Nord-Noreg får likevel ikkje berre eitt universitet

Torbjørn Røe Isaksen legg bort tanken om å samle heile Nord-Noreg til eitt universitetsrike.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— I denne omgang er det mest fornuftig å byggje to universitet som kan utfylle kvarandre, seier kunnskapsministeren til Avisa Nordland.

Han har tidlegare signalisert at det kunne bli aktuelt å samle heile landsdelen under eitt universitet. Ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet har dei vore positive til å samle alt i ein institusjon, mens vetlebror Universitetet i Nordland har saman med lokalmiljøet vore negative til å hamne under Tromsø.

Glad rektor

— No er eg glad, seier Bodø-rektor Pål Pedersen til Avisa Nordland.

Han har venta at ideen om berre eitt universitet skulle bli lagd bort.

— Eg har fundert mykje på dette, og ikkje klart å sjå at eitt universitet er ein god ide. Debatten rundt dette har tatt søkjelyset bort frå det kvalitetsutviklingsarbeidet som Røe Isaksen meinte vi skulle tenkje på. No jobbar vi vidare etter det sporet vi har arbeidd etter: Å byggje kompetanse i søre del av Nord-Noreg saman med høgskulane i Nesna, Harstad og Narvik, seier Bodø-rektoren.

Kunnskapsministeren har og lagt bort ideen om å sjå på strukturen i Nord-Noreg før resten av landet. 

– I framtida må vi fortsetje å diskutere korleis vi kan oppnå eit godt utdanningssystem, men no seier vi klart at diskusjonen om eitt eller to universitet i Nord-Noreg er lagt død, seier Isaksen til NRK.

Uvisst for høgskulane

Men Isaksen let framtida til høgskulane i Nesna, Narvik og Harstad stå open. Høgskolen i Nesna, sør i Nordland, har signalisert at dei helst vil liggje under Universitetet i Tromsø, mens Harstad i Troms vil til Universitetet i Bodø.

Universitetet i Tromsø har på si side ønska å samle eit teknologimiljø i området, og dermed er særleg Høgskolen i Narvik ønska både i Bodø og Tromsø. 

Institusjonane har frist til 1. november for å melde til Kunnskapsdepartementet kva organisering dei ser for seg. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS