Illustrasjonsfoto: Det andre Teater i Oslo. Foto: Skjalg Bøhmer Vold.

Jublar for teatervitskap i Bergen

UiB. Masterprogrammet i teatervitskap i Bergen var trua. No er det klart at dei slipp å leggje ned.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— No er eg veldig glad. Og litt rørt, faktisk.

Det sa førsteamanuensis Keld Hyldig til På Høyden like etter fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet har gjort vedtak i saka om bemanningsplanen: Teatervitskap slepp å kutta ei vitskapeleg stilling. I staden får ikkje historie tilsetja i stillinga som vert ledig i 2019.

På tilhøyrarplassane i styrerommet satt studentar frå teatervitskap. Jubelen begynte så vidt inne i salen, og heldt fram på gangen utanfor. Vedtaket betyr at faget framleis kan ha studentar på både bachelor- og masternivå.

— Brot med strategien

Ann-Kristin Helland Gujord representerer Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i fakultetsstyret. Ho argumenterte sterkt for at teatervitskap framleis skal ha tre vitskepelege stillingar.

— Å kutta hos teatervitskap opplever eg som eit brot med UiB sin strategi. Der står det mellom anna at ein skal styrka relasjonane til næringsliv og kulturliv. Teatervitskap utdannar kandidatar til kultursektoren. Eg synest det er strategisk uklokt å kutta ei stilling hos teatervitskap, og eg likar ikkje signalet det sender, sa Gujord til På Høyden.

Ho peika òg på at i forslaget til bemanningsplan er det institutta med småfag, altså LLE og Institutt for framandspråk (IF) som må kutta.

Alle kutta er kontroversielle, og eg er fullt klar over at det er strid om enkelte punkt i planen.

Jørgen Sejerstedt

— Dersom ein gjer dei kutta som er føreslegne, vil det ikkje lenger vera mogleg å ta master i teatervitskap i Noreg. Dette er ei sak som er større enn HF og UiB, det handlar om eksistensen av ein akademisk disiplin.

Gujord vart støtta av Kjetil Berg Henjum, som representerer IF.

— Det er noko prinsipielt i å legga ned eit mastertilbod, og det kan ikkje akkurat seiast å vera ei satsing. Det vert eit kunstig andedrag, ei utsetjing av nedlegging. Ser ein til dei som berre kan tilby bachelorprogram, er det masterprogram dei ønskjer seg. Me går motsett veg, først med arabisk og no med italiensk og teatervitskap, sa han.

Dekan Jørgen Sejersted peika på at det ikkje er aktuelt å legga ned faget, og at teatervitskap i bemanningplanen vil få erstatta ei av to stillingar i perioden.

Tjue lektorstudentar

Fellesforslaget frå Gujord og Henjum var at historie må kutta ei stilling.

— AHKR ( Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap red. anm) har avgang i seks stillingar i perioden, og misser ingen av desse. Historie har fire av avgangane. Faget er ei av maskinene ved fakultetet, og kan på mange måtar samanliknast med nordisk. Nordisk har fire avgangar og skal mista 1,5 stilling. Dersom ein tek ei stilling frå historie set ein ikkje faget i ein prekær situasjon, argumenterte Gujord.

Det var Camilla Brautaset, som representerer Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, ikkje samd i. Ho peika på eit svært høgt tal på studentar og på at faget skal få inn tjue lektorstudentar kvar haust frå 2019.

— Historie har ingenting å gå på, og faget har allereie tatt kutt. Ja, det finst stordriftsfordelar, men det er ein ting ein ikkje har stordriftsfordelar på, og det er rettleiing. Me skal rettleia tjue lektorstudentar i tillegg til dei førti andre som tek master kvart år, sa Brautaset.

Fakultetsleiinga peika òg på at historie har mange studentar og generelt stor aktivitet – og slik bidreg med store inntekter til fakultetet.

Kontroversielt

Dekan Jørgen Sejersted skisserte innleiingsvis bakgrunnen for den langsiktige bemanningsplanen: Det handlar om underskotet og det trykket fakultetet er under for å snu ein økonomisk trend.

— Me skisserer dei åtte stillingane som ikkje skal vidareførast, men me seier òg noko om kven som vil kunne få auka opp den faglege staben dersom det vert uventa avgangar i perioden, sa Sejersted.

Planen er bindande. Det betyr at institutta ikkje vil kunne omrokkera sjølve. Det er òg fakultetsstyret som tilset i vitskapelege stillingar.

— Alle kutta er kontroversielle, og eg er fullt klar over at det er strid om enkelte punkt i planen. Fakultetet har vorte kontakta frå fleire hald, sa Sejersted, og la til at russisk-miljøet er eit av dei som er opprørte.

— Men dei har ikkje aksjonert slik teatervitskap har gjort. Samstundes er eg glad for at teatervitskap har aksjonert, det viser HF sin situasjon, sa dekanen

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS