— Vi må ivareta den rolla vi ønskjer å ha i framtida, seier Rasmus Stokke. Han starta i jobben som rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1. august i år. Foto: Tor Farstad Foto: Tor Farstad

Kjenner på fusjons-presset

For dei mindre høgskulane skal vegen til framtida gå gjennom ein fusjon, har kunnskapsministaren bestemt. På Vestlandet har han møtt motstand. – Vi må gjere ei vurdering av kva som tener oss best, seier rektor Rasmus Stokke.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Signala frå Kunnskapsdepartementet har vore tydelege:  Å halde fram aleine er ikkje eit alternativ. For dei mindre høgskulane på Vestlandet skal vegen til framtida gå gjennom ein fusjon.

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har styret tidlegare vore motvillige til å slå seg saman med andre, stikk i strid med ønsket frå Kunnskapsdepartementet.  

— Bjørn Haugstad har i tidlegare intervju sagt at departementet kjem til å halde fram med å insistere på problemskissa  dei strekte ut tidleg i prosessen: Små einingar vil måtte slå seg saman med andre,  mellom anna av omsyn til lektorutdanninga. Føler du eit visst press om å fusjonere?

—  Ja. Det er ikkje tvil om at det er eit sterkt ønske frå departementet, seier Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, til På Høyden.

— Men samtidig må vi gjere ei vurdering av kva som tener oss best. Vi må ivareta den rolla vi ønskjer å ha i framtida. For Høgskulen i Sogn og Fjordane er det viktig å tene sektorane i regionen vår på best mogleg måte. Så er spørsmålet om vi best kan gjere dette gjennom å slå oss saman med andre eller ved å stå aleine, seier Rasmus Stokke.

Handlar om beslutningskraft

— Du kjenner betre enn andre argumenta mot fusjon: Kva botnar motstanden i? Er det ein frykt for å miste stillingar, tap av sjølvråderett, eller frykt for at ein institusjon som har vore viktig for den regionale utviklinga i Sogn og Fjordane skal forsvinne?

— Motstanden botnar nok i at vi ikkje ønskjer å tape beslutningskraft. Vi har ikkje ambisjon om å vere ein spissa institusjon som tilbyr få utdanningar. Vår ambisjon er å vere best mogleg for regionen vår, seier Rasmus Stokke.

Også sør for Bergen har ein registrert insisteringa frå Kunnskapsdepartementet. Til liks med Høgskulen i Sogn og Fjordane vil ikkje Høgskulen i Stord/Haugesund innfri departementet sine nye krav til den femårige lærarutdanninga

Liv Reidun Grimstvedt, rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, har kjent presset om å slå seg saman med andre høgskular. Sjølv deler ho langt på veg statssekretæren si analyse av behovet for større einingar på Vestlandet.

— Vi har eit samrøystes vedtak på at vi er opne for fusjon, fordi vi meiner det vil styrke utdanninga, forskinga og arbeidslivet på Vestlandet, seier Liv Reidun Grimstvedt til På Høyden.

Les også: Utreder grunnlag for nytt universitet i vest

— Å møte desse krava vil bli krevjande for enkelte institusjonar, for å seie det mildt.

Får Røe Isaksen viljen sin? 

Etter atfusjonsforhandlingane med Universitetet i Stavanger havarerte, orienterer ho seg no mot nord. Før helga var ho i møte med rektor Rasmus Stokke frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og rektor Ole Gunnar Søgnen ved Høgskulen i Bergen.

Etter møtet var partane einge om eit mandat for ei utgreiing om ein mogleg fusjon.

Dette kan bety at også Vestlandet vil rette seg etter Bjørn Haugstad si problemskisse. I eit intervju med På Høyden peika han på at høgskulekartet nasjonalt sett i ferd med å bli endra. Det som før var mellomstore høgskular, vil no bli svært små, samanlikna med andre og fusjonerte institusjonar. Ei framtid som lilleputt-høgskule er likevel ikkje det største problemet, meiner han:

— Den første utfordringa handlar om fragmenterte fagmiljø. Den andre utfordringa er dei nye krava til lærarutdanninga. Å møte desse krava vil bli krevjande for enkelte institusjonar, for å seie det mildt, sa Bjørn Haugstad til På Høyden.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS