Får millionar for å løyse gåta bak ALS

Stiftinga ALS Norsk Støttegruppe har delt ut 2,75 millionar kroner til fire norske forskarar som nettopp har sett i gang banebrytande forsking på nervesjukdomen ALS.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

ALS (amyotrofisk lateralsklerose) er ein sjukdom som i stadig aukande grad øydelegg nervar i ryggmarg og hjerne slik at pasienten litt etter litt mister kontrollen over den viljestyrte muskulaturen.

Eksisterer ingen kur

Ifylgje støttegruppa fører sjukdomen til at pasienten svært fort blir dårlegare og dårlegare, skriv Uniforum. I dag finst det ingen kur for sjukdomen. Så langt er det heller ikkje funne noko klart svar på kva som er årsaka til sjukdomen. Organisasjonen samlar inn pengar til forsking på ALS.

Les også: .. .men Ry Cooder-platene mine får dere aldri…

Det er forskarane Joel Glover (bildet under) ved Universitetet i Oslo (UiO), Trygve Holmøy, Ahus/UiO, Ioanna Sandvig, NTNU og Geir Bråthen, St. Olavs Hospital som står bak dei to forskingsprosjekta som hat fått tildelt over 2,7 millionar kroner frå Stiftinga ALS Norsk Støttegruppe.

Nye forskingsmetodar

Medisinprofessor Joel Glover ved Universitetet i Oslo fortel at forskinga dei no er i gang med var umogleg til for kort tid sidan.

— Nyhendet er at vi også i Noreg er i gang med ei forskingstilnærming som  starta i USA og nokre få andre land for nokre få år sidan. No kan me utføra dei same typane av studiar på norske ALS-pasientar, og få dette materialet inn i større internasjonale studiar til nytte for alle, opplyser Joel Glover til Uniforum.

Spolar cellene tilbake

Han forklarar at forskinga går ut på å laga såkalla iPS-celler (induserte pluripotente stamceller) frå ALS-pasientar. Dette blir gjort ved å ta ein hudbiopsi (skjera ein bit av huda og lata hudcellene gro i ei skål. Red. merknad) og så utføra ei mellombels genmanipulering som skrur på genane som regulerer cellene sitt potensial for differensiering (aktivering på ulike måtar. Red. merknad), slik at cellene blir til tilnærma embryonale stamceller som kan aktiverast på alle moglege måtar.

— Det er på ein måte å spola cellene tilbake til deira tidlegaste opphav, fortel Joel Glover. Han viser til at framgangsmåten først blei oppdaga i 2006 og førte til Nobelprisen i medisin i 2012.

Eineståande ekspertise

— Resultatet er at ein då har stamceller som ber ALS-sjukdomen. Neste steg er å laga dei motoriske nervecellene som blir råka av ALS frå iPS-cellene. Og då har me ein cellemodell der sjukdomsmekanismar kan studerast i laboratoriet på måtar som er umoglege å få til hos levande individ med sjukdommen, forklarar Joel Glover.

Både hans og Gareth Sullivans forskingsgrupper på Nasjonalt senter for stamcelleforsking ved Oslo universitetssykehus og UiO, har i løpet av dei siste tre åra bygt opp eineståande ekspertise på dette området i Noreg. Det går ut på å laga ulike typar nerveceller frå iPS-celler, og på den måten kunna etablera «in vitro»-modellar, altså laboratoriemodellar av nevrologiske sjukdomar, som til dømes Parkinsons sjukdom og Alzheimers.

Kan studera mange nevrologiske sjukdomar

— Når det gjeld ALS, skal me altså laga motoriske nerveceller, seier Joel Glover.

Ekspertisen som no er bygt opp på ALS i Noreg, vil føra til at forskarane kan finna ut meir om kva som er opphavet til sjukdomen og andre nevrologiske sjukdomar.

— No kan me tilby norske forskarar, særleg kliniske forskarar, heilt nye moglegheiter for å få innsikt i dei patologiske prosessane som ligg til grunn for nevrologiske sjukdomar. Dette kjem også eit aukande tal pasientgrupper til gode, trur Joel Glover.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS