Sosiologiprofessor Aksel Tjora ved NTNU har søkt 20 prosent stilling som vitskapsombod ved Universitetet i Oslo. Foto: Victor Kleive, NTNU Bridge

NTNU-professor vil bli vitskapsombod på UiO

NTNU-professor Aksel Tjora er einaste søkar til stillinga som vitskapsombod ved Universitetet i Oslo. Søknadsfristen har vore forlenga fleire gongar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Diskusjonen om oppretting av vitskapsombod ved Universitetet i Oslo har pågått i fleire år.

Vitskapsombodet ved Universitetet i Oslo skal ifølge utlysinga vere ein uavhengig bistandsperson som har i oppgåve å gi råd og hjelp til vitskapeleg tilsette i forskingsetiske spørsmål. Ombodet kan også opptre som uformell meklar. 

Forslag i 2014

Allereie i 2014 foreslo professor Kristian Gundersen å opprette vitskapsombod, og i desember 2015 blei det vedteke av universitetsstyret. Dei skulle tilsette to vitskapsombod, eit for dei humanistiske og samfunnsvitskapelege fag (HumSam) og eit for det matematisk-naturvitskaplege og medisinske fag (MedNat). Mandat blei vedteke i juni 2016 og første utlysning av 20 prosent stilling i eit femårig åremål kom i februar i år. 

Det har tidlegare ikkje meldt seg nokre søkarar, men ifølge Uniforum som har sett søkarlista, er det no ein søkar til stillinga for humaniora og samfunnsvitskap, og det er NTNU-professor Aksel Tjora.

Det vil handla om eigarskap til forsking og idear. Det som ikkje er greit, er at det er nokre institutt som opererer med æresmed-forfattarskap.

Aksel Tjora

Æresmedforfattar ikkje bra

Tjora er sosiologiprofessor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU. Han er også nyvald representant for dei faste, vitskaplege tilsette i NTNU-styret den neste fireårsperioden.

Sosiologiprofessoren meiner at han kan halde fram som før ved NTNU, sjølv i rolla som vitskapsombod, og trur det kan kome fleire krevjande saker: 

— Det vil truleg handla om i kor stor grad rettleiar og birettleiar også kan vera medforfattarar av ei avhandling.  Det er forskjellige tradisjonar frå institutt til institutt. Og det vil handla om eigarskap til forsking og idear. Det som ikkje er greit, er at det er nokre institutt som opererer med æresmedforfattarskap.  Det er ikkje bra for stipendiatane, sier Tjora i eit intervju i Uniforum.

Betre rollefordeling

Etter hans meining er det naudsynt å få inn eksplisitte reglar om forholdet mellom dei ulike rollene rettleiaren, birettleiaren og stipendiaten har i arbeidet med ei avhandling.

— Eg vil også difor sjå nærare på rollefordelinga mellom den som kan kallast for kommentator og den som er medforfattar, seier Tjora til avisa.

I diskusjonen om vitskapsombod ved UiO har også avtroppande rektor Ole Petter Ottersen blitt varm tilhengar av ordninga, og ønsker å innføre det same då han tiltrer som rektor ved Karolinska Institutet i Stockholm til hausten.

Omod på Karolinska også

—  Det har vore ein lang og god diskusjon om oppretting av eit vitskapsombod ved UiO. Gjennom prosessen har eg blitt overtydd om at det kan vere en god ting med eit slik lågterskeltilbod som kan bidra til å styrke den etiske beredskapen ved universitetet. Og eg er sikker på at eit vitskapsombud vil være ein god ting ved Karolinska Institutet også, sa Ottersen i eit intervju med Khrono nyleg. 

Les også: Positivt overrasket over den svenske modellen

Vitskapsombod for naturvitskap og medisin er også lyst ut ved Universitetet i Oslo, men det er enno ikkje kjent om kven, eller nokon, har søkt. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS