Det er veldig mange UiB-tilsette som publiserer noko på nett. Men korleis unngå at ein brukar noko ein ikkje har rett til? Dette biletet er henta frå bildedelingstenesta Flickr - der finst det mange gratis bilete. Foto: flickr.com/Sø Jord

Truar UiB med søksmål i Tyskland

UiB sa seg villige til å betala 10 000 kroner for eit fotografi ein tysk fotograf hadde tatt. Men no truar fotografen sin advokat med å ta saka til tysk rett.

Publisert

— Dersom du framleis er interessert i å koma til ei semje utanfor rettsystemet, må du gi meg beskjed så snart som råd.

Opphavsrett

Opphavsrett er mellom anna regulert i åndsverkloven.

Lova skil mellom eit verk og eit fotografisk bilete. Men felles for begge er at ein har einerett til å både laga eksemplar av det og å gjera det tilgjengeleg for allmennheita.

Grove brot på åndsverklova kan straffast med fengsel i inntil tre år, men bøter er vanlegare.

Det skriv ein tysk advokat i eit brev til Universitetet i Bergen. Bakgrunnen er at ein forskar brukte eit landskapsbilete han fann på nettet då han skulle invitera til ein vitskapeleg konferanse. Det viste seg at det var ein tysk fotograf som hadde teke biletet, og det dumpa inn eit krav i UiB sin postkasse: 2300 euro, altså over 20 000 kroner, meinte den tyske advokaten at var passande pris for å ha brukt eit bilete utan løyve.

UiB sa nei, og kom med tilbod om 10 000 kroner. Ein sum som er langt over frilanssatsane Norsk Journalistlag opererer med.

— Eg skjønar at du stiller spørsmål ved summen. Men for oss handlar det om kor mykje arbeidsinnsats me skal legga ned i denne saka, det kostar òg pengar, sa assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden til På Høyden i vinter.

Førebur rettssak

Men det viser seg at denne summen rett og slett ikkje var nok. Advokaten skriv at dei no førebur rettssak.

— Landegrenser stoppar ikkje prosessen. Og kostnadane vil verta høgare for din klient dersom me må involvera dei internasjonale partnarane våre, skriv advokaten.

Kostnadane vil verta høgare for din klient dersom me må involvera dei internasjonale partnarane våre.

Frå brevet sendt til UiB

Eit kjapt nettsøk viser at han har opphavsrett som eit av sine saksfelt. Han er òg ein av fleire advokatar som samarbeider med Photoclaim. Selskapet søkjer opp kommersiell bruk av fotografar sine bilete, og reklamerer med at fotografane ikkje skal betala dersom selskapet ikkje får inn pengar frå dei som har brukt bileta.

Vil ikkje dekka kravet

— Avstanden mellom vårt tilbod og kravet kan verta forklart i advokaten sitt krav på eige salær. Sidan me innrømma betalingsplikt med det same kravet kom, ser me ikkje nokon grunn til å dekka dette kravet.

Det skriv assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden i ein epost til På Høyden.

Det har kome fleire brev frå den tyske advokaten dei siste månadane. Dette siste har UiB førebels ikkje svara på.

Tungodden seier, etter å ha snakka med UiB sine juristar, at ein kan gå til sak om opphavsrettinngrep på Internett i alle land innan EØS-området. Det betyr at UiB kan verta saksøkt i Tyskalnd.

— Men eit slikt søksmål vil vera avgrensa til den delen av tapet som ein har lidd i Tyskland. Så sjølv om det er ein risiko for at UiB kan verta saksøkt ved ein tysk domsstol, vil ei mogleg erstatning i eit slikt søksmål truleg vera relativt låg, seier Tungodden.

Då På Høyden skreiv om saka første gong, sa Tungodden at ein fleire gongar har fått krav om at bilete skal fjernast frå nettsider som er knytt til UiB. Det har vorte gjort. Det var òg ei liknande sak som den frå Tyskland for nokre år sidan. Den gong kom UiB med eit tilbod, men fekk aldri svar tilbake frå fotografen sin advokat.

Powered by Labrador CMS