Prorektorar på Høgskulen på Vestlandet er tilsett i dag (f.v.): Gro Anita Fonnes Flaten, Bjørg Kristin Selvik og Liv Reidun Grimstvedt. Fotomontasje: På Høyden

Reint kvinnerektorat på Høgskulen på Vestlandet

Det blir rein kvinneleiing i rektoratet på Høgskulen på Vestlandet etter at styret tilsette tre kvinnelege prorektorar torsdag.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bjørg Kristin Selvik, Liv Reidun Grimstvedt og Gro Anita Fonnes Flaten blir prorektorar for høvesvis utdanning, samhandling og forsking.

Dei tre skal ha ansvar for kvar sin region, i tillegg til dei tre fagområda, skriv På Høyden.

Bjørg Kristin Selvik skal ha hovudarbeidsstad i Sogn og Fjordane, Gro Anita Fonnes Flaten i Bergen, og Liv Reidun Grimstvedt får ansvar for og hovudarbeidsstad i nærregion Stord/Haugesund. 

Svært gode søkarar

Rektor Rokne seier til hvl.no at dei hadde svært gode søkarar og at dei har hatt ein grundig og god prosess.

Om det hadde vore motsett, med kun menn i leiinga, så ville vi hatt store problem med det. Men no tek vi det som eit positivt uttrykk for at vi har veldig mange gode kvinner på
høgskulen.

Arvid Hallén

— Med desse prorektorane får vi ei svært god leiargruppe, seier ho.

Til Khrono legg ho til at ho er svært nøgd med rektoratet og det nye «damelaget» sitt. 

— Eg er svært nøgd, og no tar vi ting steg for steg, seier ho, etter at styret tilsette dei tre kvinnelege prorektorane torsdag. 

Søknadsfristen for fire dekanstillingar og to direktørjobbar har også gått ut - og tilsetting her skal opp i styret i mai. Rektoren har enno ikkje hatt tid til å sjå på søkarlistene.

— Men eg veit at det er søkarar til alle stillingane, seier ho. Også desse stillingane er berre utlyst internt på Høgskulen på Vestlandet. 

Områdeansvarlege

Bjørg Kristin Selvik er ifølgje hvl.no tilsett som prorektor for nærregion Sogn og Fjordane. Ho har arbeidd på høgskulen sidan 1990, først som høgskulelektor. Seinare har ho hatt verv som prodekan, ho var tilsett som dekan for Avdeling for lærarutdanning frå 2003 til 2011, og ho var vald prorektor for utdanning i perioden 2011 til 2016.

Gro Anita Fonnes Flaten er i dag direktør for campus Bergen, og skal ha nærregionansvar for Bergen. Ho var forskingsdirektør ved Høgskulen i Bergen frå 2014 og fram til ho var tilsett som høgskuledirektør i november 2016. Frå tidlegare har ho mellom anna erfaring frå stilling som forskingsleiar ved sjukehusapoteka og som forskingskoordinator ved Høgskolen i Bergen. Flaten er utdanna mikrobiolog og Dr.scient. frå Universitetet i Bergen.

To eks-rektorar ute

Liv Reidun Grimstvedt er tidlegare rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund og var ein av tre sentrale rektorar som stod bak fusjonen av de tre høgskulane som til slutt blei Høgskulen på Vestlandet. Dei to andre rektorane, tidlegare rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen og tidlegare rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, skal ut av leiinga av den nye høgskulen.

Søgnen søkte rektorjobben utan å få den og har gått attende til jobb på ingeniørutdanninga. Rasmus Stokke seier i ein kommentar til Khrono at han ikkje ønskte å søke seg til ei ny leiarstilling. 

— Eg skal snart pensjonere meg og berre jobbe nokre få år til, så det er ingen dramatikk i dette, seier 64-åringen, men han skal fungere i prorektorstillinga i i Sogn og Fjordane fram til 1.august i år. 

Problem om det var menn

Styreleiar Arvid Hallén er glad over tilsettingane i torsdagens styremøte. 

— Eg er veldig nøgd med å ha fått på plass ein ny del av oppbemanninga av Høgskulen på Vestlandet. Vi fekk ei veldig god søkarliste, fortel Hallén til På Høyden

Prorektorjobbane blei lyste ut internt først, og styret var så nøgde med søkarane at dei valde å ikkje lyse ut stillingane eksternt. 

Og resultatet blei altså ei rein kvinneleiing. 

— Dette er noe vi har diskutert før avgjerda. Om det hadde vore motsett, med kun menn i leiinga, så ville vi hatt store problem med det. Men no tek vi det som eit positivt uttrykk for at vi har veldig mange gode kvinner på høgskulen. 

Styret brukte halvannan time på tilsetjingane, og innstillinga blei vedtatt samrøystes. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS