Aktivitetsplikta er å bry seg utan å stille opp

PublisertOnsdag, 13. september 2017 - 11:00-OppdatertOnsdag, 13. september 2017 - 16:57
Mange som havner utenfor arbeidslivet rekker aldri å begynne på høyere utdanning. Bildet er tatt under studiestart på Hamar.
Professor ved Institutt for sosialfag, HiOA
Meninger · Arbeidsløshet. Det er lite som tyder på at den nye aktivitetsplikta vil fremje auka yrkesdeltaking mellom unge folk som har fleire barrierar enn mangelen på fagutdanning, skriv professor Ivar Lødemel.

Både regjeringspartier og Ap vil stille krav til folk på trygd og sosialhjelp. I ein parolestafett på NRK P2 i sommar kom det likevel fram eit skilje som kan vere politisk viktig.

Sylvi Listhaug sin parole var «Å stille krav er å bry seg». Aps nestleiar Hadia Tajik knytte ei politisk forplikting til det: «Å stille krav, og å stille opp». Regjeringa fører i dag ein politikk som gir grunn til å spørje kva dei legg i omgrepet «bry seg». Ap har enno ikkje gjort det klart korleis dei vil stille opp for den som møter nye krav.

Bruken av aktivitetsplikt i sosialhjelpa kom til Europa på 1990-talet, inspirert av USA. Sjølv om bruken av krav og vilkår er lik, ser vi to svært ulike strategiar. Rein aktivitetsplikt og utstrakt bruk av sanksjonar, har som siktemål å gjere stønad mindre attraktivt. Medan vi kallar dette workfare, vart aktivering tidleg dominerande i Europa. Ideologisk byggjer workfare på moralske idear om velferdsavhengighet, medan aktivering fokuserer meir på strukturelle årsaker til arbeidsløyse og fattigdom.

Gjennom fleire forskingsprosjekt har eg følgt utviklinga av denne politikken i ni land på begge sider av Atlanteren sidan 1990-talet. Før finanskrisa i 2008 hadde ei nyliberal bølgje dreia politikken i retning av workfare i Europa. Ti år seinare er Noreg i ferd med å slutte seg til dei andre.

I 1993 innførte Noreg eit tillegg i vilkårsparagrafen som opna for at kommunane kunne stille vilkår om arbeid som motyting for sosialhjelp, altså nær ideen om workfare. Endringa kom i 2007 då den raud-grøne regjeringa innførte Kvalifiseringsprogrammet (KVP). KVP skilde seg sterkt frå workfare og vart i ei europeisk evaluering omtalt som eit lysande eksempel på god, individuell og breispektra aktivering.

Universell aktivitetsplikt i sosialhjelpa for alle under 30 år vart innført i år av Regjeringa Solberg. Medan det følgjer store ressursar med KVP aksepterte Kommunenes Sentralforbund (KS) eit mykje lågare tilskot for å sikre at aktivitetsplikt vart innført i alle kommunar. Gitt motivasjonen bak lova og dei små ressursane som er tildelt er det grunn til å vente at norsk aktivering har tatt steget nærare den dominerande europeiske workfare strategien.

I Europa ser vi tre nye utviklingstrekk etter finanskrisa: Budsjetta for tiltaksarbeid vert kutta, kravet om deltaking på tiltak blir erstatta med innføring av administrative barrierar og nye krav til dokumentasjon. Kanskje den mest dramatiske utviklinga i eit større velferdsperspektiv er at politikken som først var retta mot marginale grupper spreier seg oppover i velferdshierarkiet. I dag er til dømes så godt som alle i yrkesaktiv alder i Storbritannia i målgruppe for aktivitetsplikt.

Vi ser no tendensar til same utviklingtrekk i Noreg. Siste året har vi vore vitne til ein storm mot eit NAV som av mange blir opplevd som meir og meir utilgjengeleg. Dokumentasjonskrava har auka, og no melder NAV at ingen kan møte på kontora utan avtale. Som eit teikn på smitte til andre grupper kan endringane i Arbeidsavklaringspengar (AAP) tene som døme. Terskelen inn er heva og aktivitetsplikta  er stramma til med eit klarare sanksjonsregime.

Det er grunn til å vente at dei som kjem til AAP utan å ha vore i lønna arbeid vil møte større barrierar enn andre. Om dei blir stoppa i døra, er det grunn til å vente auka press på den kommunale sosialhjelpa. Og den er no altså rigga som eit hardare regime. Vi må også sjå denne utviklinga i eit større perspektiv. AAP er vegen inn til uføretrygda. Her ligg det altså eit potensial for store innsparingar for staten.

Innstramminga mot ein hardare vilkårspolitikk kan ikkje sjåast isolert frå endringar i arbeidslivet. I Europa har arbeidslivet på same tid blitt liberalisert med påfølgande vekst i låglønn og usikre kontraktar. Logikken er enkel: Skal arbeid framleis vere fyrstevalet må tersklane inn i stønadar bli høgare og ytingane lågare.

Summen av desse reformene har fått lite merksemd i den norske offentligheita. Kanskje er det her som i andre land at det viser seg strategisk klokt å først stramme inn retten til velferd «nedanfrå», utan å direkte truge interessene til dei sterke aktørane som vanlegvis slår ring om den.

I USA er det legitimt å bruke vilkår og sanksjonar for å redusere talet på mottakarar.  Om regjeringa deler dette målet unngår dei klokeleg å seie det. Likevel tek statsråd Hauglie bladet frå munnen når ho skriv at «en hyggelig bi-effekt er at aktivitetsplikt sparer kommunene for betydelige utgifter» i VG 14. november i fjor.  Når ho og andre representantar frå regjeringa hevdar at aktivitetsplikt verkar, så vil dei fleste tenke på verknad i form av overgang til arbeid eller utdanning. Kommunar som blir framheva som spesielt effektive, har stor verknad, men mest i form av at folk forsvinn frå sosialhjelpa.

Internasjonalt blir idear om velferdsavhengigheit, moralsk svikt og behovet for paternalistisk politikk tydelegare. Statsråd Hauglie uttrykker ei slik forståing når ho samanliknar forslaget om ny plikt med eiga barneoppseding: «Når jeg stiller krav til mine egne barn, for eksempel om huslige plikter, kommer det kanskje oppgitte stønn. Men de liker at jeg og faren har forventninger til dem».

I valkampen har representantar frå regjeringa flagga dei nye pliktene som arbeidslivspolitikk og som eit ledd i kampen mot utanforskap. Det er lite som tyder på at den nye aktivitetsplikta vil fremje auka yrkesdeltaking mellom unge folk som har fleire barrierar enn mangelen på fagutdanning. Denne politikken er betre innretta på å ekskludere enn å inkludere. Om regjeringa er nøgd med å få dei ut av syne, trur eg ikkje det norske folk vil la dei gå ut av sinn.

Når regjeringa hevder at å stille krav er å bry seg, kan politikken som blir ført tyde på at denne forma for å bry seg har meir preg av utidig innblanding i folk sine liv. Opposisjonen, med eit Ap som lenge har hatt eit tvitydig forhold til pliktpolitikken, må også vise at det ligg meir enn ord i lovnaden om å stille opp.

Dette innlegget ble først publisert i Klassekampen.
 

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Har du fått med deg?