Debatt leiv inge aa

Språkleg cowboypolitikk ved universitet og høgskular

Det er på tide at universitet og høgskular parkerer hesten, legg hatten på hylla og blir med i det siviliserte norske språksamfunnet.

At universitet og høgskulesektoren år etter år viser seg som ein språkpolitisk cowboystat i staten, er ei like stor skam som det er eit paradoks, skriv Leiv Inge Aa.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

SPRÅK| I 2017 uttala eg til Khrono at eg var flau over NTNU sin manglande språkpolitikk. Lite har endra seg, og no er eg lei av cowboytilværet. Universitets- og høgskulesektoren stadfester seg nettopp som ein språkleg cowboystat i staten år etter år.

Språklova, som Stortinget vedtok i vår og som trer i kraft ved neste årsskifte, proklamerer ettertrykkeleg at nynorsk og bokmål er to offisielle norske skriftspråk, slik dei har vore i 136 år. I skriftleg samanheng er «norsk» altså lovfesta som ‘nynorsk og bokmål’. I staten kvalifiserer det ikkje til norsk ved å bruke eitt av to. Å meistre skriftleg norsk etter studieførebuande skulegang vil seie å ha ein viss kunnskap om og ferdigheit i begge skriftspråka.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Eg arbeider med å utdanne lærarar til å undervise i norsk. Dette arbeidet inneber mellom anna å tematisere den norske språksituasjonen og kvifor han ser ut som han gjer. Ein del av bildet er då at fleire statlege organ, som er plikta til å bruke norsk, ikkje gjer det. Eg treng ikkje å reise langt for å finne døme til studentane våre; eg kan halde meg innomhus. Vi på NTNU er nemleg mellom verstingane. Vi likar ikkje å rapportere om den manglande bruken vår av norsk, vi har tullenorsk i eksamensoppgåver på CV-en, vi kommuniserer ikkje eksternt eller profilerer oss på norsk, og vi gjer ingenting for fremje administrativ brukarstøtte på norsk, slik Mari Nygård og Charlotte Gaertner ved Institutt for lærarutdanning påpeiker i Universitetsavisa 15. juni.

Eg var sjølv med på å omsette læringsplattforma Blackboard frå det mest brukte til det minst brukte norske skriftspråket for eit par år sidan. Det gjorde eg på fritida mi. I organisert form nøyer vi oss med å forvalte norsk halvveges. Men vi er ikkje åleine! Med få unntak gjer heile universitet- og høgskulesektoren som oss. Vi er lovbrytarar av rang! Dette seier meg at kunnskap om norsk er heilt underordna i høgare utdanning. Allmenn studiekompetanse er faktisk ikkje eit krav for å bli tilsett i den norske universitets- og høgskulesektoren. Det seier meg òg at verken studentar, tilsette eller samfunnet ikring blir tatt språkleg på alvor.

Men dette er alvor. To gonger i året sender eg studentar ut i praksis i skulen, der eg nettopp ber dei om å ta norsk på alvor. Det er likevel eit stort paradoks med det: Korleis kan eg be om det når universitetet eg sender dei ut frå, ikkje gjer det?

At universitet og høgskuler år etter år viser seg som ein språkpolitisk cowboystat i staten, er ei like stor skam som det er eit paradoks.

Leiv Inge Aa, førsteamanuensis ved NTNU

Eg kan i alle fall vise til lova, som eit universitet normalt skal vere underordna. Statens fagorgan i språkspørsmål (Språkrådet) presiserer i Khrono 6. juli noko som er sjølvsagt i dei fleste andre tilfelle, nemleg at lova er ikkje noko vi på individuelt plan kan velje om vi skal følge eller ikkje. Likevel er ei individuell og lystbetont lovfølging ein velsigna praksis i store delar av universitets- og høgskulesektoren. Her på universitetet tar vi lova i eigne hender og praktiserer ein lokal språkpolitikk som sjølv cowboyar ville beundra strukturløysa i. Vi kjenner på ein grenselaus fridom – til å ta språkfridomen frå andre.

At UH-sektoren år etter år viser seg som ein språkpolitisk cowboystat i staten, er ei like stor skam som det er eit paradoks. Viss ikkje universitet og høgskular skal forvalte norsk språk, kven skal gjere det då? Unntaka finst heldigvis, altså dei vanlege lovlydige universitet og høgskule-borgarane. Som cowboy lurer eg sjølv på korleis dei får det til. Korleis klarer dei å følge lova og samtidig – eller faktisk dermed – utføre arbeidet dei er sette til å gjere?

Eg oppmodar leiingane ved NTNU, NBMU, Høgskulen i Østfold, Molde og andre som slit med å gjere språkjobben sin, om å ta seg ein studietur til UiS, HVL og Høgskulen i Volda for å finne svar. Der er eg sikker på at dei framifrå rektorane Klaus Mohn, Gunnar Yttri og Johann Roppen kan fortelje kva skapleg språkforvalting inneber. I botnen handlar det ikkje berre om demokratiske rettar, men om elementær folkeskikk overfor studentar, tilsette og samfunnet ikring.

Det er på tide at universitets- og høgskulesektoren parkerer hesten, legg hatten på hylla og blir med i det siviliserte norske språksamfunnet.

Powered by Labrador CMS