Klima og bompengar. No ser det ut til at Folkeaksjonen nei til mer bompenger og Miljøpartiet de grønne ser ut til å verta omlag like store i Bergen. Biletet er frå Klimabrølet på Torgallmenningen, her er det professor Helge Drange som har appell. Foto: Tor Farstad

Sjå valdebatten frå MCB kl. 1330

Kvifor var det nettopp bompengar som vart den store valkampsaka? Forskarar frå UiB deltek i debatt – som du kan sjå direkte her.

Publisert Sist oppdatert

Dersom valresultatet måndag vert som den siste målinga Bergens Tidende presenterer, vert det eit fargerikt fellesskap i rådhuset i Bergen etter valet. Arbeiderpartiet ligg an til å gå mykje tilbake. Miljøpartiet dei grøne kan verta dobbelt så stort som sist, og nykommaren Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) ligg an til å få ja frå nær kvar sjuande person som stemmer.

Valkampen i Bergen har vore prega av ei sak: Bompengar. Det har vore aksjon med lastebilar som køyrer sakte for å visa motstand mot bompengar, og på den andre sida klimademonstrasjonar.

Men kva var det som skjedde? Kvifor vart det nettopp trafikk og bompengar som vart den store saka i dette lokalvalet? Det skal politikarar og forskarar saman prøva å svara på fredag ettermiddag.

Politikarane Trym Aafløy (FNB), Thor Haakon Bakke (MDG), Harald Victor Hove (H), Terje Søviknes (Frp) og Roger Valhammer (Ap) møter UiB-forskarane Bjørn Enge Bertelsen (sosialantropologi), Anne Lise Fimreite (samanliknande politikk) og Håvard Haarstad (geografi).

Debatten er i Media City Bergen klokka 13.30. Men har du ikkje høve til å gå dit, kan du sjå han direkte hos oss.

Powered by Labrador CMS