Vi treng tiltak for å få til ein god delingskultur innan utdanningsområdet, meiner prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven. Foto: Skjalg Bøhmer Vold Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Undervisarar må dele sine erfaringar med kvarandre

Skal vi forbetre høgare utdanning, må undervisarane lære av kvarandre, meiner Jens Standal Groven i Volda.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tittelen på stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høyere utdanning» er treffande: Det er avgjerande at vi får til ein kultur for kvalitet i høgare utdanning og ikkje berre enkeltståande tiltak. Samtidig vil eg argumentere for at vi alt har ein solid kultur for kvalitet i høgare utdanning, men at vi er for dårlige til å dele og utveksle erfaringar rundt kvalitet på utdanningsfeltet.

Strategi til fukost. I samband med eit intervju om endring av akademiske institusjonar uttalte Jan Grund til Khrono: «Kulturen er veldig viktig – den spiser strategi før frokost og den styres av verdier». Før frukost der altså.

Og dette sa Grund før både kvalitetsmeldinga og den vonde tvillingen – Stortingsmelding nr 18. «Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreformen i universitets- og høyskolesektoren» – var fødd. Ordlyden og målsettingane i politiske signal om endring av ein sektor, uavhengig av fargane på regjeringa som er avsendar, er det vanskeleg å vere ueinig i. At det skal bli betre kvalitet, det ser bra ut på papiret. Men kva tyder dette i praksis?

Den årlege fjordkonferansen for utdanningsinstitusjonar her oppe på Nordvestlandet la for nokre år sidan fram ein eigen antologi om kvalitet som omgrep (Fjordantologien 2013). Denne legg vekt på at kvalitetsomgrep er sterkt farga av fagområda og faglege tradisjonar. Innanfor profesjonsutdanningar har ein til dømes tett kontakt med det yrkesfeltet ein utdannar for, og har difor kanskje lettare for å treffe føremålet. Det å treffe føremålet er ofte trekt fram som eit kvalitetsstempel, men sjølv her kan ein støyte på problem.

I dag ser ein at det er eit aukande krav om å tenkje tverrprofesjonelt, og kvalitetsmeldinga seier at dette er vegen å gå, og at det vil bidra til at vi får til ein gjennomgåande kvalitetskultur. UH-nett Vest (Universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet) har til dømes gjennomført eit pilotprosjekt på tverrprofesjonell samarbeidslæring på helsefeltet med ei rekke ulike profesjonar. Høgskulen i Volda har no fått i oppgåve å vidareføre dette prosjektet i heile UH-nett Vest.

Er det motsetnader mellom kulturen vi har i høgare utdanning i dag, og kulturen for kvalitet ein vil dyrke fram gjennom verktya som vert lagt fram i kvalitets-meldinga? 

Jens Standal Groven

Men om det er vanskeleg å definere kvalitet, er ikkje kultur noko enklare omgrep. Eg meiner vi må spørje oss sjølve: Er det motsetnader mellom kulturen vi har i høgare utdanning i dag, og kulturen for kvalitet ein vil dyrke fram gjennom verktya som vert lagt fram i kvalitetsmeldinga? Eg hinta i innleiinga om kva eg meiner om dette: Vi treng tiltak for å få til ein god delingskultur innan utdanningsområdet. Tiltaka som er foreslått i kvalitetsmeldinga, vil kunne gje oss hjelp her: fagfellevurdering av undervisning, kollegarettleiing og pedagogisk basiskompetanse vil kunne skape nye møteplassar der kvalitet i undervisning blir diskutert og delt mellom fagfolka i sektoren.

Tiltaka i kvalitetsmeldinga vil det ta sjølvsagt ta tid å sjå resultata av, på same måte som det vil ta minst like lang tid å sjå resultat av strukturmeldinga med sine fusjonar av institusjonar.

Og her er det er ein forskjell på dei to meldingane: Strukturreforma skal legge til rette for at strukturen i heile sektoren blir endra slik at ein er betre rusta til å ta vare på både forskingsoppdraget og utdanningsoppdraget. Kvalitetsmeldinga tar først og fremst for seg utdanningsoppdraget. Universitets- og høgskulelova på si side går breitt ut og seier at høgare utdanning skal gje utdanning som er tufta på framifrå forsking, fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.

Der strukturmeldinga har fått ein del kritikk, mellom anna for å kome før meldinga om kvalitet, har kvalitetsmeldinga fått mykje skryt. Norsk studentorganisasjon (NSO) har til dømes uttalt at dette er eit gjennombrot og at tiltaka kan heve statusen for det å arbeide med utdanning ved universitetet og høgskular. Den innebygde premissen om at statusen per i dag er låg, skurrar litt for min del. Eg trur nemleg at det heng høgt å bli rekna som ein god undervisar, men at undervisarar i sektoren er usikre på eigen status på dette området.

Her må eg understreke at eg baserer dette på min eigen erfaringskunnskap, frå eit tiår som fagtilsett i høgare utdanning. Rett nok ved det som i dag har blitt ein relativt liten høgskule på Nordvestlandet, men la gå: Det at kvalitetsmeldinga har blitt så godt motteken, tyder etter mi meining at det ikkje er slik at vi må gjennomføre ei stor kulturendring, det handlar snarare om ei kursendring når det gjeld å dele meir på kvar einskild sine erfaringar innan utdanningsområdet.

Og her får vi hjelp frå meldinga, ho tek nemleg på alvor mange av dei tilbakemeldingane som eg sjølv, og sikkert mange andre tilsette i UH-sektoren, har fått i dei lovpålagte fagutvala og andre møte med studentar som har meiningar om kva som kan gjerast betre (les: betre kvaliteten). Ein runde med superenkel forsking i min eigen organisasjon viser at ein ser fram til å innføre tiltaka i kvalitetsmeldinga. Her må det leggjast til at mange i neste setning trekker fram verdien av forsking, og tid til eiga forsking, som noko som gjer kvaliteten på undervisninga betre.

Samtidig, som kvalitetsmeldinga sjølv legg vekt på, må ein her ikkje gløyme at eit fåtal av studentane våre ender opp som profesjonelle forskarar. Her bør det òg leggast til at forskingsideal og gode forskingsmetodar sjølvsagt vil vere god ballast uansett kvar ein endar opp i arbeidslivet. Det eg prøver å kome fram til, er at det ikkje er ein motsetnad mellom forsking og undervisning.

Når det gjeld forsking på undervisning, finst det avansert forsking på det feltet som slår fast at framifrå forskarar, trass i unnataka, har ein tendens til òg å vere framifrå undervisarar. Dette siste er vel noko som mange av oss har fått sett i praksis. Dei mest meritterte forskarane har ei innsikt som gjer at det det dei formidlar, høyrest enkelt og tilforlateleg ut for oss som høyrer på, og – må eg leggje til – forhåpentlegvis samhandlar med desse forskarane også i andre undervisningsformer enn klassiske førelesingar. For om dei er så framifrå, bør dei nemleg ifølgje den nemnde forskinga bruke varierte læringsformer, ikkje berre dosere i plenumssalar.

Dersom dette er tilfellet, kva er så problemet? Kanskje ein kan få i pose og sekk? Eller er det slik som meldinga har som premiss, at det ikkje er like gjævt å vere framifrå innan undervisning som å vere framifrå forskar? Eg trur som sagt at båe delar er like gjæve, men at vi er mykje dårlegare til å dele og diskutere kva det vil seie å vere ein framifrå undervisar, i motsetnad til kva dei gjer innan forskinga. Dessverre har det til no òg vore vanskeleg å få dokumentert god undervisning i forhold til god forsking.

Kanskje nettopp i problemstillinga rundt kva god undervisning er, ligg noko av hovudutfordringa som kvalitetsmeldinga maktar å setje fingeren på: Mange som driv med utdanning, veit for lite om det vi gjer innan undervisning, verkar etter føremålet. Vi er opptekne av det, det er ein del av kulturen å gruble på dette, men vi kan rett og slett for lite om det, og ikkje pratar vi spesielt høgt om det heller.

Det er mi erfaring at ein i vår sektor kan ha ein karriere utan å eigentleg vite om ein er ein god undervisar, og i alle fall utan å kunne bevise det. Dette ville vere utenkeleg når det gjeld forsking, eller rettare: Det ville vere umogleg å få kompetanseopprykk utan dokumentasjon. Heldigvis får vi seie. Når det gjeld undervisning, er det annleis. Dokumentasjonen vi kan vise til, byggjer ofte på særs enkel forsking i form av spørsmål av typen: Kan eg få ei lita tilbakemelding? Overraskande nok så kan vi få det, og kanskje levere betre kvalitet neste gong. Men fortel vi nokon om slike ting? Det er noko med dei attestane vi skriv ut for oss sjølve, dei er dessverre ikkje så mykje verde, har eg fått høyre, frå ein etter mi meining framifrå undervisar.

Eg trur sektoren ser fram til at vi med kvalitetsmeldinga skal få til meir deling og diskusjon rundt kva det er som gjer at nokon lukkast som undervisarar. På ei anna side kan det òg tenkast at sektoren gruar seg litt til å diskutere kva ein skal gjere med dårleg undervisning, for om det gode skal bli synleg og delast, må ein òg tore å diskutere det som må bli betre. Til dømes må vi gå inn i diskusjonar rundt kva former for undervisning som passer best for ulike typar menneske.

Ikkje alle passar til alt. Uansett må vi starte med oss sjølve – kvalitetsmeldinga seier klart at dette er eit ansvar som ligg på kvar einskild institusjon. Lukke til med kvalitetsarbeidet!

(Kronikken er først publisert i Forskarforum).

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS