«Alle» prate med «alle» under reginga sin kontaktkoferanse for høgare utdanning nyleg. Siste frist frå statsråd Isaksen er eigentleg i dag.

Volda ser til Lillehammer

Ei ny samling blir drøfta: Høgskolefusjon mellom Volda, Sogn og Fjordane, Lillehammer og Molde.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fusjonen mellom NTNU og dei tre høgskolena Gjøvik, Sør-Trøndelag og Ålesund har sett fart i nye tankar og idear. Både fusjonsplan B og C blir no trekt e fram frå skuffer hos høgskolar landet rundt for å møte regjeringa og statsråd Torbjørn Røe Isaksen sitt ønske om færre og større utanningsinstitusjonar.

Den eigentlege fristen for å melde inn fusjonsplanar går ut i morgon, 1.februar, men fleire har fått utsetjing ut neste veke.

Lillehammer og Volda? 

— Vi bør vurdere Lillehammer som ein mogleg skole å samarbeide med, sa styremedlem Terje Heggem i innleiing av debatten om den såkalla struktursaka i styremøtet til Høgskulen i Volda denne veka, skriv avisa Mørenytt.

Styret viser til at høgskolane i Volda og på Lillehammer har fleire likskapar når det gjeld fagportefølje og distriktsprofil.

Det er vanskeleg for regjeringa å tenke heilskap, om dei lar universiteta velje frå øvste hylle, utan å tenkje på kva ein skal gjere med resten av høgskolane. 

Arvid Blindheim

Resultatet kan fort bli ein nokså rar struktur i høgare utdanning.

Steinar Stjernø

Vi må ha med oss fagmiljø som dekkjer breidda av fag i høgskulen, og vi bør ha med UiB.

Åse Løkeland

Universiteta kan plukke fritt

– Her har vi ein situasjon der NTNU og dei andre universiteta ser ut til å kunne plukke fusjonspartnarar fritt. Det er vanskeleg for regjeringa å tenke heilskap, om dei lar universiteta velje frå øvste hylle, utan å tenkje på kva ein skal gjere med resten av høgskolane. Eg ser konturane av ei dårleg nasjonal løysing her. Men vi må likevel tenke offensivt og skissere løysingar som er gode for oss, sa Arvid Blindheim i høgskolestyret i Volda, framleis ifølgje Mørenytt.

Stjernø åtvarar

Sjølvaste fusjonsarkitekten, og leiaren av utvalet som allereie for sju år sidan la fram forslag om at Norge burde klare seg med  6-8  store utdanningsinstitusjonar, Steinar Stjernø, åtvara i eit intervju med Khrono i går mot «hybridar> i UH-sektoren.

Khrono spurte Stjernø om det ikkje var eit paradoks at det no var hans politiske motstandarar i Høgre og Framstegpartiet  som til slutt klarte å gjennomføre ideane til SV‘aren Stjernø.

— Det står att å sjå kor mykje som faktisk blir gjennomført. Forslaga og fusjonanen skal bli lagt fram av ei mindretalsregjering. Det kan bli ein flopp for Torbjørn Røe Isaksen, som eg synest alt i alt har tatt eit godt grep.  Men resultatet kan fort bli ein nokså rar struktur i høgare utdanning - stadig fleire institusjonar blir hybride i den forstand at dei er like dei «gamle» universiteta på noen område, og høgskolane på andre, seier Stjernø.

Uklart på Vestlandet

Gigantfusjonen i Trondheim sist veke kan gjere Ålesund uaktuelle i ei eventuell samanslåing av skolane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Førebels er mykje uklart i den store sammenslåingssaken på Vestlandet. Universitetet i Bergen (UiB) har ikkje gjort noko vedtak, men ein fusjon med både Høgskolen i Bergen (HiB), Høgskolen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskolen i Volda har vore nemnd. UiB-rektor Dag Rune Olsen har bede sine fakultet om tilbakemelding om dei skal greie ute ein fusjon med Høgskolen i Bergen. Dette skal opp i universitetsstyret i mars.

Molde på scratch 

Rektor ved Høgskolen i Molde (HiM), Hallgeir Gammelsæter, seier ifølgje framtida.no at reaksjonane etter vedtaket til NTNU er ulike.

– Nokre er meir overraska enn andre, og det blir jo diskutert i lunsjen, men analysane sprikar, skriv han i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

– Vi har heile tida meint at vi kan halda fram utviklinga åleine, men samtidig innsett at vi kan bli tvinga til noko anna. No ser det ut til at B-alternativet vårt fell, så då er det aktuelt å sjå om vi kan skapa eit nytt alternativ. Då startar vi omtrent på scratch, så det er vanskeleg å seia kva det blir no, fortel Gammelsæter vidare til framtida.no. Kunnskapsdepartementet har mellom anna foreslått at han slår seg saman med Høgskulen i Volda.

HiSF vil ha med UiB

 Høgskulen i Volda har også sett sørover, sjølv om dei primært vil stå aleine.  Dersom UiB slår seg saman med Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Sogn og Fjordane (HiSF), vil universitetet få mellom 10 og 11 000 fleire studentar, og bli omlag like store som Universitetet i Oslo som har 27.000 studentar. 

HiSF har sagt at dette berre er aktuelt om ein også får med seg Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen på laget. Høgskulen i Volda er derimot ikkje interessert i ei samanslutning der Bergen er involvert, og vil heller samarbeida med høgskulane på Nordvestlandet.

– Vi må ha med oss fagmiljø som dekkjer breidda av fag i høgskulen, og vi bør ha med UiB. Skal vi først fusjonere, må gevinstane vera større enn kostnadene, seier rektor Åse Løkeland (biletet over) ved Høgskolen i Sogn og Fjordane, til framtida.no.

Ho fortel at høgskolen er mest interessert i ei brei fagleg samanslutning på Vestlandet etter at statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) under eit møte med høgskolen sist veke gjorde det klart at HiSF ikkje kan halda fram åleine.

Og rektor Halse i Volda ønskjer samarbeid med Løkeland:

– Det er svært viktig for oss å signalisere at vi skal vere den viktigaste lærarutdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, gjerne i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, sa rektor og styreleiar Per Halse.

Det er nettopp lærarutdanninga som gjer at regjeringa har gitt klare signal om at Høgskulen i Volda ikkje kan halde fram som sjølvstendig institusjon. Lærarutdanninga blir nemleg ei femårig masterutdanning frå 2017, og Kunnskapsdepartementet meiner det er ikkje er mogleg for Volda og tilsvarande skolar å tilby eit godt mastertilbod for lærarar med dagens struktur.

Held fast på vedtak

Ifølge Mørenytt held styret ved Høgskulen i Volda likevel fast på at dei ser ein fusjon av skolane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som det mest tenlege, om det ikkje er mogleg å halde fram som eigen institusjon. Alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget ønskjer å halde på sjølvstendet.

 

 

 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS