Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke (t.v.) har ikkje fått nokon invitasjon om fusjon med Høgskulen i Volda og rektor Johann Roppen (t.h.) enno. Volda har ekstraordinært styremøte 24.februar. Foto: Tor Farstad

Volda vurderer å hoppe på tre tog samtidig

Nye krav til lærarutdanning gjer at det kan bli naudsynt for Høgskulen i Volda å forhandle om tre ulike løysingar på same tid.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Partnarskap med Universitetet i Bergen? Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane? Eller fusjon med ein profesjonshøgskule på Vestlandet? Dette er dei tre mulege løysingane for Høgskulen i Volda som direktør Jacob Kjøde teiknar opp.

Og berre ei av løysingane gir framleis sjølvstende til Høgskulen i Volda, som lenge har vore ønska ved høgskulen, og som rektor Johann Roppen har stått steilt på.

Høgare krav

Det viktigaste for høgskulen synest å vere å sørgje for at dei kan halde fram med lærarutdanning etter at det blir stilt høgare krav til dei som underviser på utdanninga når ho blir ei femårig mastergradsutdanning frå hausten 2017.

Eit samarbeid med UiB for å dele undervisningskompetanse på høgt nivå er eitt ønskje frå høgskulen, men Kunnskapsdepartementet har signalisert at dette ikkje vil vere ei løysing som ikkje vil vere god nok. Sjølv med dei eksisterande reglane er det eit krav at minst halvparten av undervisarane må ha hovudstilling ved institusjonen. For mastergradsstudier må minst 40 prosent av dei tilsette skal ha førstekompetanse, altså vere tilsette som førsteamanuensis, førstedosent eller tilsvarande, mens ti prosent av dei tilsette må ha professor- eller dosentkompetanse. 

Nokut opplyser at eit alternativ for eit samarbeid mellom to institusjonar kan vere ei fellesgrad, slik det er definert i Forskrift om kvalitet i høyere utdanning. Då må det samla fagmiljøet ved dei to institusjonane oppfylle krava. 

Eiga utdanning?

Det andre alternativet er om Volda lager si eiga utdanning, og frå denne godkjend etter noverande reglar. Då må minst 50 prosent av dei tilsette i hovudstilling ha førstekompetanse eller høgare, slik det står i Studietilsynsforskriften. Kravet om ti prosent professorkompetanse gjeld det samla fagmiljøet, inkludert deltidsstillingar som til dømes professor 2. 

Slik svarer seniorrådgjevar Luna Lee Solheim i Nokut på om det vil vere muleg å gjere seg nytte av deltidstilsette professorar: 

«Det kan kanskje være mulig å oppfylle de kvantitative kravene ved å hente inn toppkompetanse og ansette vedkommende i en toerstilling, men det som gjelder er den faglige vurderingen når den sees i sammenheng med studiets innhold, organiseringen av den (bl.a. undervisningsformer) og relevansen av fagmiljøets FoU og hvordan den bidrar i studiet» skriv Solheim.

Til mastergradsutdanningar er det til dømes krav til fagmiljøet om dokumenterte resultat på høgt vitskapleg nivå. 

Stor eller liten fusjon

Eit anna alternativ til å få drahjelp av fagmiljø ved UiB er å slå seg saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, som har ein profil som liknar Volda sin. «Ein fusjon kan gi ei eining med regionalt avgjerdsmynde slik at ein unngår å bli styrt frå ein storby» er noko Kjøde held fram som eit argument for fusjon med HiSF. Han trur dessutan at det kan bli politisk vanskeleg å ikkje ha noka lærarutdanning mellom Bergen og Trondheim, i fall verken Volda eller Sogn og Fjordane klarer å oppfylle lærarkrava.

Fusjon med den mulege profesjonshøgskulen på Vestlandet vil gi eit større fagmiljø, og institusjonen kan spele ei regional rolle. Men Volda-direktøren åtvarar òg mot faren for utvikling av «negative byråkratiske strukturar» grunna stor avstand mellom campusar, samt at universitetsambisjonen vil krevje omprioritering frå bachelor- til master- og doktorgradsprogram.

Redde for å miste toget

Fordi det er uklart om Volda vil klare dei nye krava til lærarutdanninga på eiga hand eller ikkje, tilrår direktøren å utforske dei ulike alternativa samtidig, då det kan ta tid å ting avklart. «Når det gjeld Profesjonshøgskolen er mi vurdering at sidan vi ikkje får noka avklaring på tilhøvet til HiSF før langt ut på våren, så kan det vere nyttig å delta i forhandlingane når dei tek til. Det er for seint å hoppe på når «toget er i fart».» heiter det i styreframlegget.

Volda kan risikere å måtte vente til HiSF avgjer om dei vil fusjonere med HiB og Høgskolen Stord/Haugesund eller ikkje. Dersom HiSF ikkje vil bli del av ein profesjonshøgskule, kan dei då ta stilling til om dei vil slå seg saman med Volda, eller halde fram aleine. Så lenge det ikkje er avklart om dei vil vere i stand til å møte nye krav til lærarutdanninga aleine er risikoen uansett stor.

Fleire møte

Høgskulen i Volda vil diskutere saka på eit ekstraordinært styremøte 24. februar. Dessutan er det det foreslått å ha eit felles styreseminar med HiSF den 10. mars. Endeleg avgjerd om felles styreseminar er enno ikkje tatt i Volda, fortel rektor Johann Roppen. 

– Dette er det opp til styret å vurdere, men eg trur det er klokt å ha eit slikt møte, og vil gå inn for det. 

– Vil du gå inn for fusjon med HiSF, eller berre samarbeid?

– Det er vel det vi bør diskutere, sjå elles saksutgreiinga til styret, svarer Roppen.

Volda-invitasjon?

Leiinga i Volda og ved HiSF har allereie hatt eit videomøtet om saka. Det var ikkje meir positivt enn at Volda ser det som naudsynt å vurdere alle dei tre løysingane, og både styreleiar og rektor ved HiSF har forsikra HSH og HiB om at dei er innstilte på fusjonsforhandlingar med dei.

– Vi avventar no styremøtet til Volda, og kjem til å halde dialogen med dei open, seier HiSF-rektor Rasmus Stokke.

– Er det aktuelt med ein fusjon med Volda?

– Det er i så fall avhengig av ein invitasjon frå Volda. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS