HiSF som eigen høgskule

Heile 93,3 prosent av ingeniørstudentane på Høgskulen i Sogn og Fjordaneher seier de vil jobbe på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Som tidlegare tilsett ser eg med bekymring på at leiinga i Høgskule i Sogn og Fjordane no er på veg til å snu i saka om samanslåing til større institusjonar.

Eg trur Høgskulen i Sogn og Fjordane vil klare seg best med å stå på eigne bein. HiSF har vist at små høgskular har lettare for å omstille seg raskt i forhold til kva samfunnet treng. HiSF har, i motsetning til mange andre høgskular, eit utstrekt samarbeid med det lokale næringslivet. Dette har blant anna ført til oppretting av elkraftlinje på ingeniørutdanninga i Førde.

Sogn og Fjordane treng ein høgskule for å sikre fylket ulik kompetanse. I fjor vart det publisert ein rapport frå Senter for profesjonsstudium ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Denne viser at studentar ofte vel lokale arbeidsgjevarar i nærleiken av studiestaden. Ei undersøking NITO har gjort blant sine 10 000 studentmedlemmer stadfester dette. Ekstra artig var det at ingen andre ingeniørstudentar viste så stor lojalitet til landsdelen sin som dei ved HiSF. Heile 93,3 prosent av studentane her seier de vil jobbe på Vestlandet.

Som hovudstyremedlem i NITO er mi haldning at høgskulane må vurderast ut frå kvaliteten dei leverer, ikkje tal på studentar. Vi veit at HiSF har mange søkjarar, gode utdanningar og fornøgde studentar, ikkje minst det siste er viktig. Det er derfor skremmande at sentrale styresmakter prøver å tvinge Høgskulen i Sogn og Fjordane til å slå seg saman med andre studieinstitusjonar til større einingar. Eit godt samarbeid med andre høgskular kan derimot virke positivt. Med samarbeid kan ein tilby undervisning i fleire fag. Enten ved at undervisarane flyttar mellom institusjonane, eller ved at undervisninga vert streama til fleire klasserom.

Eg er redd for at samanslåing av høgskular kan få fatale konsekvensar for rekrutteringa av sentrale utdanningsgrupper til fylket vårt. Det er alt mangel på sjukepleiarar, ingeniørar og lærarar.
Utdanningsvalet er noko av det viktigaste vi gjer og det er uansett knytt mykje spenning til det. Difor er det viktig at vi framsnakkar HiSF, slik at vår lokale høgskule vert omtala som eit godt utdanningsval. Ein sterk lokal utdanningsinstitusjon er den sikraste måten å skaffe fylket vårt viktig kompetanse i framtida. Sjølvgjort er velgjort!

Små høgskular har lettare for å omstille seg raskt i forhold til kva samfunnet treng.

Trude Teigen

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS