høgskulen for grøn utvikling

Høgskule misser retten til å søka om nye studium

Etter et tilsyn har Nokut tatt ifrå Høgskulen for grøn utvikling, retten til å søka om akkreditering av nye studium.

Høgskulen for grøn utvikling tilbyr fleksible høgskulekurs med fokus på naturnær verdiskaping og lokalsamfunnsutvikling.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Det systematiske kvalitetsarbeidet ved Høgskulen for grøn utvikling har vesentlige mangler».

Det heiter det i rapporten frå Nokut. Dei har vore på tilsyn hos den private Høgskulen for grøn utvikling (HGUt), tidlegare Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Tre punkt

Den vesle høgskulen har 30 studentar, og får slett ikkje berre kritikk i Nokut-rapporten. Dag Jørund Lønning er rektor.

I ei pressemelding skriv Nokut at det er på tre punkt at HGUt ikkje får godkjent.

  • Høgskulen manglar tydelege, strategiske mål for det strategiske kvalitetsarbeidet
  • Høgskulen har ikkje lagt fram dokumentasjon på at dei systematisk kontrollerer alle studietilbod
  • Høgskulen har ikkje rutinar for periodisk evaluering som ein formell del av kvalitetsystemet

I fjor var Nokut første gong på tilsyn hos høgskulen på Bryne. Då var konklusjonen at det var enkelte manglar i kvalitetsarbeidet, og HGUt fekk frist til 1.mars i år med å koma med ny dokumentasjon. I styremøtet 11.juni, i same møtet der Nokut ikkje godkjende Høgskolen i Innlandet sin søknad om å verta universitet, sa Nokut altså at alt ikkje var i orden på Bryne.

Tre årseiningar

No misser høgskulen, med sju tilsette og omlag tretti studentar, retten til å søka akkreditering av nye studium. Høgskulen har tre årseiningar som er akkrediterte av Nokut, og har sidan 2010 hatt rett til å tildela bachelorgrad.

– Når Nokut fattar vedtak om at høgskulen sitt systematiske kvalitetsarbeid ikkje er tilfredsstillande, er konsekvensen at HGUt misser retten til å søka om akkreditering av nye studium, seier Nokut-direktør Terje Mørland i pressemeldinga.

Jobbar med strategi

HGUt sin rektor, Dag Jørund Lønning, skriv i kommentaren til Nokut sin rapport at høgskulen hadde krav på seg til omdanning frå samvirkeselskap til stifting innan 1. jaunuar i år. Dette arbeidet har teke mykje ressursar.

— Arbeidet med ein overordna strategi for nye HGUt er no i gang, og skal ferdigstillast hausten 2020. Når kvalitetsrapporten etterlyser forankring i ein overordna strategi, kan me jo difor ikkje seia oss usamde. Me kan ikkje forankra i ein strategi som ikkje er ferdig, skriv Lønning, og legg til:

— Me synest nok det er litt underleg at denne omfattande organisasjonsendringa ikkje er teke omsyn til i rapporten i det heile.

Lønning skriv òg at høgskulen saknar litt diskusjon om korleis ein skal laga eit kvalitetssystem som passar ein så liten organisasjon.

Powered by Labrador CMS