Dekan-gruppa ved UiB vil sjå annleis ut etter sommaren: Asbjørn Strandbakken (frå venstre) og Jarle Eid stiller som kandidatar igjen, mens Nina Langeland sluttar. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Stor utskifting av dekanar i Bergen

Dei viktige dekanstillingane ved Universitetet i Bergen er i spel i vår.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er ikkje berre rektorval som skal gjennomførast ved Universitetet i Bergen (UiB) i løpet av dei kommande månadane: Dei sju dekanane skal veljast eller tilsetjast på nytt. Og ettersom dei ulike fakulteta i stor grad styrer seg sjølv, er samansettinga svært viktig for kva kurs universitetet skal halde.

Juss: Stiller til attval

På Det juridiske fakultetet har Asbjørn Strandbakken allereie vore dekan i to periodar, kvar på fire år. Ifølgje valreglementet kan ein person vere dekan i maksimalt tolv år, og dermed kan Strandbakken ta endå ein periode.

— Vi jobbar for å sjå om det er grunnlag for å fortsetje på same måten. Det er veldig viktig å vere lydhøyr for dei strøymingane som gjelder, og sjå seg sjølv som ein tillitsvald for dei tilsette, for det er det ein er, seier Strandbakken til På Høyden.

Han vil altså stille til val som dekan ein gong til. Å betre økonomien for fakultetet er ein av dei langsiktige prosessane han gjerne vil føre i hamn.

Vi har ein dårleg økonomi på fakultetet, og det er litt dårleg gjort å overlate slikt til nokon andre.

Asbjørn Strandbakken

— Vi har ein dårleg økonomi på fakultetet, og det er litt dårleg gjort å overlate slikt til nokon andre. Eg er ganske sikker på at vi innan 2021 er eit fakultet i balanse, seier Strandbakken.

Han veit ikkje om han får motkandidatar denne gongen, men det var ingen ved førre val, i 2013.

— Å vere dekan er ein veldig spesiell jobb fordi det er over og ut med forsking. Du parkerer på mange måtar den faglege karrieren din. Det er med på å gjere det ikkje fullt så attraktivt, seier Strandbakken.

Mat.-nat.: Spennande, men lange kveldar

På Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har Helge K. Dahle sete som dekan i sia 2013, då han tok over etter Dag Rune Olsen. Fakultetet har vald ordninga med tilsett dekan.

– Dekanstillinga er ikkje lyst ut enno, men eg vurderer å søke. Det kjem litt an på kva som skjer på Muséplass, seier Dahle.

Han var visedekan under Dag Rune Olsen, og det er allment kjent at samarbeidet mellom dei er godt.

— Det har vore spennande og utfordrande å vere dekan, seier Dahle, som professor i matematikk.

Men klatraren og fjellmannen i han ser argument både for og imot:

— Å vere dekan er ein jobb som gir lite fritid og lange kveldar. Eg skulle gjerne hatt tid til meir forsking, og eg saknar studentane, og om du skal på tur må du planlegge det godt. Men samtidig får du vere med på veldig mykje spennande, og vere med på å bestemme framtida til institusjonen, seier Dahle.

Meir fagleg utvikling

Han synest ikkje leiarar i slike stillingar bør sitje alt for lenge.

— Eg trur det er veldig sunt at dekanar har åremålsstillingar. Men fire år er kanskje i kortaste laget for å få gjort noko. Fakultetet er jo i ei omstilling på personalsida, og vi jobbar med økonomien. Eg trur òg vi har ganske mykje å gå på når det gjeld fagleg utvikling, og vi må bli flinkare til å hente inn senter på fakultetet, seier Dahle.

HF: Kan bli prorektor

Ved Det humanistiske fakultetet (HF) har Margareth Hagen vore dekan i fire år, men ho stiller no som prorektorkandidat saman med rektorkandidat Dag Rune Olsen. Så langt har ingen dekankandidatar tredd fram ved fakultetet.

— Det blir snakka om det rundt i miljøa, men eg kjenner ikkje til nokon kandidat. Men eg håper det stiller gode kandidatar med både helse, hjarte og hjerne. Vi har jobba tett saman med administrasjonen, og det håper eg at det neste dekanatet gjer òg, seier Hagen til På Høyden.

KMD: Vald eller tilsett?

På det nye Fakultetet for kunst, musikk og design (KMD) er Gerd Tinglum mellombels dekan. Fakultetsstyret har enno ikkje avgjort om dei skal ha tilsett eller vald dekan, så det spørsmålet må først avgjerast. Men frå 1. august skal uansett ein ny dekan vere på plass.

— For oss er det mykje nytt, seier Tinglum.

Ho vil enno ikkje seie om ho ønskjer å ha dekanjobben på lengre sikt.

— Det vil eg svare på når prosessen er på gang, seier Tinglum til På Høyden.

SV: Helland gir seg

Knut Helland har allereie bestemt seg:

— Eg har vore dekan i to periodar. Det er ikkje bra verken for meg eller fakultetet at eg sit for lenge, seier Helland.

Heller ikkje på dette fakultetet har nye dekankandidatar gitt seg til kjenne.

Psykologi: Ser framleis utfordringar

Ved Det psykologiske fakultetet har Jarle Eid vore dekan sidan 2010, då han tok over etter Gerd Kvale. Eid byrja som prodekan saman med Kvale i 2009. Derme har han vore dekan i snart sju år, men kan stille til val i ein periode til.

— Eg er vel der at eg tenkjer at det er såpass mykje interessante og spennande ting som er sett i gang at det er aktuelt å tenke seg ein fireårsperiode til.

Han ser framleis utfordringar for fakultetet.

— Det er mykje som kan gjerast. Det vi har gjort hos oss no er å jobbe med struktur og omleggingar. I første perioden min gjeninnførte vi instituttnivået. I perioden vi er inne i no har vi bygd om mange studieprogram. Men fleire av desse har potensial til å utvikle seg vidare. Så det er mykje spennande å jobbe vidare med, seier Eid, som uansett utfall av dekanvalet ser fram til ein diskusjon rundt prioriteringar og vegval framover.

Heller ikkje på dette fakultetet har det kome offisielle motkandidatar til Eid så langt.

MOF: Langeland går ut

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MOF) har Nina Langeland vore dekan i to periodar, og ho vil ikkje sitje i ein ny periode.

Dermed må ein finne ein annan kandidat, og på MOF blir dekanen eller dekana tilsett. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS