Ekspertgruppe øreslår mindre tildelingar innen forskning, slik at fleire forskarar får pengar. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Forskarar vil dele EU-støtte på fleire hender

Høg konkurranse om EU-middel hindrar forskarar å offentleggjera forskingsresultat, meiner ekspergruppe i EU. Dei føreslår at tildelingane blir mindre, slik at fleire forskarar får pengar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Debatten rundt EUs neste rammeprogram som skal ta over for Horisont 2020 er i gong, og eit rådgjevande panel til EU-kommisjonen gav nyleg ut rapporten Europe’s Future: Open Innovation, Open Science, Open to the WorldDen tar opp ulike utfordringar ved dagens rammeprogram.

Det skriv Times Higher Education, ifølge På Høyden.

Ekspertgruppa består av forskarar frå heile Europa. Eit av forslaga dei kjem med er at størrelsen på EU-tildelingane burde blir kutta slik at fleire forskarar kan få støtte. 

Intens konkurranse

I rapporten står det at hard konkurranse om forskingsmiddel og ein trygg karriereveg har ført til at forskarar er tilbakehaldne med å offentleggjera forskingsresultat, noko som skadar vitskapen, meiner ekspertpanelet.

«Det er tendensar til stadig meir intens konkurranse på nesten kvart karrieresteg», hevdar ekspertgruppa, og dei skriv vidare at «dette skapar ein struktur som ikkje bidreg til den beste moglege forskinga, og heller ikkje til open forsking. Den kan oppmoda til hemmeleghald, og i verste fall føra til ureieleg forsking».

Horisont 2020 har ein suksessrate på 14 prosent, noko som er ein nedgong frå 20 prosent i EU sitt førre rammeprogram – som vart avslutta i 2014.

Med ein så låg suksessrate, meiner ekspertgruppa at det er «nesten er umogleg å finna vesentlege forskjellar i kvalitet», noko som fører til at det kan bli tilfeldig kven som får tildelt middel. 

Dei meiner løysinga er å redusera pengestøtta, slik at alle søknadar som når opp til eit visst nivå, vil få tildelt støtte - sjølv om det ikkje er nok til å dekka budsjettet dei har lagt fram.

Ber om at budsjetta blir auka

Andre forslag som blir trekt fram i rapporten, er å dela søknadsprosessen opp i to trinn, slik at ein kan velja ut dei mest aktuelle kandidatane etter ein kortare søknad i trinn éin, og deretter be dei senda inn ein meir omfattande søknad.

No er det tusenvis av søknadssider som aldri blir lesne, og det er tidkrevjande for dei som søker, meiner ekspertgruppa.

Det europeiske forskingsrådet har også kome med eit fråsegn kor dei argumenterer for at budsjetta bør auka til eit minimum på fire milliardar euro kvart år, slik at fleire kan få støtte. Budsjettet for 2019 er på to milliardar euro.  

EU sitt niande rammeprogram vil starta opp i 2021. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS