En tidligere student ved Høgskolen i Oslo og Akershus brukte nikab. Foto: Eskil Wie / Khrono

Fire av ti studentar støtter nikab-forbod

Nikab. Fire av ti studentar vil forby nikab på norske universiteter og høgskuler - fire av ti meiner det ikkje bør bli forbudt, syner ny undersøking.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei fersk Sentio-undersøking, utført for Universitas og Norsk studentorganisasjon, syner at 41 prosent av norske studentar stør eit forbod mot nikab ved universitet og høgskular, medan 39 prosent ikkje stør eit slikt forbod, skriv På Høyden.

I fjor sommer sendte regjeringa ut eit framlegg på høyring om eit forbod mot heildekkande ansiktsplagg på norske universitet og høgskuler. Da sa nesten alle dei høgare utdanningsinstitusjonane nei til eit generelt forbod.

Universiteta kritiske til forbod

Både Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, NTNU og Universitetet i Stavanger har uttalt seg kritisk til framlegget.

Det same har rektor Frøystein Gjesdal ved Norges Handelshøyskole, som i sitt høyringssvar omtaler framlegget som «både fremmedartet og dramatisk» og som meiner at behovet for eit slikt forbod verken er dokumentert eller sannsynleggjort.

Eit slikt knapt fleirtal endrar ikkje NSO si innstilling.

Mats Johansen Beldo

Til gjengjeld har departementet fått inn ei rekkje høyringssvar frå enkeltpersonar, mange av dei også anonyme, som stør framlegget. Det same har mellom andre Hedningsamfunnet (som sidan har skifta namn til Ateistene, journ. anm) og organisasjonen Ex-Muslims of Norway gjort. Norsk studentorganisasjon (NSO) har vore kritiske til framlegget om forbod, og vil heller ikkje skifta syn i ljos av meiningsmålinga.

— Eit slikt knapt fleirtal endrar ikkje NSO si innstilling, seier Mats Johansen Beldo, NSO sin leiar, til Universitas.

— Det vil kunne vere saker der NSO meiner noko annet enn det ein spørreundersøking syner, men me må forhalde oss til det organisasjonsdemokratiet me har. NSO sin politikk blir ikkje vedteke som følgje av undersøkinger i studentmassen, seier han vidare.

Tidlegare debatt

I ei tilsvarande undersøking i 2014 sa 41 prosent av studentane at dei meinte det ikkje burde vera mogleg å bruka nikab på utdanningsinstitusjonane, medan 36 prosent meinte det burde vera mogleg. Same år anslo Linda Alzaghari i tenketanken Minotenk at det var mellom 50 og 100 kvinner som nytta ansiksdekkande plagg i Noreg. Den hausten var det ein omfattande nikabdebatt ved Høgskolen i Oslo og Akershus, etter at ei nikabkledd kvinne byrja på bioingeniørutdanninga ved høgskulen.

Ho slutta etter tre veker, og gav i ein epost til Khrono uttrykk for at ho kjende seg ekskludert. Hausten 2015 vedtok Høgskolen i Østfold eit forbod mot nikab, etter å ha hatt ein student med nikab semesteret før.

Fakta

Forbud mot heldekkende ansiktsplagg

12. juni 2017 sendte regjeringen ut forslag om å forby ansiktsdekkende plagg i all utdanning, både for ansatte, elever og studenter.

Forbudet skal kun gjelde plagg som dekker ansiktet, som for eksempel finlandshette, masker og nikab.

Forslaget gjelder hele utdanningsløpet i både privat og offentlig sektor, fra barnehager til høyere utdanning.

Noen europeiske land har innført en form for forbud mot ansiktsdekkende plagg.

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har slått fast at det franske forbudet mot ansiktsdekkende plagg i det offentlige rom fra 2011 ikke er i strid med menneskerettighetene.

Noen høgskoler og videregående skoler har allerede innført forbud.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS