Slik kan helseklynga i Bergen bli. Illustrasjon: Studio Gohde/B+B Arkitekter

Oslo stenger klinikk, Bergen bygger ein ny

Mens Universitetet i Oslo nettopp stengde sin psykologiske klinikk på dagen, bygger Universitetet i Bergen ein ny.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dekan Bente Wold ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) har følgd nøye med på utviklinga i klinikksaka ved Universitetet i Oslo (UiO) den siste tida: Er problema i Oslo noko som kan få konsekvensar for dei andre studentklinikkane?

Har hatt gjennomgang

Men så langt finn ho ingen grunn til uro.

— Eg har vore i kontakt med Pål Kraft, som er leiar for Psykologisk institutt ved UiO. Dei punkta vi har fått opplyst derifrå er ikkje noko problem for oss i det heile tatt. Dersom dei finn noko som og gjeld våre rutinar må vi sjå på det, seier Wold til På Høyden.

I Bergen har dei nyleg hatt gjennomgang av klinikkrutinane, utan å finne avvik.

Klinikkdrifta skal ha eit klart formål ved seg: Ho skal understøtte den oppgåva vi har med å utdanne
studentar

Dag Rune Olsen

Praksisen er og lagt opp ganske annleis i Bergen og Oslo: I Bergen får dei kliniske psykologane opplæring på studentklinikkar på tredje til femte studieår, før dei har ekstern praksis i den vanlege helsetenesta. Dermed får dei ein mjuk start med interne rettleiarar tilsett ved universitetet, og ei pasientgruppe med lettare psykiske vanskar.

Pussig med stenging

Wold har vore klar over at UiO-leiinga har ønska å flytte den kliniske praksisen bort frå universitetet, men synest de er litt pussig at klinikken har blitt stengt så raskt.

— Dersom dei ønsker å skilje studentane si opplæring i klinisk praksis frå universitetet, så er det det motsette av kva vi ønsker, seier Wold.

På UiB er det tre klinikkar, i tillegg til ein nevropsykologisk klinikk: Ein for barn og ungdom, ein for unge vaksne, og ein for eldre vaksne.

— Dei pasientane vi tek inn til klinikkane er pasientar med lettare psykiske plager. Slik er det som regel ikkje i spesialisthelsetenesta. Vi tenkjer at det er ein veldig fordel for våre studentar å begynne med pasientar i trygge og kontrollerte omgjevnader, og vi får til et godt og trygt tilbod med fokus på opplæring, seier Wold.

Manglar klinikkleiar

Ho meiner at alt av formelle rutinar og system er på plass. Likevel er det éin ting som manglar ved klinikkane i Bergen: Det er for tida ingen klinikkleiar for Psykologisk poliklinikk for barn og ungdom. Roar Solholm hadde 20 prosentstillinga tidlegare, men trakk seg av misnøye med planane om å flytte instituttet og klinikkane til Helsecampus Årstadvollen, som skal byggast ut.

I mellom tida har den nye instituttleiaren, Åsa Hammar, tatt på seg jobben.

— Dette er noko vi held på med å finne ei løysing på. Hammar er konstituert i stillinga, men det er klart at vi ønskjer å få på plass nokon så raskt som muleg. Vi må heile tida ha nokon som er tilstade på klinikken. Grunnen til at vi alltid har ein fast spesialist tilstade er i tilfelle det oppstår vanskelege situasjonar, forklarer Wold.

Det er heller ingen tilsette som driv privat praksis på fakultetet, eller har pasientkontakt utover eventuell oppfølging av pasientane frå klinikken.

Går gjennom rutinar
Åsa Hammar begynte nyleg som leiar ved Institutt for klinisk psykologi ved UiB, og fikk dermed ansvar for tre studentklinikkar.

— Vi kjem til å ha fokus på å gå gjennom all vår dokumentasjon om reglar og rutinar framover. Men det eg har sett så langt gir meg ingen grunn til uro, seier Hammar til På Høyden.

Ho innrømmer likevel at det ikkje er ideelt at ho som instituttleiar òg har ansvar for ein av klinikkane.

— Det er inga god løysing, og vi har ein diskusjon om det no på instituttet, og er i dialog med dekanatet, seier ho.

Viktig for utdanningane
Når helseklynga er ferdig utbygd om nokre år vil Universitetet i Bergen ha ein odontologisk poliklinikk på staden, tre kliniske psykologiklinikkar, samt kanskje ein nevropsykologisk poliklinikk, der studentane kartlegg funksjonen til hjernen hos ulike pasientgrupper. I tillegg vil Bergen kommune ha eit kommunalt fastlegekontor på staden.

– Vi skal framleis ha klinikkdrift ved UiB, i den grad det er viktig for utdanningane våre, seier rektor Dag Rune Olsen.

Han understrekar at universitetet ikkje ser noko negativt med studentklinikkar, sjølv om behandling i første rekke skal skje i helsevesenet.

– Klinikkdrifta skal ha eit klart formål ved seg: Ho skal understøtte den oppgåva vi har med å utdanne studentar. Og drifta skal vere i tråd med reglane, seier han. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS