13 vil bli infotopp i Bergen

Publisert - Sist oppdatert
På Høyden-redaktør Dag Hellesund er ein av søkarane til kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

På Høyden-redaktør Dag Hellesund er ein av søkarane til kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Tre kommunikasjonssjefar og ein redaktør står på den offentlege søkjarlista til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen. Fire kandidatar er unntekne offentlegheit.

Totalt 13 søkarar ønsker seg tidlegare kommunikasjonsdirektør Ingar Myking sin gamle jobb ved Universitetet i Bergen.

På den offentlege delen av søkarlista til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen står det ni namn; tre kvinner og seks menn. Fleire av desse har kommunikasjons- eller mediebakgrunn, skriv På Høyden.

På Høyden-redaktør har søkt

Dag Hellesund (44) har òg søkt stillinga. Han er ansvarleg redaktør for På Høyden og har bakgrunn frå mellom anna Bergensavisen (BA), Dagbladet og Dagsavisen. 

Eg har sett det på nært hald, og eg har difor mange oppfatningar om kva som kan gjerast i ei slik stilling.

Dag Hellesund
Redaktør, På Høyden, Universitetet i Bergen

Hellesund seier i ei kommentar til Uniforum at han meiner han har gode føresetnader for å vurdere kva jobben går ut på. 

Hellesund meiner han har gode føresetnader for å vurdera kva jobben går ut på.

— Eg har sett det på nært hald, og eg har difor mange oppfatningar om kva som kan gjerast i ei slik stilling, seier han

På Høyden-redaktøren synest ifølge Uniforum heller ikkje at det gjer noko at det blir offentleg kjent at han er mellom søkarane.

– Sidan vi i i det journalistiske arbeidet vårt i På Høyden heile tida er på jakt etter søkarlista til viktige stillingar som blir lyste ut i staten , synest eg det er viktig å spela med heilt opne kort når eg søker ei stilling.  Då skal namnet vera offentleg. Ei slik prinisipiell haldning bør alle som søker jobb i staten ha, synest Dag Hellesund.

Vil ikkje bli intervjua

Ein av søkjarane er Lubna Jaffery (37). Ho er i dag kommunikasjonssjef i Tide. Tidlegare har ho mellom anna vore politisk rådgivar for Arbeiderpartiet og statssekretær i kulturdepartementet.

Marita Monsen (37) er i dag kommunikasjonssjef i Sammen, Studentsamskipnaden på Vestlandet. Det har ho vore i ti år.

Ingen av dei to kvinnene ønsker å kommentere ovanfor På Høyden kvifor dei har søkt stillinga ved universitetet.

Asle Haukaas (51) er òg kommunikasjonsdirektør i dag. Han jobbar i dag ved Veterinærinstituttet. Tidlegare har han hatt tilsvarande stillingar hos Noregs Forskingsråd og NHH. PÅ 1990-talet jobba han som redaktør og journalist ved universitetsavisen På Høyden, ved nettopp Universitetet i Bergen.

    Fakta

    Komm.direktør ved Universitetet i Bergen

    Her er søkarlista:

    • Prodromos Zachariadis (47), Global Manager, Os.
    • Francisco Lillo (31), Project manager, Lo barneches.
    • Njål Richard Soleng (42), Samnanger.
    • Olga Kölsch (36), Marketing Communications Coordinator, Bergen.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Marita Monsen (37), Kommunikasjonssjef Studentsamskipnaden på Vestlandet, Bergen.
    • Lubna Jaffery (37), Kommunikasjonssjef, Bergen.
    • Dag Hellesund (44), Ansvarleg redaktør, Bergen.
    • Asle Haukaas (51), kommunikasjonsdirektør, Bergen.
    • Kvinneleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Bjørn Humblen (60), Siviløkonom, Lindås.

    Avskjed. Professor Nils Rune Langeland har klaget inn vedtaket om avskjedigelse fra Universitetet i Stavanger. Nå skal UiS vurdere klagen og behandle saken på nytt, før de eventuelt sender den videre til Kunnskapsdepartementet på nyåret.