Kunstnaren Newton laga ein mindre versjon av gatekunstverket han spontant laga på Georg Johannessens plass hausten 2017, då professor Frank Aarebrot gjekk bort. Foto: Hilde Kristin Strand

Søndag skal UiB minnast Frank Aarebrot

Med gamle sofaer, mjuke puter og ei scene midt i rommet er målet at alle skal kunne kjenna seg heime når professor Jørn Øyrehagen Sunde held årets Aarebrot-førelesing.

Publisert

Søndag hadde professor Frank Aarebrot fylt 72 år. Slik gjekk det ikkje, han døydde i september 2017. Men på det som var Aarebrot sin fødselsdag arrangerer Universitetet i Bergen Aarebrot-førelesinga.

Frank Henrik Aarebrot (1947-2017)

  • Norsk statsviter og professor ved Universitetet i Bergen
  • Oppvokst på Kronstad i Bergen
  • Tok artium ved Langhaugen gymnas i 1966
  • Cand.polit. i 1976 med hovedfag i sammenlignende politikk ved UiB
  • Ansatt ved Institutt for sammenlignende politikk fra 1977
  • Forsket på nye demokratier og demokratisering, valganalyse og metodikk, europeisk integrasjon og viet mye tid til forskningsformidling.
  • Er i Norge kanskje mest kjent som politisk kommentator og valgekspert.
  • Vant i 2007 Morgebladets kåring over landets mest siterte forskere.
  • Holdt sin siste forelesning ved UiB i april 2017.

Kilde: Wikipedia, SNL

— Me skal minnast og feira Aarebrot. Han var ein fantastisk formidlar, og førelesinga er ein hyllest til den munlege formidlinga og førelesingstradisjonen.

Det seier prorektor Margareth Hagen.

Rettshistorie på 200 minutt

Det er jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde som skal halda årets førelesing. Tema er tusen år med rettshistorie på 200 minutt. Sunde skal trekka linjer frå mellomalderen, via Magnus Lagabøtes lover og deretter til riksrettssak mot Donald Trump og NAV-skandalen, kjem det fram i ei pressemelding.

Men formidlinga skal vera slik at alle kan forstå. Hagen legg vekt på at Aarebrot-førelesinga skal legga vekt på den munnlege formidlinga.

— Me er så digitale og tek berre imot fragment, seier ho.

— Er det mange nok i Noreg som er så gode formidlarar at dei kan halda ei slik lang, førelesing?

— Det trur eg det er. Men me kunne gjerne hatt fleire.

Professor Bernt Hagtvet hadde den første Aarebrot-førelesinga hausten 2018.

Scene i midten

Arrangementet går føre seg i universitetsaulaen. Men i staden for at professor Sunde skal stå på podiet og sjå ned på publikum som sit pent og pynteleg på rad og rekke, skal han stå på ei scene midt i rommet.

— Dette skal vera ei førelesing for alle. Me skal ha inn sofaer publikum kan sitja i, det vert puter i trappa opp til scena, og det vert bar. Me håpar på uformell stemning, seier Andrea Magugliani.

Han er tilsett hos kommunikasjonsavdelinga ved UiB, og har ansvar for arrangementet.

Studentane bidreg òg, både gjennom å flytta gamle, mjuke møblar, og gjennom at studentteateret Immaturus og koret Sirenene vil ha innslag under arrangementet.

Andrea Magugliani og prorektor Margareth Hagen på plass i aulaen. Rigginga vert gjort i helga, så er alt klart til søndag kveld klokka 19. Foto: Hilde Kristin Strand

— Ei ære

— Eg vart kjempeglad då eg fekk spørsmålet. Det er ei stor ære, seier Sunde. Det sa Jørn Øyrehagen Sunde då det vart kjent at det er han som skal halda årets Aarebrot-førelesing.

Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde har nyleg begynt i ny stilling ved Universitetet i Oslo. No kjem han attende til UiB for å halda årets Aarebrot-førelesing. Foto: Silje Katrine Robinson

— Eg førelas saman med Aarebrot ein gong, og eg har stor respekt for han. Mange prøver å anten underhalda eller vera strengt saklege når dei skal førelesa, men Aarebrot skapte eit rammeverk der dei som høyrde på kunne nytta sin eigen kunnskap, sa Sunde.

Han sa òg at han er redd for at 200 minutt er hundre minutt for lite.

På scena stiller han utan manus.

— Eg er dyslektikar og har lært meg teknikkar for å hugsa. Og meir enn å bruka mykje tid på å skriva ned det eg skal seia, brukar eg mykje tid på å tenkja. Eg tenkjer på føredrag eg skal halda til dømes når eg går til fjells eller når eg vaskar opp. Og eg har vore gjennom Aarebrot-førelesinga fleire gonger allereie, sa han i fjor haust.

— Kven er målgruppa for føredraget?

— Eg snakkar heilt likt om eg er i eit lokalt historielag eller i vitskapsakademiet. Det same gjorde Aarebrot. Eg prøver å vera nyansert og inkluderande, slik at ein treng berre vera allment interessert for å kunne forstå, sa Sunde.

Vert strøyma

Magugliani fortel at det så langt er over 1 600 personar som har trykt på «interessert» under Facebook-arrangementet. Inne er det plass til 220 sidan aulaen er rigga på ein annan måte enn vanleg. Det er førstemann til mølla, men dei som ikkje får plass inni sjølve salen treng ikkje fortvila: Føredraget vert strøyma og vist på storskjerm både i Café Christie og i forhandlingsrommet.

— Førelesinga er same helg som Bergen markerer starten på 950-årsjubileet. Allereie fredag skal me ha eit vorspiel i Café Christie med tema mellomalderen, fortel Magugliani.

Der vil Jørn Øyrehagen Sunde saman med Alt Tore Hommedal, som er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet, fortelja om korleis livet i Bergen arta seg i mellomalderen.

Powered by Labrador CMS