To og eit halvt ja til Vestlands-fusjon

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok i dag å gå vidare med fusjonsforhandlinar. Men først skal dei gjere sonderingar. Bergen og Stord/Haugesund er meir uforbehaldne.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund vedtok å forhandle om ein fusjon med ei måtehalden begeistring. I Sogn og Fjordane vedtok dei eit meir lunkent tja.

— Eg er veldig glad for at vi får til dette vedtaket. Det er eit historisk steg på veg mot ein institusjon som kan bli eit landsdelsuniversitet på sikt, seier Ole-Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskolen i Bergen, til På Høyden.

(Frå styremøtet Høgskulen i Bergen. Foto: Dag Hellesund)

Høgskulestyret ved Høgskulen i Bergen vedtok samrøystes i dag å gå inn i forhandlingar med Høgskolen Stord/Haugesund (HSH), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) – samt eventuelle andre høgskular på  Vestlandet. Det tyder Høgskulen i Volda, for det er den einaste som er igjen utan partner.

Høgskolen Stord/Haugesund gjorde eit liknande vedtak i dag, og har vore klare for fusjon heilt sidan 2011.

Mer forbehald i Sogn og Fjordane

Men på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) sat fusjonsiveren langt inne, og dei gjorde i staden eit vedtak om å gjere «sonderingar» for forhandlingar, og tok dermed eit retorisk steg tilbake i høve til situasjonen før dei tre parallelle styremøta i dag. HiSF vil ha sonderingar både med fusjonspartnerane i sør, og med Høgskulen i Volda i nord. Og verken rektor Rasmus Stokke eller styreleiar Trond Ueland ville utelukke at det var aktuelt med ei samanslåing med Volda, dersom det kom opp som eit framlegg.

Dei to blei kalt inn for å forklare seg for HiB-styret, etter det uventa vedtaket til HiSF.

— Sjølv om vi har brukt ordet sonderingar i begge setningar, så er det ikkje heilt det same, fortalde HiSF-rektor Stokke ifølgje På Høyden, for å forsikre om at fusjonsprosessen med HiB og HSH går som planlagd, trass i vedtaket frå HiSF.

Siste frist 10. juni

Dermed går truleg fusjonsprosessen vidare som planlagd, med siste frist 10. juni. Både HiB og HSH har planlagd styremøte 9. juni.

No handsamar HiB-styret eit hemmeleg dokument om utgangspunktet deira for forhandlingar.

HiB-rektor Søgnen vil ikkje ut med så mykje om innhaldet.

— Vi har sagt at vi skal utvikle ein ny høgskule for Vestlandet, med eit nytt namn og fem campusar, seier Søgnen.

Om hovudcampus må vere Bergen, eller om den nye institusjonen ikkje treng å ha eit definert sentrum vil han ikkje svare på.

Men under styreseminaret i går var det mange som nikka då styreleiar for Høgskolen Sørøst-Norge, Rune Nilsen, fortalde at rektor kunne sitje kor som helst på dei ulike campusane, og at digital kommunikasjon gjorde det lettare. 

Får fortsette i prosess

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) ga torsdag dag leiinga vedtaket dei trengte for fortsette med prosessen som til sjuande og sist kan ende i ein storhøgskule på Vestlandet. 

Onsdag var det felles seminar for styra ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Her var også statssekretær Bjørn Haugstad til stades. På agendaen sto ein mogleg fusjon mellom høgskulane på Vestlandet. 

Torsdag var det parallelle styremøter ved dei tre høgskulane på Vestlandet. 

Først ut med eit fusjons-vedtak var Høgskulen i Sogn og Fjordane. Mot dei to studentane sine stemmer fekk styret mandatet dei ønska. Deretter kom ja-vedtaket frå HSH.

— Vi skal vere med, men vi må setje vårt fotavtrykk på den vidare prosessen. Vi skal vise sjølvtillit og synleggjere at vi har krav, seier styreleiar Trond Ueland til På Høyden. 

Stor splid ved HiSF

— De vedtok i dag at de vil gjere «sonderingar om forhandlingar» - dette er ei svært varsom tilnærming til dei øvrige partane?

— Ja. Men vi har heller ikkje inntryk av at dei andre partane går rett på omgrepet «forhandlingar» i sine vedtaksframlegg, seier rektor Rasmus Stokke. 

(Foto: Tor Farstad)

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har det vore stor usemje om korleis Sogn og Fjordane bør forholde seg til Kunnskapsdepartementet si klare oppmoding om å finne fusjonspartnarar. For eitt år sidan var leiinga si uttalte haldning at høgskulen var best tent med aleinegang. Studentane har aktivt vist motstand mot å fusjonere. Også blant dei tilsette har det vore frykt for kva ein fusjon vil bety for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

— Er de trygge på at de har dekning for vedtaket om vidare fusjonsarbeid  i organisasjonen? 

— Dette kan vi gå rakrygga heim til Høgskulen i Sogn og Fjordane og fortelje. Ikkje alle vil vere einige i at dette er vegen vi bør gå, men vi har eit samla styre i ryggen. 

Opne dører til Volda i nord og UiB sør

Høgskulen i Volda har vore ein joker i kabalen. 

Saman med Høgskulen i Molde og Høgskulen på Lillehammer ønska Høgskulen i Volda å bli allierte, men ikkje å fusjonere. Få dagar før dei øvrige høgskulane på Vestlandet skulle ha styremøter om vegen vidare var det klart at Høgskulen i Volda fekk tommelen ned for alliansemodellen. Høgskulen i Volda er dermed igjen ledige på marknaden. 

Universitet i Bergen (UiB) var ikkje med rundt styrebordet under onsdagens seminar. Rektor Dag Rune Olsen var likevel kraftig til stades trass sitt fråvær, og blei omtala som «elefanten i rommet». Eit samarbeid med UiB blir sett på som svært attraktivt for samtlege av høgskulane på Vestlandet. Under sitt innlegg kom han også med ein open invitasjon til fagleg samarbeid. 

— Dette vedtaket har fått ei god og grundig handsaming. Vi står meir eller mindre samla bak vedtaket, og vi går no vidare i utgreiinga med HSH og HiB. Vi har også opne invitasjonar til Høgskulen i Volda og til UiB, seier styreleiar Trond Ueland. 

— Kvifor var det viktig for dykk å kome fram til eit mest mogleg samrøystes vedtak? 

— Det gjer at vi står sterkare i ein komande situasjon som vil bli krevjande for oss, seier styreleiaren. 

Klart ja frå Stord/Haugesund

Høgskolen Stord/Haugesund har som mål å verta fusjonert med høgskulane i Bergen og Sogn og Fjordane. Men universitetstanken er høgskulestyret avventande til.

— Eg trur diskusjonen om ein skal vera høgskule eller universitet er prematur, og eg trur det kompliserer fusjonsdiskusjonen.

Det sa Åke Seiger, som er ekstern styrerepresentant, då styret ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) diskuterte saka om fusjon torsdag. Styret røysta, ikkje uventa, for å fusjonera med høgskulane i Bergen og i Sogn og Fjordane. I forslaget til vedtak heitte det mellom anna at ein skal bygga sterkare fagmiljø som om få år kan verta eit universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.

Dette var fleire i styret kritiske til.

Vil venta

— Me veit at Høgskulen i Bergen har tankar om å verta universitet. Eg meiner diskusjonen om universitet må leggast til side no. Men kan ta han fram att om nokre år, og sjå på departementet sine nye, skjerpa krav om ei stund. Fyller me dei, er jo saka klar, sa Seiger.

Han fekk støtte frå Vigdis Vandvik, også ho ekstern representant.

— HiB er tydelege på at dei har universitetsambisjonar, og det er vanskeleg for dei å legga den tanken vegg. Eg meiner HSH kan vera med på ein slik tanke over tid.

— Me kan ta fram universitetstanken når me er komne så langt, og når tida er moden. Me må løfta oss, men me må løfta oss i den farten folk klarar, sa Ingvild Brekke Myhre, som representerer dei teknisk- og administrativt tilsette.

Noko anna styret var opptekne av, var å ta vare på undervisninga, og særleg bachelorgradene. Svein Abrahamsen, som er vararepresentant og valt av dei fagleg tilsette, stilte spørsmål ved om universitetstanken kan gå ut over kvaliteten på bachelorutdanningane.

Felles namn - og eige namn

— Det er viktig at me ser dei framtidige samarbeidspartnarane våre. Korleis kan me skapa noko alle kan vera stolte av saman? Eg trur det er viktig å bygga vidare på ein felles identitet før ein går inn i forhandlingar. Eg meiner òg at det er viktig at me får eit overbyggingsnamn på ein ny institusjon, men at namnet på dei ulike campusane kjem med under eit felles paraplynamn.

Det sa Hege Økland, som er ekstern representant.

Styret ved HSH sa i fjor vår nei til fusjon med Universitetet i Stavanger. Høgskuledirektør Tage Båtsvik sa innleiingsvis at noko av det HSH den gongen var redde for at dei ikkje ville oppnå, var å sikra seg strategisk leiing på eigne campusar.

— Ein fusjon kan gi sterkare fagmiljø og me kan vidareutvikla den regionale rolla me har. Men det er viktig at profesjonshøgskulen har fleire campusar, og at dagens høgskular vert studiestader.

Rektor og styreleiar Liv Reidun Grimstvedt peika på at det var i dette møtet styret måtte fatta eit vedtak. Kva som skjer med Høgskulen i Volda etter at dei fekk nei frå departementet til å gå vidare med alliansemodellen, meiner Grimstvedt ein ikkje kan ta omsyn til: Volda har så langt ikkje ønska å vera med i forhandlingane med dei andre tre høgskulane.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS