Regjeringa vil løyve pengar til ti nye studieplassar til Nord universitet sin innovasjonscampus i Steinkjer. Bilete er frå då rektor Hanne Solheim Hansen ynskte velkomen til dei nye studentane ved studiestart. Foto: Andreas Buarø

Nye studieplassar til Nord universitet

Studieplassar. Regjeringa støttar Nord universitet si satsing på grøn berekraft og foreslår ti nye studieplassar i statsbudsjettet for 2020.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Innovasjonsbygget InnoCamp under den offisielle opninga den 30. august. Foto: Thomas Jergel, Camerat

— Det skjer mykje spennande gjennom Nord universitet si satsing på grøne fagmiljø og grøn vekst ved campus i Steinkjer. Vi bidreg difor med pengar til fleire studieplassar, og fullt bygd ut vil dette bety 40 nye studieplassar, sa forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) fredag i førre veke, ifølgje ei pressemelding.

Dette gjer at vi får moglegheit til å bygge og utvikle fagmiljøet vårt vesentleg og betre studiemiljøet i Steinkjer betydeleg.

Ketil Eiane

Fakta

Fakta om InnoCamp

  • Ein innovasjonscampus til nesten 500 millionar kroner.
  • Golvflate på 15.000 kvadratmeter.
  • Husar 950 studentar og 100 tilsette ved Nord universitet samt 37 bedrifter og institusjonar.
  • Offisielt opna den 30. august 2019.

Dei nye studieplassane ved campus i Steinkjer kjem godt med, då Nord universitet har sett seg som mål om å bli ein nasjonal motor innanfor forsking og utvikling knytt til bioøkonomi og grøn berekraft.

Ketil Eiane, dekan ved Fakultet for biovitskap og akvakultur, meiner at dei nye studieplassane er godt nytt for både Nord universitet og fakultetet.

— Dette gjer at vi får moglegheit til å bygge og utvikle fagmiljøet vårt vesentleg, bygge meir kunnskap, skape meir innovasjon og betre studiemiljøet i Steinkjer betydeleg, seier Eiane.

Opna innovasjonsbygg

Nyheita om løyvinga kom same dagen som universitetet hadde offisiell opning av innovasjonsbygget InnoCamp. Eit signalbygg med ein prislapp på rundt 500 millionar kroner som ligg midt i Steinkjer sentrum.

I bygget på 15.000 kvadratmeter skal 950 studentar og 100 tilsette boltre seg saman med 37 andre bedrifter og institusjonar. Målet er å få til eit godt samspel mellom næringsliv, forsking og utdanning, skriv Nord universitet på sine nettsider.

Fleire budsjettlekkasjer

Løyvinga om dei ti nye studieplassane til campus i Steinkjer føyer seg inn i rekka av lekkasjer frå statsbudsjettet for 2020 som har kome den siste tida: Tidlegare i august vart det klart at Nord universitet får pengar til Blått bygg i Bodø, Nybø reiste også til Volda ved studiestart og gav klarsignal for nytt mediehus til Høgskulen i Volda.

Måndag denne veka hadde ministeren pressekonferanse saman med UiO-rektoren og dryssa ut 35 millionar kroner til oppstart for bygging av eit nytt museum for vikingskipa.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS