Samskipnaden i vest blir «Sammen» og «Saman»

Publisert - Sist oppdatert
— Me brukar ulik målform ved dei ulike studiestadene, me har vedteke at det skal heite Saman i Sogn og Fjordane, seier styreleiar i Samskipnaden på Vestlandet, Magnus Nygaard.

— Me brukar ulik målform ved dei ulike studiestadene, me har vedteke at det skal heite Saman i Sogn og Fjordane, seier styreleiar i Samskipnaden på Vestlandet, Magnus Nygaard.

Samskipnaden på Vestlandet skal heite Saman i Sogn og Fjordane og Sammen i Bergen og Haugesund.

Frå og med 7.august er namnet «SiB» historie og den nye Studentsamskipnaden på Vestlandet har fått namnet Sammen (Saman). Norsk Målungdom meiner ein bør bruka meir nynorsk i profileringa.

Etter fusjonane av høgskulane på Vestlandet blei også studentsamskipnadane fusjonerte. Fusjonen var bestemt av Kunnskapsdepartementet, som også la følgande namn på bordet: «Studentsamskipnaden på Vestlandet».

I april vedtok styret i den nye studentsamskipnaden å byta namn frå tidlegare SiB (Studentsamskipnaden i Bergen) til «Sammen». No er namnebytet tredd i kraft - og utskiftinga av skilt har byrja på institusjonane, skriv På Høyden

Sammen Saman

Høgskulen på Vestlandet, som er ein fusjon av høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane har vedteke at nynorsk skal vere hovudmålet på skulen. 

Me skulle gjerne sett at dei brukte nynorsk på sidene til Bergen og Haugesund/Stord
også.

Fredrik Hope
Leiar, Norsk Målungdom

Når det gjeld samskipnaden skal namnet vere Sammen i Bergen og Haugesund, og Saman i Førde og Sogn og Fjordane. 

Les også: Samskipnaden i vest blir til «Sammen»

— Me synest namnet Saman i samspel med våre avdelingar kan gje studentane gode assosiasjonar og tilleggsverdi til kva me driv med i Studentsamskipnaden på Vestlandet, seier direktør Per Kristian Knutsen, i ei pressemelding, og legg til:

— Det er ikkje tvil om at det har vore ein lang veg å gå for å koma hit. Namneprosessen har tatt tid, og det har vore mange ulike meiningar både om fusjonen og namnet. Me tenker at Saman gjev oss ei god retning for korleis samskipnaden skal gå vidare for å utvikla dei beste studentretta velferdstilboda i heile vestlandsregionen.

Krev meir nynorsk

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, meiner den nye samskipnaden bør profilera seg endå meir på nynorsk. I dag byter samskipnaden på å profilera seg på nynorsk eller bokmål alt etter kva område dei er i. 

— Me skulle gjerne sett at dei brukte nynorsk på sidene til Bergen og Haugesund/Stord også. Den nye samskipnaden dekkjer eit område med mange nynorskbrukarar. Desse fortener å få sjå språket sitt i bruk, seier Hope.

– Kommunegrenser er inga hindring for å bruks nynorsk i profileringa. Studentar i Bergen og Haugesund har ikkje vondt av å lesa nynorske skilt, uansett kva språk dei skriv til vanleg, seier målungdomsleiaren. Dessutan meiner han det er sjølvsagt at samskipnaden skal heite Saman i nynorskbyen Stord.

Ingen planar om meir nynorsk

Styreleiar i Samskipnaden på Vestlandet, Magnus Nygaard, seier dei ikkje vil utvida nynorskbruken per no.

— Me brukar ulik målform ved dei ulike studiestadene, me har vedteke at det skal heite Saman i Sogn og Fjordane. Utover det er ikkje dette noko me har tatt stilling til, seier Nygaard.

— Det er naturleg for oss å bruka dei målformane som mesteparten av studentane brukar. Per no brukar me dei to målformane, det er det ein har vedteke at ein skal bruka – og det er vår politikk.

— Kan det bli aktuelt å vurdera å bruka meir nynorsk på dei andre studiestadane også?

— Det er ikkje noko me har tatt stilling til endå, seier Nygaard.

Det var stor diskusjon om fusjon av samskipnaden i samband med fusjonsforhandlingane ved Høgskulen på Vestlandet. 

Les også: 

Fakta

Høgskulen på Vestlandet 2017

Høgskulen på Vestlandet (HVL) etableres 1.januar 2017 etter at høgskolene i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen er slått sammen og får 16.000 studenter. 

Navn på engelsk: Western Norway University of Applied Sciences (HVL)

Ansatt rektor er Berit Rokne (bildet). 

Høgskolen får fem ulike studiesteder: 

  • Bergen
  • Førde
  • Haugesund
  • Sogndal
  • Stord

Skolen har mål om å bli universitet innen 2023. 

Høgskulen på Vestlandet skal ha nynorsk som arbeidsspråk.

Kilde: hvl.no

Avskjed. Professor Nils Rune Langeland har klaget inn vedtaket om avskjedigelse fra Universitetet i Stavanger. Nå skal UiS vurdere klagen og behandle saken på nytt, før de eventuelt sender den videre til Kunnskapsdepartementet på nyåret.