første Aarebrotforelesningen til minne om den populære UiB-professoren. Foto: Silje Katrine Robinson

Hagtvet med maratonforelesing på NRK: «Universitetet skal ha plass til dei som ikkje følgjer straumen»

Minneforelesning. Bernt Hagtvet rosar Universitetet i Bergen for å ta vare på tradisjonen etter Frank Aarebrot. Elles har han lite pent å seie om universiteta, eller «utsilingsmekanismen for næringslivet», som han kallar det.

Publisert   Sist oppdatert
Fakta

Frank Aarebrot (1947-2017)

Professor ved Universitetet i Bergen (UiB) fram til sin død i september 2017.

Adjungert professor i demokratiutvikling ved Örebro universitet.

Jobbet ved UiBs Institutt for sammenliknende politikk siden 1977.

Forsket mye på demokrati og valganalyse, og ble svært mye brukt som politisk kommentator og valgekspert i media.

Holdt sin siste offisielle forelesning på UiB i april 2017, og hadde blitt professor emeritus.

Utdanning: Universitetet i Bergen,University of Michigan, Yale (stipendiat).

Utmerkelser: Norges forskningsråds formidlingspris, Christieprisen.

Kilde: På Høyden og Wikipedia

Fredag skal professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet, halde den aller første minneforelesinga etter Frank Aarebrot, som gjekk bort i september 2017.

Forelesinga sendast på NRK2 frå kl 19:55 fredag kveld.

Det blir fullt hus i universitetsaulaen i Bergen, direktesending på NRK, to hundre minutt lang forelesing om fascismens historie, som kanskje er blitt samtid – eigentleg ei usannsynleg hending i snapchatsamfunnet. Men Aarebrot trakka opp stien, med sine suksessrike maratonforelesingar om norsk historie.

— Det er ei ære å få lov til å halde denne forelesinga. Frank er som kjent i himmelen no, på fellesseminar med Stein Rokkan. Der er det vanskeleg å komme til orde, så eg er heldig som får taletid her i staden, seier Hagtvet til På Høyden.

Ikkje ulikt Aarebrot, er Hagtvet kjent som ein som snakkar rett frå levra, og han snakkar mykje frå ei veldig stor lever. Dei som har følgt med på debattar om universitet, forskarrolle, (ut)danning og den slags, veit at professoren ikkje er redd for å helle bensin på bålet, eller tenne det opp.

— Men no må du ikkje setje meg i gang, seier professoren.

Det er lettare sagt enn gjort.

Les mer: Khronos saker om Frank Aarebrot

Slaget i lufta

Universitetet i Bergen tok vare på Frank. Det er nesten utenkeleg at det same kunne ha skjedd på Universitetet i Oslo.
Bernt Hagtvet
Professor emeritus, UiO

— Universiteta står i fare å bli stader der folk syslar med hjelpelaust pomor-engelsk og ordforråd på åtte hundre ord. Universiteta er ikkje berre til for å gjere folk kvalifiserte til jobbar. Vi må aldri gløyme at dei også skal gi personleg danning og øve folk opp i evna til å tenke sjølv. Det er grunnmuren i demokratiet.

For nokre år sidan stod Hagtvet et al. for eit gjenopplivingsforsøk. Då redigerte og publiserte han 800 sider med artiklar med håp om «en bred universitetspolitisk debatt» om universiteta si almenndannande rolle for å skape ein kunnskapsfundert, demokratisk kultur. Tittel: Dannelse. Tenkning, modning, refleksjon: Nordiske perspektiver på allmenndannelsens nødvendighet i høyere utdanning og forskning.

— Lære å lære, lære å tenke kritisk og sjølvstendig, det er det det handlar om, seier Hagtvet.

Det er for lite danning på dagsorden.

No ligg også debatten for døden.

— Boka vart eit slag i lufta. Du kan sjekke om boka fortsatt er å få tak i.

Rektorane, og særskilt ikkje «Oslo Metadon University» og andre «stankelbeinuniversitet», er ikkje interesserte, meiner Hagtvet. Filosofane sit truleg og ser på kvarandre, medan restane av danningsportalen ved norske universitet, examen philosophicum, renn ut i den instrumentelle sanden.

— Logikk, semantikk, sakleg argumentasjon, det er for lite av dette.

Men no må vi ikkje setje han i gang.

Vi må snakke om Aarebrot. Faget. Vennskapet. Anekdotane.

Frank og Bernt – og Stein

Frank og Bernt, dei er begge av same intellektuelle slekta, søner av Stein Rokkan, den store statsvitaren og grunnleggaren av faget samanliknande politikk i Bergen. Frank og Bernt, dei har begge markert seg med sprenglærd entusiasme og denne gleda over å snakke «håll i håvve» på folk – som har ein sterk tendens til å like det.

— Eg trefte dei begge, Stein og Frank, på Yale i 1969. Vi var begge griseheldige, som Frank uttrykte det, som fekk Rokkan som lærar. Rokkan var eit veldig ope og demokratisk menneske. Vi fekk vere med på konferanse med ein gong, på grunnfag. Det var heavy, men gøy, seier Hagtvet.

Og minna strøymer på.

— Eg og Frank evakuerte kontoret til Rokkan i 1970. Det var store demonstrasjonar i New Haven, etter tiltalane mot medlemmer av Black Panthers. Bombetruslar. Vi bar ut bøkene. Det vart funne dynamitt på juridisk fakultet. Forresten er eg den einaste som har fått Frank i bassenget. Men det gjekk ikkje så bra, for då blei han så våt. Vi prøvde å halde oss i form, veit du. Frank var nattmenneske. Fordi det var billegast å køyre holkort på computer-senteret om natta, levde han der medan vi andre sov. Eg forstod aldri kva han heldt på med, men han las seg nok opp til arbeidet sitt som valforskar den gongen.

Hagtvet stoppar sin eigen stream of consciousness ein augneblink.

Han har noko fint å seie om universitetet. I Bergen.

Som Sokrates

— Universitetet i Bergen tok vare på Frank. Det er nesten utenkeleg at det same kunne ha skjedd på Universitetet i Oslo.

Utan at han har så lyst til å utdjupe det i denne samanhengen. Men ingen har gått glipp av at Hagtvet ikkje ser på aldersgrenser i staten som føremålstenleg.

Hagtvet tenker på gravferda for Frank i fjor.

— Det er bevegande at ein universitetsforelesar kunne fylle ei kyrkje. Frank stod for ein sterk og god forelesingstradisjon. Ein god forelesar skal hisse opp intellektet. Du skal møte ein personlegdom når du går på ei forelesing. Ei forelesing er røyndomen filtrert gjennom eit temperament. Der har du Frank.

— Frank var eit varmt menneske, ujålete og modig. Han likte seg på torget, som ein slags statsvitskapens Sokrates. Det er bra at Universitetet i Bergen tar vare på tradisjonen etter Frank, seier Hagtvet.

Det er berre det, og no må vi ikkje setje han i gang:

— Universitetet er blitt litt for kjedeleg. Universitetet skal ha plass til dei som ikkje følgjer straumen, dei eksentriske. Men det har det knapt no.

(Endå) meir alvorleg: Det er ikkje rom, for ikkje snakke om opne landskap, for typar som Aarebrot i dag. Eller som Hans Skjervheim, (den store filosofen). Eller Stein Rokkan.

— Hadde aldri nådd fram

Ein god forelesar skal hisse opp intellektet.
Bernt Hagtvet
Professor emeritus, UiO

— Rokkan og Skjerveheim skreiv ikkje noko særleg før dei var førti eller så. Dei hadde aldri nådd fram i dag. Nokre treng tid, til å finne sin profil og si stemme. No seier reglane at du må levere doktorgraden på eit heilt bestemt tidspunkt. Det er absurd.

Hagtvet rakk å finne si stemme, og den var aldri av den lydige sorten. Det ligg i korta at ein som vier livet til studiar av folkemord, ikkje blir ein som lograr for systemet.

Kjem fascismen tilbake?

Det er blodig alvor på programmet på Aarebrot-forelesningen og NRK2 fredag. Kan vi lære frå mellomkrigstida og krisene for demokratiet?

Er det nokon som vil lære?

Tja.

— Undervising er blitt ei vare, universitetet er dessverre blitt ein utsilingsmekanisme for næringslivet, seier Hagtvet.

Ikkje at han kjem til å halde kjeft. Ikkje i Bergen på fredag. Ikkje i aulaen. Ikkje på fjernsyn.

Men no må vi ikkje setje han i gang.

— Eg elskar universitetet, seier Hagtvet.

— Men det er blitt ein forsmådd kjærleik.

Aarebrotforelesningen skal frå 2018 haldast årleg til Frank Aarebrots minne. Hensikta er å heidre den munnlege formidlingstradisjonen som Aarebrot stod for. Kvart år skal ein fagperson som har utmerkt seg med særlege kvalitetar som forelesar i ein munnleg forteljarstil inviterast til å halde forelesinga. Arrangementet er eit samarbeid mellom UiB, Frank Aarebrots familie og Studentersamfunnet i Bergen.​