Toril Moi er ein sterk forsvarar av humaniora, og feminist. No vert ho æresdoktor ved UiB. Foto: Tor Farstad

Toril Moi vert æresdoktor

Litteraturprofessor Toril Moi vert æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Ti nye æresdoktorar vert heidra i oktober.

Publisert Sist oppdatert

Eit æresdoktorat er den største æra UiB kan gi personar som ikkje er tilsett ved universitetet, og vert stort sett delt ut til svært framifrå personar innan ulike fagområde.

15. oktober, dagen etter at Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar igjen opnar for publikum, skal ti æresdoktorar heidrast i Universitetsaulaen.

Ei av dei som vert heidra er Toril Moi. Litteraturprofessoren har vore både student og tilsett ved UiB, og var professor to her fram til 1996. Men heilt sidan 1989 har ho vore tilsett ved Duke University i Nord-Carolina i USA.

Frå Bergen til USA

– Eg fekk eit jobbtilbod etter å ha vore gjesteprofessor ved Duke, og det var gode betingelsar. Samstundes var eg vel ikkje spesielt nøgd med jobben eg hadde i Bergen, sa Moi til På Høyden i samband med 60-årsdagen hennar i 2013.

UiB Aktuelt skriv om alle dei ti æresdoktorane. Om Moi heiter det at mange av tekstane hennar har vorte klassikarar innanfor ulike fag, at ho skriv tekstar som på ein nyskapande måte sameiner ulike fag, og at ho opptrer som ein sann intellektuell i det offentlege.

Eg fekk eit jobbtilbod etter å ha vore gjesteprofessor ved Duke, og det var gode betingelsar.

Toril Moi

Moi var i Bergen i samband med Christiekonferansen i 2018. Då hadde ho metoo som eitt av temaa i føredraget sitt.

— Det er faktisk ikkje okey at menn forsyner seg. Ein tolererer ikkje lenger at menn oppfører seg uhøvisk og respektlaust. Og mennene, dei skal ikkje tolerera metoo-kampanjen. Dei skal lata seg endra, sa Moi.

Moi skriv i ein e-post til På Høyden at ho kjem til Bergen for å ta imot æresdoktoratet.

Kreftforskar og songar

Seks kvinner og fire menn vert utpeika til æresdoktor ved UiB i denne omgangen. Det er, i tillegg til Moi:

— Sir Peter Gluckman. Han har vore vitskapeleg rådgivar for presidenten på New Zealand, og er no leiar for The International Network of Government Science Advice (INGSA), som er eit stort nettverk av internasjonale vitskapsrådgivarar.

— Ambassadør Peter Thomson, FNs generalsekretærs spesialutsending for hav.

— Professor Jo-Anne Baird, direktør for Department of Education ved Universitetet i Oxford.

— Professor Bruce R. Zetter, Charles Nowiszewski-professor i kreftbiologi ved Harvard Medical School. Zetter har vore kreftforskar i meir enn førti år.

— Professor Pippa Norris, professor i statsvitskap ved University of Sydney og verdas femte mest siterte samfunnsforskar.

— Professor Ragnhildur Helgadóttir, dekan ved Universitetet i Reykjavik. Ho har ved to tilfelle fore høgsterettsdommar på Island, og er varamedlem til den europeiske menneskerettsdomstolen.

— Professor Anne Canteaut, ein av verdas leiande kryptologar, og forskingsleiar ved forskingssenteret Inria Paris.

— Professor Eamon Duffy. Han vart tilsett ved universitetet i Cambridge i 1979, og er no professor emeritus. Duffy har forska på tru og uttrykk for tru i vanlege folk sine liv, og har mellom anna jobba mykje med reformasjonen i England.

— Songar Lise Davidsen. Ho er utdanna mellom anna ved Griegakademiet ved UiB, har vore solist med fleire av dei store symfoniorkestra, og har nyleg teikna kontrakt med Decca Classics – som første norske sopran sidan Kirsten Flagstad.

Ingeniør var den første

UiB har no i alt 134 æresdoktorar. Den første var ingeniøren Odd Dahl i 1951. Dei siste vart tildelt i 2017, då var det åtte namn på lista. Blant dei var nobelprisvinnarane Edvard og May-Britt Moser.

Powered by Labrador CMS