Denne gongen var det gjort i ei handvending. Men ofte går rekruttering av frivillige til befolkningsstudiar tregt.

— Eg har vore med på studiar om reproduksjon der gutar har svimt av ved blodprøver. Men sædprøvene har gått greitt, konstaterer professor og leiar for forskingsgruppa Reproduktiv helse hos menn på OsloMet, Trine B. Haugen.

Samlar sæd frå studentar til digital teknologi

Publisert Oppdatert

Det gjekk fort då forskingsgruppa Reproduktiv helse hos menn på OsloMet søkte etter donorar av sædprøver nyleg.

Gruppa jobbar for tida saman med eit teknologiselskap for å utvikle metodar for analyse som kan gje meir informasjon enn det som er mogleg i dag.

Før lunsj hadde meir enn mange nok meld seg til teneste.

— Det var litt overraskande, seier professor Trine B. Haugen, som er leiar for forskingsgruppa.

Etter å ha arbeidd med mange befolkningsstudiar opp gjennom åra, der det har vore behov for deltakarar eller donorar, veit Haugen at det ikkje alltid er lett å få folk med på laget. Det er ikkje så mange prøvene dette metodeprosjektet har hatt bruk for i første omgang. Likevel var det først vanskeleg å få nok sæd i hus.

Sædvane

— Dette «feltet» er nok fortsatt litt tabubelagt generelt, særleg hos den eldre garde. Det er mykje vanskelegare å rekruttere i dei godt vaksne aldersgruppene. Men blant dei yngre blir det i mindre grad oppfatta som spesielt. Det er veldig ulikt kva motivasjon folk har for å bli med på studiar. Det kan vere at ein er nysgjerrig, og det kan vere at ein lurer på korleis sædkvaliteten faktisk er. Kanskje handlar dette om at yngre menn er meir opptekne av at dei kanskje skal ha barn i framtida.

Denne gongen fekk Haugen litt hjelp frå kommunikasjonsavdelinga til å rette seg direkte mot dei unge mennene, mot studentane. Det viste seg å vere ein utløysande faktor.

I løpet av nokre timar hadde Haugen meir enn nok interesserte.

Professor Trine B. Haugen forskar på menns reproduktive helse.

Eigentleg seier regleverket at det ikkje skal betalast for biologisk materiale eller for deltaking i studiar, berre til kompensasjon for reise og liknande. Det er greitt å kompensere på eit lågt nivå, take away for 300 kroner frå Foodora er denne gongen blitt vurdert som rimeleg i bytte mot ein porsjon sæd. Professoren veit av erfaring at ein premie kan hjelpe på for å få folk til å melde seg.

— Var det take away-en som drog?

— Du skal ikkje sjå bort ifrå at det spelte ei rolle. For ein student med dårleg økonomi kan jo eit måltid til 300 kroner vere fint å få med seg, seier Haugen.

Professoren ser heller ikkje bort ifrå at den i og for seg komfortable prosedyren knytt til sjølve prøvetakinga kan spele ei rolle.

— Eg har vore med på studiar om reproduksjon der gutar har svimt av ved blodprøver. Men sædprøvene har gått greitt.

— Har studentane grunn til å vere bekymra for sædkvaliteten?

— Vi ser at talet på spermiar globalt går nedover. Det er ein trend vi har sett i mange tiår. Vi veit ikkje om dette er ein trend som vil halde fram. Men dette er ikkje nødvendigvis det same som at kvaliteten går ned, det vi ser er at produksjonen av celler går ned.

Sæd but true

Kva grunnane er til denne utviklinga, veit forskarane lite om. Men det finst mange hypotesar. Dei handlar mellom anna om miljøgifter, livsstil og overvekt.

— Eg vil seie at studentane og dei unge mennene ikkje bør vere bekymra. Det er først når ein har prøvd å få barn med ein partnar ei stund utan å lykkast at ein kan mistenke at det har med sædkvalitet å gjere.

— Er det nokon samanheng mellom utdanningsnivå og sædkvalitet?

— Det er gjort mange studiar som viser at røyking, alkohol og andre rusmiddel kan påverke helse og dermed sædkvalitet. Dette har igjen samanhengar med sosiale forhold, og da kan utdanning spele inn. Kanskje er ein også i delar av livet meir eksponert enn i andre periodar, seier Haugen, utan å direkte hekte på samanhengar mellom høgt ølkonsum og låg spermproduksjon.

Generelt er mannehelse eit underprioritert og forsømt felt, meiner forskingsgruppeleiaren.

— Vi er komne ganske langt med teknologi knytt til assistert befrukting. Det er jo også ein måte å hjelpe menn med dårleg sædkvalitet. Men som verktøy for å finne årsaker og kunne forebygge, er det mindre til hjelp. Eg er med i eit europeisk nettverk for andrologi som akkurat er starta opp med pengar frå EU og som skal jobbe med dette.

— Andro … kva for noko?

— Ja, der har du det. Andrologi. Det er, kan du seie, mannens svar på gynekologi.

Powered by Labrador CMS