NTNU er i ferd med å jobbe seg inn i kategorien «språkpolitisk useriøs» og der skal eit universitet passe seg vel for å hamne, meiner førsteamanuensis Leiv Inge Aa, ved NTNU. Foto: Even Diesen

Flau over manglande språkpolitikk på NTNU

— Eg er flau. Landets største universitet driv systematisk nedprioritering av språkpolitikken sin. Det er slikt som kallast ukultur, seier førsteamanuensis ved NTNU, Leiv Inge Aa.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Nye» NTNU har bede Språkrådet om fritak for rapportering av målbruk i 2016, og fått det. Landets største universitet har ikkje oversikt over kor mykje eller lite nynorsk og bokmål dei brukar, sjølv om mållova seier at dette skal dei rapportere inn kvart einaste år.

Førsteamanuensis ved norskseksjonen på lærarutdanninga på NTNU, Leiv Inge Aa, reagerer sterkt på at landets største universitet har bede om å få sleppe å rapportere målbruken sin for 2016 til Språkrådet. 

NTNU skuldar på fusjonsarbeidet som har gjort at dei ikkje har klart å rapportere kor stor del bokmål og kor stor del nynorsk «nye» NTNU har brukt i 2016 - også kalla målveksling.

Utsett frist blei fritak

Språkrådet krev slike rapportar kvart år for å sjå kven som følger, eller bryt, mållova. Ifølge ei sak Khrono skreiv tidlegare i vår, bryt alle høgare utdanningsinstitusjonar lova. Ingen som har bokmål som hovudmål oppfyller kravet om 25 nynorsk, og motsett. 

Ekstra ille er det at NTNU allereie har fleire svin på skogen når det gjeld nynorsk, eller mangel på nynorsk, og dette siste fritaket frå rapportering legg seg berre inn i rekka av fleire.

Leiv Inge Aa

Vi vil gjere det vi kan for å oppfylle mållova, men  vi har begrensa med kapasitet og krefter til å legge nok tyngde i dette.

Ida Munkeby

Les også: Ingen oppfyller mållova

NTNU fekk utsett fristen med å levere rapport om målveksling til 17.mars, men klarte heller ikkje å halde denne fristen og bad difor om fritak for rapportering i 2016. Det fekk dei, sjølv om Språkrådet finn det beklageleg. 

Fusjon er ikkje gyldig grunn

Førsteamanuensis Aa, som også har vore redaktør i Norsk ordbok i fleire år, meiner at NTNU ikkje har gjort den språkpolitiske jobben sin under fusjonsprosessen. 

— Ingen av dei fusjonerte institusjonane, tidlegare Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Ålseund, Høgskolen i Sør-Trøndelag eller NTNU har vore opptekne av språkpolitikk. Ved fusjonen på Vestlandet og det som blei Høgskulen på Vestlandet var språkpolitikk eit vikitg tema, seier Aa, og meiner at fusjon ikkje er gyldig grunn for å ikkje rapportere målveksling. 

NTNU med fleire svin på skogen

— Ekstra ille er det at NTNU allereie har fleire svin på skogen når det gjeld nynorsk, eller mangel på nynorsk, og dette siste fritaket frå rapportering legg seg berre inn i rekka av fleire, seier Aa og legg til: 

NTNU er i ferd med å jobbe seg inn i kategorien «språkpolitisk useriøs» og der skal eit universitet passe seg vel for å hamne, meiner han. 

NTNU gjorde seg bemerka med ei eksamensoppgåve på hjelpelaus nynorsk i mai i fjor, med ein nynorsk som språkdirektør Åse Wetås rett og slett trudde var ein fleip.  Denne «tulle-nynorsken» er ein sjanger som i enkelte miljø no blir kalla «NTNU-nynorsk».

Les også: Hjelpeløs nynorsk på NTNU

Målungdommen si kartlegging av klagar på manglande nynorsk i høgare utdanning viste at NTNU var ein av verstingane. 

Les også: NTNU er versting på nynorsk

Førsteamanuensis Aa trekker også fram NTNU sitt nye læringssystemet Blackboard, som skal erstatte It’s learning frå hausten. Der meiner Språkrådet, ifølge Universitetsavisa, at NTNU har ein plikt til å tilby ein nynorsk versjon av verktøyet, men den finst ikkje enno.

— Eg er flau

— Ingen av dei fusjonerte institusjonane i «nye» NTNU har gjort det arbeidet dei skal med mållova, sier Leiv Inge Aa. 

— Synest du det er flaut? 

— Eg er flau, seier han. 

— Men NTNU meiner at hovudproblemet deira er engelsk vs norsk, og då blir nynorsk nedpritoritert? 

— Dess større institusjonen er, dess større er ansvaret. NTNU er ein stor statleg og nasjonal institusjon, og det er klart at dei har tilsette med kompetanse på nynorsk og mange tilsette og studentar med nynorsk som hovudmål. De burder vere lettare for NTNU enn andre å etteleve mållova, meiner Leiv Inge Aa og legg til: 

— Det handlar rett og slett om prioritering, seier han og meiner at viss ein ikkje er god i morsmålet sitt blir ein heller ikkje god i engelsk.  

NTNU-direktør beklagar

— Eg synest dette er beklageleg. Vi slit. Vi når ikkje måla når det gjeld nynorsk og vi må vere dønn ærlege på det, seier Ida Munkeby (bildet), organisasjonsdirektør ved NTNU, til Khrono.

(Foto: Idun Haugan/NTNU)

— I realiteten er hovudutfordringane hos oss norsk vs engelsk. Vi har over 90 ulike nasjonar representerte ved NTNU og for fleire er daglegspråket engelsk, ellers forstår ikkje alle kva som blir sagt. Eg veit at det ikkje er populært å seie det, og at nokon meiner at det ikkje er relevant, men det er realitetane - og då blir nynorskbruken nedprioritert, seier ho. 

— Førsteamanuensis Leiv Inge Aa på lærarutdanninga på NTNU seier at ei systematisk nedprioritering av språkpolitikken tyder på ein ukultur og at NTNU er i ferd med å hamne i kategorien «språkpolitisk useriøs»? 

— Vi vil gjere det vi kan for å oppfylle mållova, men  vi har begrensa med kapasitet og krefter til å legge nok tyngde i dette. 

Kva skal vi prioritere ned?

— Det skulle vere nok av kompetanse og kunnskap i og om nynorsk på landets største universitet? 

— På eitt nivå er dette sant. Men vi står oppe i eit dilemma. Det kan godt hende at vi burde sette av meir ressursar og prioritert språkpolitikk, og vi skal gjere det vi kan. Men summen av bestillinger på ting vi må gjere er såpass stor, så kva skal vi i så fall prioritere ned, spør Munkeby.  

— Til Språkrådet skuldar de på fusjonen som har teke så mykje kreftar at de ikkje har klart å lage den årlege rapporten om målbruk ved NTNU. Ved Høgskulen på Vestlandet til dømes, var språkpolitikk ein av dei viktige sakene under fusjonsforhandlingane? 

— Ved NTNU-fusjonen var ikkje dette tema i det heile tatt, og høgskulane i Gjøvik, Sør-Trøndelag og NTNU har sikkert færre nynorskbrukarar enn høgskulane på Vestlandet, seier Munkeby. 

Men sjølv om Språkrådet har gitt NTNU fritak for rapportering om målveksling for 2016 så er dei ifølge direktøren i gang med fleire tiltak. Mellom anna skal dei trykke NTNU sin årsrapport på nynorsk og bokmål annakvart år og målet er at kvar tredje melding i sosiale medium skal vere på nynorsk. 

Ny leiargruppe på NTNU

I tre dagar denne veka er NTNU-rektor Gunnar Bovim si nye leiargruppe samla for å førebu seg til den neste rektorperioden som tek til 1.august. 

— Diskuterer de språkpolitikk på denne samlinga? 

— Nei, dette er ikkje tema under denne samlinga. Fokus no er bygging av rektors nye leiargruppe, seier Ida Munkeby.

Språkrådet om NTNU: Synd

Det er synd at ein så viktig og sentral lærestad som NTNU ikkje sender oss rapport for året som gjekk. Tala er viktige for det statistiske oversynet som Språkrådet kvart år sender til Kulturdepartementet. NTNU er heller ikkje den einaste organisasjonen som gjennomførte ein fusjon i 2016. Det er meininga at sentrale statsorgan skal samle inn tal for målveksling jamt gjennom året. Hadde de og dei tre høgskolane praktisert same rutine, ville ikkje rapporteringa kome så brått på dykk som vi får inntrykk av at ho gjer no. 

Dårleg stell på NMBU 

Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås har omsider levert sin rapport til Språkrådet, på overtid. Heller ikkje dei oppfyller krava i mållova på noko punkt. 

I svarbrevet sitt til NMBU skriv Språkrådet:

«Rapporten deres viser at det står dårlig til med bevisstheten rundt regelverk og praksis ved NMBU. Vi ser ingen synlig nynorsk på nettsiden deres, og ingen av de ti siste nyhetssakene er skrevet på nynorsk. I de andre kategoriene som vi ber om rapport fra, ligger nynorskprosenten på null. Vi får inntrykk av at dere enten ikke kjenner til hva regelverket krever av dere, eller ikke prioriterer å følge det opp. For å lykkes med god målveksling er det nødvendig at ledelsen ved universitetet tar initiativ til å utarbeide en tiltaksplan». Og NMBU har fått frist til å sende tiltaksplan i løpet av juni. 

Høgskolen i Bergen får skryt

Tidlegare Høgskolen i Bergen har også levert sin målrapport til Språkrådet på etterskot. Dei oppfyller heller ikkje mållova på alle punkt, men får skryt frå Språkrådet: 

«Vi veit frå tidlegare år at Høgskolen i Bergen gjer godt arbeid for jamstillinga mellom målformene våre. Det reknar vi med at de vil halde fram med også i ny drakt. De har gjort vedtak om å ha nynorsk som målform ved høgskolen, og i samband med det vil vi minne om at statlege organ skal veksle mellom målformene etter mållova. Sjølv om de ser for dykk å nytte nynorsk i det meste av tilfanget dykkar, må de altså hugse på kva lova krev av sentrale statsorgan», noko som i klartekst betyr at Høgskulen på Vestlandet må hugse å nytte minst 25 prosent bokmål.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS