Representantar for fleire departement besøkte sist veke Høgskolen Oslo og Akershus for å få innspel til langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Statssekretær Christel Kvam i Arbeids- og sosialdepartementet, Bjørn Haugstad (bak t.v) i Kunnskapsdepartementet og statssekretær Kai-Morten Terning i Barne- og likestillingsdepartementet lytta til innspel frå rektor Curt Rice (foran t.v.) og fleire forskarar.

Foreslår nye senter for framifrå offentleg sektor

Rektor Curt Rice og Høgskolen i Oslo og Akershus ber regjeringa starte ei senterordning for for offentleg sektor etter modell frå Senter for framifrå utdanning og - innovasjon.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forslaget frå Høgskolen i Oslo og Akershus kom fram under eit møte på høgskolen sist veke der innspel til den reviderte langtdisplanen for forsking og høgare utdanning blei drøfta.

Regjeringa sin Langtidsplan for forsking og høgare utdanning skal reviderast i 2018. Planen gir langsiktige føringar for kva som skal vera regjeringa sine satsingsområde fram mot 2024, og har sidan han blei vedteken i 2014 hatt talfesta opptrappingsplanar for fleire satsingar.

Dei overordna måla for langtidsplanen er å styrke konkurransekraft og innovasjonsevne, løysa store samfunnsutfordringar og utvikla fagmiljø av framifrå kvalitet.

Her finn du langtidsplanen.

Departement på turné

Kunnskapsdepartementet brukar våren på ein innspelsturné på besøk hos 20 ulike institusjonar for å få inn nye idear til revisjonen av langtidsplanen. Heile turnéen starta med at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøkte Universitetet i Bergen i slutten av mars. Og i juni arrangerer departementet ein innspelskonferanse i Oslo for universitets- og høgskolesektoren der revisjon av planen - og alle innspela - skal diskuterast.

— Vi ønsker å få snakke med grasrota i forskar-Noreg. Heile poenget med møtet er ikkje at eg skal halda tale og at folk skal klappe etterpå. Men at dei som jobbar og forskar i sektoren, og i privat næringsliv, skal få kome til orde, sa statsråd Røe Isaksen ifølge På Høyden den gongen. Han kunne også fortelje at regjeringa vurderer å innføre auka basisløyving til forskingsinstituttane.

Besøk på HiOA

Ein av dei tinga eg er heilt sikker på, er at den reviderte planen må ha fleire verkemiddel for å kopla arbeidsliv og forsking.

Torbjørn Røe Isaksen

Omstilling i offentleg sektor har ikkje vore prioritert satsing på området så langt. Vi ber om at regjeringa gjer noko med det.

Curt Rice

Sist torsdag var turen komen til Høgskolen i Oslo og Akershus. Der hadde statssekretær Bjørn Haugstad frå Kunnskapsdepartementet med seg statssekretærane frå Arbeids- og sosialdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet, Christel Kvam og  Kai-Morten Terning mellom anna.

Dei møtte eit utval med helse og samfunnsforskarar ved høgskolen og Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA). 

Khrono var ikkje tilstades, men snakka med rektor Curt Rice etter møtet. 

Praksisnær forsking

— Breiddeunviersiteta driv grunnforsking, og det er også viktig. Her hos HiOA var både ulike departement og vi opptekne av den praksisnære forskinga. Høgskolen i Oslo og Akershus er gode på praksis og samfunnsrelevant forsking. Forsking der det tar kort tid frå forskning til konkrete resultat i samfunnet, seier Rice.

Professor Astrid Bergland ved Institutt for fysioterapi, som er leiar i forskingsgruppa Aldring, velferd og helse fortalde gjestane om forsking på korleis førbygge beinbrot hos eldre.  Professor Ira Malmberg-Heimonen fortalde om forskingsprosjektetet Heilskapleg oppfølging av låginntektsfamiliar i samarbeid med Nav.

— Her snakkar vi om forsking på høgt nivå og stutt veg til nyttig bruk i samfunnet, seier Rice

— Og kva slags innspel hadde landets største høgskole å kome med til regjeringsrepresentantane?

— Omstilling i offentleg sektor har ikkje vore prioritert satsing på området så langt. Vi ber regjeringa gjere noko med det. Vi ber dei både om å satse meir på den offentleg PhD-ordninga og at det blir oppretta ei ny senterordning for ein framifrå offentleg sektor, seier Rice.

Senter for framifrå offentleg sektor

I sine førebelse innspel foreslår dei ei senterordning etter modell av Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for framifrå utdanning (SFU) og Senter for framifrå innovasjon (SFI). 

Ei senterordning for framifrå offentlege tenester vil ha som mål og styrke innovasjon gjennom satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom offentleg sektor og framifrå forskingsmiljø.Ordninga «Senter for framifrå offentlege tenester» kunne ha ei samfinansiere mellom kommunar, vertsinstitusjon og Forskingsrådet, heiter det i eit notat frå høgskolen.

Då det i januar 2015 var høyring om regjeringa sin nye langtidsplan for forskning og høgare utdanning fekk meldinga kritikk frå fleire hald for å vere for tynn, for å ha lagt for lite vekt på utdanning, for lite humaniora og samfunnsfag og for lite profesjonsutdanning og praksisnær forsking.

Les også: Ottersen kritisk til langtidsplanen

I tillegg til ei ny senterordning og offentleg PhD-satsing meiner også HiOA at den nye Langtidsplanen må integrere høgare utdanning i større grad enn i dagens plan. Prioriteringane bør inkludere ei satsing på studieplassar og fleire stipendidatstillingar til helse- og velfred mellom anna.

Næringslivsfokus i Bergen

På innspelsmøtet i Bergen i mars var fokuset på samarbeid med næringsliv og offentleg sektor eit tema som gjekk igjen. Kanskje ikkje overraskande, med mange representantar frå instituttsektoren til stades. 

Korleis få næringslivet til å bruka meir pengar på forsking? Auk basisløyvingane til institutta og lag betre støtteordningar til bedriftene, er blant bergensforskarane sine råd til kunnskapsministeren.

Nyleg kom OECD med ein rapport som har evaluert norsk politikk for forsking og høgare utdanning. Av dei svake sidane det blei peika på var at ein hadde begrensa samarbeid mellom næringsliv og forsking.

På møtet i Bergen tok fleire til ordet for å opprette ulike støtteordningar som kan stimulera til samarbeid med offentleg sektor, næringsliv og forskingsinstitusjonane. 

– Vi må ha tid til å starta opp samarbeid og til å utvikle idear. Viss vi prøver å invitere bedriftene til møter, så veit ikkje bedriftene om dei har middel til det. Ein bør gjerne øyremerke pengar til eit slikt formål, sa Jan Even Nilsen, forskar ved Nansensenteret.

Korte perspektiv

Geir Pedersen i Christian Michelsen Research (CMR) peika også på for korte tidsperspektiv i forskinga. 

— Bedriftene er villige til å betala viss dei kjem til å få resultat om to år, men viss ein tenker litt lenger fram er det vanskeleg å kome med pengar. Kanskje kan slike støtteordningar gjera det lettare for dei, slik at dei ikkje må ta stor risiko, sa Pedersen.

Forskar Hanne Sagen frå Nansensenteret er einig i at det er vanskeleg å halda på samarbeida over lenger tid. 

— Sjølv om du får industrien i tale, så er det slik at viss ikkje forskinga ligg tett opp til resultatet som dei ønsker å sjå, så trekk dei seg gjerne ut. Det er tøft i ein industri som slit å skulla støtta basisforsking i tillegg. Me treng betre finansierinsordningar for industrien og dei små bedriftene. Slik kan dei få sjansen til å gå inn i ulike prosjekt. I EU-prosjekt har ein full finansiering. Men i Forskingsrådet må dei framleis bidra med ein eigenandel, sa Sagen.

(Foto: Hedvig Idås)

Isaksen noterte flittig under møtet i Bergen, og sa til På Høyden etterpå at han var svært fornøgd med forslaga som kom. 

Betre kopling arbeidsliv og forsking

— Ein av dei tinga eg er heilt sikker på, er at den reviderte planen må ha fleire verkemiddel for å kopla arbeidsliv og forsking. Nettopp då er slike konkrete innspel og konkrete forslag som eg fekk i dag veldig bra. Eg kan ikkje garantera at dette er ting me vil ta inn i planen, men det er ting me tar med oss vidare og vil vurdera. 

— Mange trekk fram behovet for betre basisløyvingar til institutta. Er dette noko du vil gjennomføra? 

— Eg trur nok det. Eg er ikkje uroleg for at ei betre basisløyving skal pressa ut private middel og oppdragsforsking. Eg trur det er ganske mykje å gå på. Eg trur ein kan finanseire dei betre og behalde dynamikken som vi ønsker, nemleg at institutta driv oppdragsforsking. Vi ser at Tyskland og andre land i Europa har betre basisfinansiering av instituttsektoren enn det vi har, sa Røe Isaksen.

Blir ikkje like stor vekst

— Du har tidlegare sagt at det blir trongare tider framover, og at ein må gjera tøffare prioriteringar. Korleis skal ein då svara på dei utfordringane som er peika på av OECD?

— Vår ambisjon og det me går til val på som regjering er at forskingsbudsjettet skal auka. Men poenget er at me neppe kjem til å sjå den same veksten i forskingsbudsjettet i det neste tiåret som det me har hatt dei siste åra. Det er det som også pressar fram ein diskusjon om prioriteringar.

— Kva for prioriteringar vil de gjera?

— Det vil eg ikkje svara på no.

Grunnforskinga?

— Det blei også peika på at fokuset på at forsking for næringslivet er for stort i langtidsplanen. Gløymer ein grunnforskinga opp i dette?

— Poenget er at forskinga ikkje berre skal svare på dei kortsiktige behova i næringslivet, men også dei lange behova, difor er grunnforsking og nysgjerrigheitsforsking viktig, og frie middel er avgjerande og må aukast. Vi må for all del unngå å velja den eine eller den andre grøfta. Det er ikkje ønskeleg at vi berre finansierer anten kortare oppdragsforsking, eller berre grunnforsking, avslutta Røe Isaksen. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS