Å vere leiar er risikosport, men ingen skal behandlast slik avdelingsleiaren i Volda er blitt for open scene, skriv Ottar Grepstad om handsaminga av dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Foto: Høgskulen i Volda

Ottar Grepstad: Kva gjekk gale på Høgskulen i Volda?

Volda. Nynorsknestor Ottar Grepstad, er sterkt kritsk til leiinga ved Høgskulen i Volda og deira behandling av konflikten rundt dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Mange leiarar har svikta over lang tid, skriv han.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Seks veker etter at det small, er det blitt stille om høgskulesaka i Volda. Det er stramme grenser for å drøfte personalsaker offentleg, men i konflikten ved Avdeling for mediefag har både leiing og tilsette sagt mykje offentleg. Det som er offentleg kjent, gir grunn til ettertanke.

I førstninga såg det ut til å handle om at dekanen Audhild Gregoriusdotter Rotevatn hadde gjort dårleg arbeid. Etter kvart endra det biletet karakter. Høgskuleleiinga sa at arbeidsmiljøproblema i avdelinga var der lenge før Rotevatn tok til som dekan hausten 2016. Over år var handleturar i Volda nok til å vite nettopp det frå eit miljø der langt frå alle er plaga av sterk lojalitet, raus kollegialitet og ryddig rolleforståing. Det blei stadfesta i ei pressemelding der Forskarforbundet ved høgskulen kritiserte det ein kalla «fraksjonar i staben».

Kva som ikkje blei gjort i alle dei år før Rotevatn tok til, er vel så relevant som kva ho har fått utretta på tre år.

Ottar Grepstad

I sum tyder dette på klikkar og grupper som har utøvd uformell makt. Då er vegen kort til fryktkultur. Det må nokon ha visst og sett gjennom fingrane med. Dermed har mange leiarar svikta over lang tid. Kva som ikkje blei gjort i alle dei år før Rotevatn tok til, er vel så relevant som kva ho har fått utretta på tre år.

Det har kome fram at Rotevatn sette i verk fleire store endringar i avdelinga. Generelt er akademikarar som folk flest og neppe meir endringsvillige enn andre. Viss oppsummeringa ovanfor er dekkjande, vil det seie at den uformelle makta blei utfordra.

Då gjeld det å lytte, gå sakte fram og gjennomføre tydelege prosessar som aldri opnar for omkampar. Den leiaren finst ikkje som ikkje før eller seinare trør feil her, og jamvel den mest sjølvsikre forskaren treng å bli sett. Til no har høgskuleleiinga sagt lite om kva ryggdekning og støtte dekanen fekk i praksis i det som må ha vore ein slitande ryddesjau.

Dette kastar nytt lys over den arbeidsmiljøundersøkinga som blei gjennomført i avdelinga før ferien. Når krisa først er der, veit leiarar flest at undersøkingar med anonyme svar lett nører opp under det negative og gir eventuelle fraksjonar høve til å samordne svar. Derimot kan svara gi ei leiing den dokumentasjonen ein ønskjer for å skjere gjennom.

Når arbeidsmiljøproblema har vore der lenge, trur iallfall ikkje eg på anna enn ansvarleggjering. Kvar og ein skal få seie det ein vil, ansikt til ansikt i samtalar med høve til oppfølgingsspørsmål som motverkar samsnakk på førehand.

Frå forhandlingar høyrer allmenta sjeldan noko før avtalen er signert. Riksmeklingsmannen er ein studie i kunsten å unngå å seie noko som kan forvanske drøftingane. Under den siste Norwegian-streiken prøvde Bjørn Kjos det motsette, og det kosta selskapet dyrt. I Volda har rektor sagt at det ikkje er normalt at partar snakkar saman gjennom advokatar. Jo, når ein konflikt har nådd eit visst nivå, er advokatar den beste måten å løyse saka på. Kommentaren hans blir i røynda ein kritikk av motparten og gjer berre vondt verre.

Aller mest handlar saker som dette om tillit. Den mistar ein viss ein ikkje snakkar sant og følgjer spelereglane for ryddig personalforvaltning. Då høgskulestyret drøfta saka 29. juli, kom det lekkasjar alt før møtet var ferdig. Eit styre som held på slik, riv ned både tillit og respekt. I slike saker er det alltid berre styreleiaren som snakkar, og alltid berre offentleg.

Den offisielle meldinga etter styremøtet var at Rotevatn skulle halde fram i stillinga. Etter kort tid var det kjent at ein person alt før møtet var spurd om å ta over som dekan. Den personen fann det jamvel på sin plass å seie det offentleg. Ikkje noko av dette har med profesjonell leiing å gjere.

Rektor kunne ha sagt: «Dette er ei personalsak, og vi har ikkje noko å seie før saka er løyst.» Så fekk heller tilsette vise kva dei har forstått om etikk. I staden tok det eine ordet det andre, leiinga bretta ut detaljar i e-post til alle tilsette i avdelinga, og ulike aktørar har ved fleire høve sagt mykje meir enn ein bør, skal og må. Det toler høgskulen sjølv om saka er blitt ein snakkis langt utanfor Sunnmøre, men det råkar den som i slike saker er den svakaste parten – den eine medarbeidaren.

Å vere leiar er risikosport, men ingen skal behandlast slik avdelingsleiaren i Volda er blitt for open scene. Difor tok eg her ordet i ei sak der både høgskuleleiing og tilsette har mykje ugjort, og som det nye styret ved høgskulen kan rydde opp i. Berre så ingen skal få noko å baksnakke om: Dette har eg skrive på eige initiativ utan at nokon bad om det.

Og ein ting til. Eg har aldri hatt personalansvar for Rotevatn og var heller ikkje referanse då ho søkte stillinga som dekan.

3. september kl. 18:18: Innlegget er oppdatert med siste setninga for å tydeleggjere at skribenten ikkje har hatt personalansvar eller vore referanse for Rotevatn.

5. september kl. 11:52: Rotevatn var dagleg leiar og redaktør i Allkunne AS frå 9.8.2010. Selskapet hadde eige styre, og Rotevatn rapporterte til styret. Grepstad var ikkje referanse då Rotevatn søkte stillinga som dekan. Allkunne AS blei avvikla 31.7.2016 og var frå 1.8.2016 ei vanleg driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Rotevatn hadde då sagt opp stillinga si med verknad frå 1.9.2016 og var dermed underordna Grepstad i august. Omorganiseringa gjorde at Grepstad skreiv sluttattesten for Rotevatn.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS