Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
— Vi har prøvd å få kandidatar frå heile UiB, og ikkje berre rekruttere pampar. Og det vil eg seie at vi klart, fortel Eira Martinsen Garrido (22).
Eigentleg studerer ho film- og TV-produksjon, men bruker mest tid på å sitje i arbeidsutvalet til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB), som ho er frikjøpt til å gjere.
I år leiar ho òg valstyret til studentane, noko som kan vere ei tung oppgåve. I fjor brukte berre 19,58 prosent av studentane røysteretten sin, sjølv om det ikkje er særleg krevjande å røyste: Valet foregår på nettsiden studentvalg.no mellom 18. og 25. mars. Året før deltok 22,5 prosent.
Martine Billing
Men Garrido har saman med nestleiar Martine Billing (20) og dei andre i valstyret klart å mobilisere åtte kandidatar til dei to plassane i universitetsstyret, og åtte lister til studentparlamentsvalet. Dermed har studentane fått endå fleire val til kven dei kan røyste på.
— Informasjon er ein nøkkelting. Folk må vite at det er val. At dei ikkje veit er nok ein av grunnane til at valoppslutnaden er så låg. Men det er ikkje mangel på engasjement blant studentane, seier Billing.
— Det viser seg at mange har lyst til å vere med som kandidatar, men dei veit ikkje om at det er muleg. Å bli med på ei liste er ei skikkeleg god moglegheit, og om du stiller til val til universitetsstyret er det veldig synleg. Det er òg eit stort ansvar, seier Garrido.
Det er dessutan eit ansvar som utløyser store pengar for studentane. Representantar i styret som møter på alle møta får 140 000 kroner i godtgjerdsle på eitt år.
Martine Billing
— Men vi har ikkje lagt opp på ei linje der vi reklamerer for å stille som kandidatar til universitetsstyret ved at ein kan tene over 100 000 kroner. Vi trur heller ikkje at det er hovudmotivasjonen til dei som stiller som kandidatar, forsikrar Garrido.
— Og dei må uansett bli valde, seier Billing.
I valstyret er dei ikkje i tvil om at dei som blir valde får mykje makt.
— I universitetsstyret er rommet til å påvirke kanskje ikkje like stort, for der må ein følgje dagsordenen til styret, seier Garrido.
I parlamentet har studentane større spelerom.
— Dei som blir valde kan avgjere alt frå om det skal vere knaggar på do, til om studentane skal gå inn for at UiB skal bli klimanøytralt, seier Billing.
Valkampen er i full gang, både på sosiale medium og på stands. I valstyret satsar dei òg på at dei mange kandidatane mobiliserer mange studentar til å røyste.
— Vi byrjar valet med debatt, og skal gjere kandidatane så synlege som muleg. 12. mars blir det Sofasnakk, og 18. mars er det Generaldebatten. Og 25. mars blir det valgvake, der vi presenterer vinnarane. Vi kan berre oppmode studentane om å røyste, seier Billing.