Studentane på Rena er redde for at Studenthuset Arena Bar skal rivast. Foto: Mari Karenersen

Studentar fryktar riving av studenthuset på Rena

Studentliv. Studentane på Rena ved Høgskulen i Innlandet føler seg taktisk eksluderte av høgskuleleiinga og kommunen kring framtida til deira eige studenthus.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I 2003 kjøpte Studentsamfunnet på Rena det som tidlegare var folkebiblioteket på Rena for 1 krone. Bygget, eit betongbygg frå etterkrigstida, «Studenthuset Arena Bar», har sidan vore ein viktig samlingsarena for studentane på Høgskulen i Innlandet sin campus på Rena.

Vi opplever at vi er utelatne frå vesentlege fora der framtida til det kulturelle tilbodet for studentane på Rena vert avgjort.

Mari Karenersen

No har Åmot kommune ambisjonar om å bygge eit fleirbruksbygg på same tomta som studenthuset, som dei ynskjer skal stå ferdig i 2021. Høgskulen i Innlandet har signert ein intensjonsavtale med kommunen om å disponere 700 kvadratmeter i det nye bygget. Men studentane har ikkje fått signal om det i dei kvadratmeterane inngår rom for eit eventuelt nytt studenthus.

— Vi opplever at vi er utelatne frå vesentlege fora der framtida til det kulturelle tilbodet for studentane på Rena vert avgjort, noko vi opplever som taktisk ekskludering. Slik det er no blir vi berre orienterte om det andre aktørar allereie har bestemt, seier Mari Karenersen, studentrådsleiar på Rena til Khrono.

Fordi studentane opplever at dei blir ekskluderte i saka, vedtok Studentsamfunnet på Rena og Studentorganisasjonen i Innlandet, Rena ein resolusjon i går.

Se også: Les resolusjonen

Studenthuset er med på å forebygge einsemd

Karenersen meiner studenthuset har vore svært viktig i Studentsamfunnet på Rena sitt arbeid med å forebygge einsemd. Studentane si helse- og trivselsundersøking 2018 (SHOT-undersøking) viste at 40 prosent av dei spurte studentane på Rena ofte, eller svært ofte, kjenner seg einsame. Det er 10 prosentpoeng over det nasjonale snittet.

— Etter fadderveka er det fleire som har sagt at det å ha eit slikt hus å gå til er viktig, at det er ein plass der ein kan få nye venner. Difor er vi nøydde å utforme ein resolusjon på eigenhand, når vi opplever at kommunen handlar som om at det er dei som eig bygget, seier Karenersen til Khrono.

— Føler studentane har blitt involverte

Ordførar i Åmot kommune, Ole Gustav Narud (Sp), har ei anna oppfatning av situasjonen.

— Eg føler vi har involvert studentane. Vi har hatt fleire møter med dei i samband med ulike saker, seier Narud til Khrono.

Han er oppteken av å presisere at det ikkje er vedteke at studenthuset skal rivast og at planane om eit fleirbruksbygg framleis ikkje er sett i live. Det er fleire partar som må gi klarsignal på at dei ynskjer å gå inn som leigetakarar først.

Direktør ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved Høgskulen i Innlandet, Anne Christel Johnsgaard.

— Om bygget skal rivast, så må vi sjølvsagt inngå ein avtale med studentane om det, sidan dei eig bygget. Eg er ganske overraska over at dei ikkje er kjende med det, legg Narud til.

Direktør ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved Høgskulen i Innlandet, Anne Christel Johnsgaard, seier at dei hadde opplyst studentane om det hadde skjedd noko nytt i prosessen.

— Blir planane om fleirbruksbygget meir handfaste, så vil vi høyre med studentar og tilsette kva dei meiner dei har behov for. Så langt har eigedomsdirektør og rektor signert ein intensjonsavtale, men eg forventar at vi lokalt vert meir involverte i prosessen når det gjeld bruksområde til dei kvadratmeterane vi eventuelt skal leige, seier Johnsgaard.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS