Søkerliste

4 vil bli rektor ved NHH

Det har meldt seg fire søkjarar til stillinga som rektor ved Norges Handelshøyskole, mellom dei sitjande rektor Øystein Thøgersen.

Øystein Thøgersen ønskjer seg fire nye år i rektorstolen på NHH.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Øystein Thøgersen er den første tilsette rektoren ved Norges Handelshøyskole (NHH). Han vart tilsett i 2017. No gjer som han som han varsla allereie midt i oktober: Søkjer om fire nye år.

Søkjarar rektorstilling NHH

NamnAlderStilling
Neda Olsen38Well engineer at Equinor
Harsh Gada32Managing partner
Dr A S Werulkar48St. Vincent Pallotti College of Engineering ang Technology
Øystein Thøgersen56Rektor

Til Finansavisen sa han den gong at det er utruleg givande å leia ein internasjonalt orientert handelshøgskule med gode resultat og høge ambisjonar.

Thøgersen kom til rektorstillinga frå Institutt for samfunnsøkonomi. Han er professor, og har tidlegare vore instituttleiar.

Thøgersen får selskap av tre andre søkjarar. Stillinga hadde søknadsfrist i slutten av oktober.

Etter planen skal rektor tilsetjast i NHH sitt styremøte i desember. Den nye rektorperioden startar i august 2021.

Powered by Labrador CMS